Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Desse sakene løftar lokalpolitikarar frå KrF, Sp, Frp og Ap før valet
Kva vil partia satse på framover? Me har snakka med lokalpolitikarar og nokre stemmer frå fylket for å finne ut kva dei meiner er dei viktigaste sakene i tida som kjem.
Kristeleg Folkeparti
– Me ønsker skattelette for barnefamilier, spesielt for barn nummer to, tre og fire. Me treng fleire barn både nasjonalt og her i Sveio, og familien er vårt viktigaste satsingsområde. Samtidig vil me fjerne den rigide tredelinga av foreldrepermisjonen og gi foreldrene fridom til å bestemme sjølv korleis permisjonstida skal fordelast.
– Me treng fleire nyetablerte bedrifter, og me ønsker å gi betre rammer for dei nyetablerte og å fjerne deler av formueskatten som gjer noe med dette. Me går ikkje så langt som noen av dei andre partia, men me går ganske langt. Eg tror me klarar det best med ei borgerleg regjering med KrF som brubyggar.
– Eg meiner me har vore dei tøffaste når det kjem til kjernekraft. Me vil setja i gong med utgreiing. Me har hatt god hjelp frå ungdomspartiet som har bana veg. Den straumstøtteordninga som er i dag løyser ikkje problemet, det berre dempar symptoma. Me treng meir kraft, og kjernekraft vil kunne levere stabilt når det er på plass.
Senterpartiet
– Me i Hordaland valkrins går til val på å sikre nasjonal kontroll, særleg over kraftressursane. Det har blitt bygd fleire eksportkablar for straum dei siste åra, noko som har ført til auka prisar for sveibuen. Me ser at kraftutveksling har vore eit gode for Noreg i mange tiår, men me ønsker ikkje å bygge fleire kablar og heller ikkje fornye dei som no går ut på dato.
– Me vil sikre utvikling i heile Noreg. Me vil behalde lokalsjukehusa, sørge for politi i heile landet og oppretthalde andre tenester nær folk. Mykje av industrien i Noreg ligg i mindre strøk, og me vil sørge for å ha gode tenester nær folk også i dei små lokalsamfunna.
– Me ser med frykt for korleis enkelte miljø utviklar seg i Noreg i dag, særleg når det gjeld rus og narkotika. Me ser fleire parti som ønsker å gjere narkotika meir lovleg. Me tek eit tydeleg standpunkt om at det skal vere ulovleg, uavhengig av mengde. Samstundes skal sjølvsagt dei tunge rusmisbrukarane få hjelp frå helsevesenet.
Framstegspartiet
– Det aller viktigaste her lokalt no er kommuneøkonomien. Det har gått hardt ut over eldreomsorga. Kjem me inn i regjering vil me prioritere dette, i staden for å kaste pengar rett ut av vindauget på havvind og batterifabrikkar.
– Dette med formuesskatten blir viktig. Det gjeld ikkje berre dei superrike, men også folk her i Sveio som driv små og mellomstore bedrifter. Me treng fleire arbeidsplassar for å trekke til oss unge, og då må me legge til rette for bedrifter som kan tilby dei ein jobb.
– Me vil også kjempe for å sikre betre vegar. Helst ønsker me å leggje ned fylkeskommunen og ta vare på vegane våre sjølve, men uansett må det meir pengar til. Og ikkje minst blir det viktig å kome i gang med Hordfast, som er avgjerande for heile Vestlandet.
Arbeidarpartiet
– Trygg økonomi og arbeid til folk flest. Urolege tider krev trygg styring. Arbeidarpartiet si viktigaste oppgåve er å leie Noreg trygt gjennom dei omstillingane me står i, og sørge for at me kjem styrkte ut – med fellesskap, små skilnader og høg tillit i behald.
– Styrkt helse og omsorg lokalt. Me vil styrke helse- og omsorgstenestene slik at folk får hjelpa dei treng når dei treng ho. Det handlar om tryggleik i kvardagen, og at alle skal vere sikre på at dei får nødvendige tenester nær der dei bur.
– Grøn industri og nye arbeidsplassar. Me må satse på grøn industri og nye arbeidsplassar i Sunnhordland. Slik skapar me både vekst lokalt og tryggleik for framtida.