nyhende

– Det blei eit heidersmerke å vere Grini-fange

Rundt 20.000 fangar var innom Grini fangeleir under andre verdskrigen. Historiene deira er med på å minne oss på viktigheita av dei demokratiske verdiane samfunnet vårt er tufta på.

Publisert Sist oppdatert

– Etter krigen var det ei heidersmerking å ha vore fange på Grini. Difor bytte òg fangeleiren namn frå Grini til Ilebu då krigen var slutt.

Det fortel stadsansvarleg Søren Aagaard Rasmussen ved Grinimuseet i Bærum til Nynorsk pressekontor.

Under krigen var dette huset ein del av fangeleiren på Grini i Bærum. I dag er det hovudbygget til Grinimuseet.

Trugslar og delegering

Grini var opphavleg planlagt og bygd som eit kvinnefengsel, men blei frå 1940 teken i bruk som interneringsleir for norske offiserar og seinare krigsfangeleir av okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen. Fangeleiren hadde gjennom krigsåra om lag 20.000 fangar innom. På det meste sat det cirka 5500 personar bak murane. Dette var folk frå heile landet og utlandet – som på ein eller annan måte hadde gjort seg skuldige i det tyskarane oppfatta som illegalt arbeid, som distribusjon av illegale aviser, etterretningsverksemd eller flyktninghjelp.

I hovudbygningen, som i dag utgjer Ila fengsel og forvaringsanstalt, blei det fort fylt opp – og det blei difor bygd ut ein leir med brakker på baksida av bygningen.

– Vaktkorpset til tyskarane utgjorde cirka 80 mann. Til 5000 fangar er ikkje det særleg mange, så tyskarane delegerte oppgåver nedover. Fangane som fekk ekstra ansvar fekk òg fleire privilegium. Det var ein måte handtere kjempemange fangar på med relativt få vakter, fortel Aagaard Rasmussen.

Inne i museet er det innreidd eit rom slik det såg ut i nokre av fengselscellene i Grini fangeleir.

Okkupasjonsmakta var òg avhengig av å drive skremselspropaganda for å hindre dei innsette frå å rømme.

– Dei fortalde at for kvar fange som rømde frå anstalten kom dei til å skyte 20 vilkårlege fangar. Det skjedde rømmingar, men tyskarane gjennomførte aldri trusselen. Likevel var nok redsla ein stor grunn til at ikkje fleire prøvde å finne ein veg ut, seier Aagaard Rasmussen.

Av alle som sat på Grini var det om lag 800 som døydde – cirka 600 av dei etter å ha blitt frakta vidare til leirar lenger sør i Europa. Av dei som døydde i Noreg vart 140 frakta ut av leiren og skotne, åtte fangar blei òg skotne inne i leiren, nokre døydde av sjukdom og nokre av utmatting.

– Dødsraten var relativt låg samanlikna med andre fangeleirar i Europa, fortel museumsleiar Aagaard Rasmussen.

20.000 historier

Ei av brakkene frå fangeleiren er i dag innreidd som museum og plassert eit lite steinkast frå Ila fengsel og den opphavlege fangeleiren. Den autentiske brakka minner oss om dei kummerlege forholda desse fangane levde under.

– Utstillinga «20.000 fangar – 20.000 historier» skal vise til at kvar einaste Grini-fange hadde ei heilt unik historie og det er noko vi ønskjer å få fram i opplevingane her på museet, seier Aagaard Rasmussen.

På vandring gjennom den gamle fangebrakka kan du mellom anna sjå korleis ei isolasjonscelle såg ut, korleis brakkene var innreidde og bli kjent med historiene til enkelte av fangane. Det er òg lagt opp til at du som besøker museet kan få interaktive opplevingar – der du mellom anna blir stilt overfor ulike dilemma motstandsfolk måtte ta stilling til gjennom krigsåra.

– Ei litt underkommunisert historie er at det òg var mange kvinner som sat fengsla på Grini. Difor har vi ein eigen del av museet dedikert til desse kvinnene.

I 2022 blei det gjort intervju med dei attlevande fangane frå Grini fangeleir. Framfor museumsbygningen kan du lese om lagnaden deira.

Krig og demokrati

Verda er meir uroleg enn på lenge og tidsvitna frå andre verdskrigen er det ikkje mange att av. Grinimuseet og andre liknande etablissement har difor ei ekstra viktig oppgåve når det gjeld undervisning og opplæring. Det speglar òg igjen i besøksregisteret til museet. Eit klart fleirtal av dei besøkande er skuleelvar som kjem til Grini for å lære.

– Distansen mellom barna og ein krig som skjedde for åtti år sidan blir større og større. Det er noko vi må jobbe med når vi skal gjere formidlinga tilgjengeleg. Fundamentalt sett var krigen ein kamp mellom eit diktatur og eit fritt demokrati. Den historia vil alltid vere relevant og aktuell og det må vi få fram, fortel Søren Aagaard Rasmussen.

Han trekker parallellar til angrepskrigen vi ser i Ukraina no.

– Der vil ein aggressiv diktatorisk stat øydeleggje eit demokrati. Vi må vite korleis vi kan motarbeide desse totalitære tankesetta og korleis vi kan unngå at ungdommane våre blir radikaliserte, seier Aagaard Rasmussen.

Det var ikkje uvanleg at ulike ting blei smugla inn og ut av fengselet. Desse ampullane blei brukt til å smugle ting i kroppsopningar.

Vil ha fleire besøkande

Kvart år reiser tusenvis av norske skuleelevar til konsentrasjonsleirar i Sentral-Europa for å lære om det grufulle som fann stad der under andre verdskrigen. Trass i at fangelivet lenger sør i Europa var meir brutalt enn på Grini, er det nok av eksempel på at forferdelege ting òg skjedde i vårt «eige nabolag». Grinimuseet samarbeider derfor med dei to største selskapa som arrangerer skuleturar til konsentrasjonsleirane.

– Mange skular ønskjer å ha eit besøk her hos oss som ein del av undervisningsopplegget sitt. Gjennom Den kulturelle skulesekken har vi inngått avtalar med Bærum kommune, Oslo kommune og Akershus fylkeskommune. Vi ser òg at skuleklassar frå andre delar av landet gjerne legg ein tur hit dersom dei likevel er i Oslo-området, fortel Aagaard Rasmussen.

Grinimuseet ønskjer likevel å ta i mot fleire skuleelevar.

– Besøk i konsentrasjonsleirane er sjølvsagt viktig, men det er absolutt mykje å lære av å besøkje fangeleirane her heime òg. Eg er absolutt ikkje framand for at ein tur hit bør vere obligatorisk når du sluttar i tiande trinn, avsluttar Søren Aagaard Rasmussen.

Fangane på Grini måtte forhalde seg til ei mengde reglar. Her ser vi kva dei måtte tenke på når dei skulle skrive brev.
Powered by Labrador CMS