nyhende
Det 300 år gamle altarteppet har fått ny levetid
Med nyrenovert altarteppe blir ein kulturhistorisk skatt henta fram i lyset i Valen kapell. Og rekninga på 160 000 kroner er det Riksantikvaren som tek seg av.
Eit antependium er eit vevd eller brodert teppe som smykkar framsida til altarbordet. Teppet i Valen kapell er i raud fløyel med metallbroderi av to våpenskjold – det eine med bokstavane «FLS» over, det andre med bokstavane «CKK» over. Under står årstallet «1695».
Over 300 år
– Antependiet frå Valen kapell var eit interessant objekt å jobba med. Det er over tre hundre år gamalt og svært skjørt. Behandlinga me utførte blei spesialutvikla for å behandla skaden og samstundes bevara så mykje av originalmaterialet som mogleg. Reingjeringa blei utført nøye for å fjerna smuss akkumulert over 300 år, samstundes som risikoen for skade på gjenstanden blir så liten som mogleg.
Materialar og teknikkar blei vald etter å ha testa effektiviteten og vurdert korleis dei vil støtta det originale materialet i framtida, opplyser tekstilkonservator Philippa Moxon ved Bevaringstenestene ved Museumssenteret i Hordaland.
Metallet glitrar igjen
Ifølgje Moxon er bokstavane og tala laga av metallband. Metalltrådane blei reingjort etter ein spesiell teknikk som fjerna svart smuss. Dette fekk fram gullfargen på trådane.
– Det var spennande å sjå gulltrådane under mikroskopet og å kunne få desse fram igjen, etter dagar med forsiktig reingjering, seier tekstilkonservatoren.
Fôret er av lin. Det er fem delar av fløyelsstoff sydd saman langs jarekantane. Det har vore falda og sydd saman i kantane for å passa til altaret. Mål på teppet etter konservering er 96 x 219 centimeter. Metalltrådane er laga av sølv, i nokre område er metallet gullfarga.
Skjolda med fugle- og kronedesign er brodert ned i eit stoff nummer to på baksida. Støttestoffet av lin blei sydd til baksida av fløyelsstoffet med tynn polyestertråd.
Valen kapell
Sveio Kyrkjelege Fellesråd har fått altarteppet restaurert ved tilskot frå Riksantikvaren. Restaureringa har vore gjennomført av Museumstenestene i Hordaland og torsdag denne veka skal det monterast på plass att.
Valen har truleg vore kyrkjestad frå før 1350, og noverande kapell, bygd som soknekyrkje i 1707 erstatta ei gamal stavkyrkje som stod på staden.
Opp gjennom historia har kapellet vore flytta fleire gonger og hatt ulike eigarar. Etter at Kong Fredrik den 4. selde kyrkja i 1723, skifta ho eigar ei rekkje gonger, før soknet vederlagsfritt fekk kyrkja si tilbake i 1830. I 1872 vart ho erstatta av ei ny og større kyrkje på Ulveraker, noverande Valestrand kyrkje. Kapellet vart rive i 1874 og bygd opp att som skule i Ørevik. I 1938 fekk Ørevik krins ny skule, og i 1940 vart gamleskulen riven og ført opp att som kapell på Valen.