nyhende
Dessverre har ikkje alle fått påskeavisa
Me har verkeleg gledd oss til å få ut årets påskeavis til lesarane våre, men framleis er det nokon som ikkje har fått den. Me beklagar dette så mykje!
Oppdatering måndag: Posten har funne pakken og leverer i dag ut til dei som ikkje har fått.
Årsaka til manglande levering er at distribusjonen har rota det til med ein pakke på 100 aviser. Dei meldte frå i går om at avisene ved ein feil var levert til Stord, og lova etterlevering seinast i dag, fredag. No melder Posten at dei ikkje finn avisene, men leitar vidare. Om og når avisene dukker opp er difor usikkert.
Vestavind har sjølv ordna levering til Øvre og Nedre Fjellstad. Postbudet var å henta nesten alle avisene me hadde til overs på kontoret for levering i dag. Trykkeriet sender ekstra aviser for utlevering måndag. Me har nokre få aviser som kan hentast på Vestavind-kontoret i 2. etasje i Sveiogata 72, i dag fredag fram til klokka 15.30, neste veke måndag og tysdag mellom 09.00 og 15.00.
Om du vi melda frå, ring 53 74 01 80 og vel generelt eller send oss e-post: post@vestavind-sveio.no
Du kan også lesa avisa som e-avis her.