nyhende
– Det blir Kypros-tur
– Det blir Kypros-tur! Og det er enno plass til fleire, seier dagleg leiar i Sveio frivilligsentral Guro E. Røher.
Frivilligsentralane i Sveio og Etne arrangerer tur til Kypros frå 26. oktober til 9. november, altså to veker. I utgangspunktet var føresetnaden eit minimum på 25 deltakarar. Det har berre meldt seg 22 deltakarar så langt. Dette talet har altså ikkje endra seg sidan sist Vestvind snakka med Røher.
– Men me har hatt nokre førespurnader frå folk som kan tenkja seg å vera med berre ei veke, og fått avklart at det er mogleg. Dei som berre vil vera med ei veke, må sjølve syta for transport frå Flesland og heim, seier ho.
Turen går nemleg med fly frå og til Flesland. For dei som blir med på heile opplegget, altså to veker, ordnar frivilligsentralane med felles busstransport til og frå flyplassen.