nyhende

John Deere blei det mest registrerte traktormerket i Noreg i 2022, og fekk ein marknadsdel på 23,2 prosent.FOTO: FELLESKJØPET AGRI
John Deere blei det mest registrerte traktormerket i Noreg i 2022, og fekk ein marknadsdel på 23,2 prosent.

Desse traktorane selde mest i året som gjekk

John Deere blei det mest registrerte traktormerket i Noreg i 2022, og fekk ein marknadsdel på 23,2 prosent.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Med totalt 661 registrerte traktorar frå John Deere vart Felleskjøpet nummer éin i marknaden også i 2022. John Deere aukar også marknadsdelen frå året før, og er marknadsleiar på traktor for andre år på rad, viser den ferske statistikken frå Opplysningskontoret for vegtrafikken.

– Vi gjekk inn i eit fjorår der pandemien framleis skapte store ringverknader. Krigen i Ukraina førte til nye utfordringar. Trass alt dette, har våre tilsette gjort ein formidabel jobb, og vi landar som marknadsleiar med ein andel på 23,2 prosent, seier konserndirektør Frode Dahl i Felleskjøpet Agri i ei pressemelding.

I november 2021 vart den nye 6R-serien frå John Deere verdslansert under Agroteknikk på Lillestrøm, noko som skapte stor etterspurnad. Dei første modellane frå den nye 6R-serien vart levert i haust, og er dermed ikkje inne blant mest registrerte traktorane i fjor.

Til saman vart det registrert 2.849 traktorar i Noreg i 2022, ein auke frå 2.689 året før.

– Det er gledeleg å registrere at optimismen er tilbake i traktormarknaden etter eit par år med tilbakegang. Samtidig ser vi også at den store satsinga vår på presisjonsjordbruk saman med John Deere ber frukter. Dette gir inspirasjon vidare, og vi må sjølvsagt rette ein stor takk til kundane våre. No ser vi fram til eit 2023 med stor optimisme, seier Frode Dahl.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS