nyhende
Det blei 43 færre sveibuar i fjor
I fjor hadde Noreg den største folketalsveksten sidan 2012 syner tal frå SSB. Sveio er einaste kommune i Sunnhordland med nedgang i folketalet.
Ved inngangen til 2023 var folketalet i Noreg 5.489 000 personar. Folkeveksten enda på 63.700 i 2022.
Statistikken syner ein auke i dei aller fleste kommunar, medan folketalet gjekk ned i 10 vestlandskommunar. Sveio har størst nedgang av desse. Etter tredje kvartal var det blitt 53 færre sveibuar. Siste kvartal gjekk i pluss med 10, slik at 2022 enda med ein nedgang på 43 personar.
Sveio er einaste kommune i Sunnhordland med nedgang, og kommunen tel no 5.732 sveibuar ifølge SSB.
Noreg fekk 4.913 fleire vestlendingar i fjor, og folketalet i fylket er no 646.205. Størst auke var det i Bergen og dei store omlandskommunane Bjørnafjorden, Øygarden og Alver.