nyhende

baby nyfødd nyfødt
65 nye sveibuar kom til verda i 2020. Det er langt frå nok til å utgjera ein babyboom, men likevel ein god oppgang frå året før.

Det blei fødd fleire babyar i 2020 enn året før

Publisert Sist oppdatert

I fjor blei det fødd 65 nye sveibuar, det er 14 fleire enn i 2019, og omtrent likt som i 2016.

– Noko babyboom er det ikkje, fastslår leiande helsesjukepleiar i Sveio, Grethe Natås. Ho refererer til superåret 2011 med heile 89 nye sveibuar, noko som er 24 fleire enn fjoråret.

I motsett ende av skalaen kjem 2019, det året blei det berre fødd 55 born i Sveio. Det var ein stor nedgang frå 2018 då talet var 76, men nokså likt som i 2017 då talet på nye sveibuar var 56.

Sveio kan heller ikkje påberopa seg noko nyttårsbarn. Årets nyttårbarn i Vestland, blei vesle Milly Sophi som kom til verda på Haugesund sjukehus klokka 09.02 første nyårsdag. Foreldra Ane Victoria Gjersvik (35) og Thomas Huse (43) bur på Stord, ifølgje bladet Sunnhordland.

Powered by Labrador CMS