nyhende
– Det beste er sommarferiane på hytta til besteforeldra på Eltravåg
Vekas sveibu jobbar for ein av Sveio sin største arbeidsplassar.
– Eg jobbar som stikningsleiar i Birkeland AS. Det vil seia at eg driv med landmåling og liknande.
– Kva gjer du til dagleg?– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Sveio er sentralt, men er likevel nære naturen. Det er til dømes kort veg til Vigdarvatnet.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Nei, eg føler me har det meste.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Det beste minnet må vera sommarferiane som me hadde på hytta til besteforeldra mine i Eltravåg.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Alle dei som stiller opp som frivillige for barn og ungdom.