nyhende

Oppe til venstre: Bernhard Endseth Nerland (Sveio Venstre), Lars Petter Lie (Sveio Høgre), Liv Kari Eskeland (Høgre) og Andre Mundal Haukås (Sveio Høgre).Nede frå venstre: Ole-Ørjan Hov (Sveio MDG) og Olav Østebø Olsen (Sveio SV). Foto: Morten Vågset Møller / Privat
Oppe til venstre: Bernhard Endseth Nerland (Sveio Venstre), Lars Petter Lie (Sveio Høgre), Liv Kari Eskeland (Høgre) og Andre Mundal Haukås (Sveio Høgre).Nede frå venstre: Ole-Ørjan Hov (Sveio MDG) og Olav Østebø Olsen (Sveio SV).

Desse sakene løftar lokalpolitikarar frå SV, Venstre, Høgre og MDG før valet

Kva vil partia satse på framover? Me har snakka med lokalpolitikarar og nokre stemmer frå fylket for å finne ut kva dei meiner er dei viktigaste sakene i tida som kjem.

Publisert Sist oppdatert

Sosialistisk Venstreparti (SV)

, kommunestyrerepresentant for Sveio SV.

– Ei grøn og rettferdig omstilling. Me må stansa nedbygginga av natur og tap av naturmangfald. Motorvegprosjekta som for tida er under planlegging i regionen vår vil bli nokre av dei største naturinngrepa i norsk historie. Både kostnadane og klimagassutsleppa blir enorme. SV vil heller prioritera å ta igjen etterslepet på vedlikehald av fylkesvegar og sikringstiltak på eksisterande, utrygge vegar.

– Eit rettferdig Noreg og ein trygg kvardagsøkonomi. Når SV forhandlar budsjett, prioriterer me å styrka og utvida velferdstilboda. Dessverre har me barn som veks opp i fattigdom i Noreg. Men gjennom prioriteringar som auking og prisjustering av barnetrygda, gratis kjernetid i SFO og reduksjon av maksprisen i barnehage gjer me den økonomiske kvardagen lettare for alle barnefamiliar, på ein enkel og ubyråkratisk måte.

– Internasjonal solidaritet. Noreg har framleis mange milliardar investert i selskap som medverkar til den ulovlege okkupasjonen av Gaza og Vestbreidda, og som sel våpen til Israel. Israel si krigføring fører med seg ufattelege lidingar for sivile i Palestina. Me kan ikkje vera med på å finansiera folkemord med sparepengane våre.

Venstre

, på 13. plass på vallista til Venstre i Hordaland og lokallagsleiar Sveio Venstre.

– Noreg er i ein unik posisjon når det gjeld maritim verksemd og naturressursar. Dette er noko me kan. Men dagens industripolitikk må tilpassast overgangen frå fossile løysingar til ein meir materialbasert, grøn økonomi. Venstre ønskjer at Noreg framleis skal vere eit føregangsland og ta ein leiande posisjon i det grøne skiftet gjennom å utvikle framtidsretta industri og næringsverksemd basert på fornybare ressursar, grøn innovasjon og berekraftig materialbruk.

– Den geopolitiske situasjonen i Europa og i verda er mindre stabil enn på lenge. Venstre vil ha meir samarbeid over landegrensene, både med dei næraste naboane våre og resten av Europa. EØS-avtala har vore til nytte ved å gje oss tilgang til den indre marknaden, men vi står utanfor elles og får EU-føringar nærast tredd ned over hovudet. Det svekkjer demokratiet og moglegheitene vi har til å stake ut kursen for Noreg og Europa. Venstre ønskjer difor at Noreg blir med i EU, og vil ha ei ny folkerøysting om medlemskap.

– Vegnettet i store delar av landet vårt har sett betre dagar, særleg fylkesvegane. Venstre ønskjer at fylkeskommunane får meir midlar til utbetring og vedlikehald, slik at vegane blir meir rassikre og breiare med gul midtstripe. Ein ønskjer òg at større delar av vegnettet skal få gang- og sykkelvegar, slik at sykkel og gange blir reelle framkomstalternativ.

Høgre

Frå venstre: , leiar i lokalforeininga Sveio Høgre, , 4. plass på vallista til Høgre i Hordaland, og , 18. plass på vallista til Høgre i Hordaland, medlem i Sveio Høgre og ordførar i Sveio.

– For oss handlar det om å få ned skatte- og avgiftstrykket, både for privatpersonar og for næringslivet. No ser vi at små og mellomstore bedrifter verkeleg slit. For privatpersonar blir straumen dyrare og maten blir dyrare, og då er det viktig at folk får sitje att med meir av dei pengane dei sjølve har tent.

– Meir fridom er også viktig. Berre her lokalt ser vi i arbeidet med kommuneplanen at det er mange reglar og krav å forhalde seg til som gjer prosessen krevjande. Me ønskjer å gi meir fridom slik at kommunane kan utvikle seg sjølve, og me vil gi meir fridom til privatpersonar, mellom anna gjennom fritt behandlingsval på statens rekning.

– Me vil satse på skulen. Det handlar ikkje berre om fleire lærarar, men også om å hjelpe kommunane til å tilsetje sosionomar og sosiallærarar. Skulekvardagen er krevjande mange stader, og vi meiner det trengst fleire vaksne rundt elevane for å skape tryggleik og ein god skule.

Miljøpartiet Dei Grønne (MDG)

, medlem av Sveio MDG og tidlegare kommunestyrerepresentant.

– Stanse naturtapet. Norsk natur forsvinn bit for bit, og det truar artsmangfaldet både for planter og dyr. Me vil mellom anna seie nei til vindkraft i urørt natur, og berre tillate bygging av hytter i område som allereie er regulerte for det. Nærnaturen og dei urørte villmarkene må vernast.

– Trygg utfasing av olje og gass innan 2040. Me vil sikre ei gradvis omstilling frå fossilt til fornybart, der felta med høgast utslepp blir stengde først. Europa vil få nok gass i framtida til å gi tid til omstilling, men verda må fase ut fossile brensel for å ta vare på kloden for framtidige generasjonar.

– Kjempe mot fattigdom og utanfor skap. Vi ønskjer ei garantert minsteinntekt for alle, samt fleire tiltak som kan utkjempe fattigdom. Skatten skal aukast for dei som tener over 800.000 kroner, medan dei som tener mindre skal få lågare skatt. Slik vil vi jamne ut forskjellane og styrke fellesskapet.

Powered by Labrador CMS