nyhende

Monica er saksbehandlar på Sveio skule og gjer litt av alt.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Monica er saksbehandlar på Sveio skule og gjer litt av alt.

— Det beste minnet her i frå trur eg må vere då me kjempa for skulen og brant vardar

Monica Nyland Jacobsen er denne vekas gjest i spalten «— Hei, sveibu!»

Publisert Sist oppdatert

— Hei, sveibu!

Namn: Monica Nyland Jacobsen

Alder: 59

Bustad: Auklandshamn

Yrke: Saksbehandlar

— Kva gjer du til dagleg? 

— Då er eg på skulen her og får den til å gå rundt. Eg er saksbehandlar og har noko å gjere med det meste. Alt i frå IT-hjelp, plaster på såret til dei som skadar seg, til innkjøp.

— Kva er det beste med å vere sveibu?

— No er jo eg innflytta frå Flekkerøya på Sørlandet, men det må vere at eg trivast her. Eg har budd her sidan 1982.

— Er det noko du saknar i Sveio? 

— Kanskje klima? Litt meir stabile somrar. Og litt finare vegar ut i distrikta.

— Kva er ditt beste Sveio-minne? 

— Når eg er ute i naturen her, me har flotte løypar rett ut i frå heimet. Men det beste minnet her i frå trur eg må vere då me kjempa for skulen og brant vardar. Då det var fare for at dei skulle leggje ned småskulane. Det synast eg var veldig sterkt, dette samhaldet som kom fram då.
Me var oppe med hovudlykter på Tindafjell om kvelden og då kunne me sjå båla på Trollevassnibba, innpå Liereid, på Dreng i Førde, på Nappholmane, og så kunne me sjå lyset frå Nipen. Så det var ganske tøft. Då traska me gjennom skogen med hovudlykter for å kunne sjå, og me hadde me kakao. Då kjente eg eit unisont samhald her.

— Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?

— Alle som jobbar her på skulen, fordi dei gjer ein utruleg jobb. Både gjennom korona og krisa der me har hatt få folk å gå på, dei gjer ekstra innsats for at det skal gå rundt.

Powered by Labrador CMS