nyhende

Open brannstasjon er svært populært. Her frå eit tidlegare arrangement.
Open brannstasjon er svært populært. Her frå eit tidlegare arrangement.

Det blir ikkje open brannstasjon i år

Denne veka er det «Brannvernveka» over heile landet, og eit populært innslag er open brannstasjon laurdagen. Det blir det ikkje i år.

Publisert Sist oppdatert

Haugaland brann og redning iks (HBR) har tradisjonelt delteke med å opna dørene på fleire av sine 15 brannstasjonar.

Dette året ser dei seg dessverre nødt til å redusera aktivitetsnivået då dei ikkje har tilgjengelege midlar til å bli med på alle dei nasjonale kampanjane for branntryggleik. Ein konsekvens av dette er at det ikkje blir arrangert open brannstasjon i Sveio, Vindafjord, Tysvær, Bokn, Karmøy eller Utsira, skriv dei i ei pressemelding.

Aukar om hausten

Samstundes minner HBR om at det ikkje er tilfeldig at brannvernveka blir arrangert om hausten. Då går me inn i årstida der antal bustadbrannar vanlegvis aukar. Kvar og ein av oss treng ei påminning om branntryggleik før me skrur på varme og belysning, tenner levande lys og fyrer i omnen.

Om det skulle begynna og brenna, gjeld det å gjera dei riktige tinga raskt og i riktig rekkefølge. All erfaring viser at det nyttar å øva. Mange liv og store verdiar har blitt redda frå brann fordi dei involverte hadde trent på korleis dei skulle opptre.

Oftare øvingar

Målet med brannvernveka er å inspirera til oftare og betre kvalitet på brannøvingar på arbeidsplassar, i barnehagar, skular, institusjonea og i heimane.

HBR oppfordrar alle til å melda frå om forhold som kan føra til brann eller som utgjer ein risiko i tilfelle brann. Tips sender du via branntips.no.

Powered by Labrador CMS