nyhende
Desse rettane har du i sommarjobben
Her er ei oversikt av rettane dine som sommarvikar, og kva du burde gjere om du opplever brot på desse.
Sommaren er i gang og fleire arbeidsplassar rundt om i landet har byrja å ta imot vikarar for sommaren. For mange unge er dette kanskje det første møtet med arbeidslivet.
– Då er det viktig å vite kva du har krav på og kva du bør passe på, seier seniorrådsriver Goran Scekic i Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS).
Lønn og overtidsbetaling
I Noreg finst det inga lovfesta minimumslønn, men fleire arbeidsforhold er regulerte av tariffavtalar med timelønnsatsar. Timelønnene vil variere frå yrke og alder, forklarer Scekic i YS.
– Er du over 18 år bør du til dømes ha ei timelønn på minimum 159,34 kroner, ifølgje tariffavtalane. Er du under 18 år vil timelønna vere 10 til 30 prosent lågare i nokre bransjar, men du kan forhandle om meir i timelønn enn det minstesatsane viser, seier seniorrådrivaren.
Tariffavtalane reknar 37,4 timar som ei arbeidsveke, og ifølgje arbeidsmiljølova skal ein ikkje jobbe meir enn 40 timar kvar veke.
Jobbar du meir enn det, har du krav på overtidstillegg som er minimum 40 prosent av timelønna for kvar time med overtid. Det gjeld også om det ikkje er spesifisert i arbeidsavtalen, påpeikar Scekic.
Samtidig har ein som sommarvikar rett til betalt opplæring.
Scekic tilrår også unge arbeidstakarar om å undersøkje om dei opparbeider feriepengar frå sommarjobben. Desse kan ein få utbetalt når ein er ferdig med arbeidsforholdet.
Arbeidskontrakt
Scekic vektlegg at alle har rett til ein skriftleg arbeidsavtale. Dette gjeld også om tilsetjingsforholdet berre varer i ein kort periode.
– Nokre arbeidsgivarar trur dei ikkje treng å inngå arbeidsavtale ved kortare arbeidsforhold, eller deltidsarbeid. Det er feil og i strid med arbeidsmiljølova, understrekar han.
I Noreg er det minimum ein månad gjensidig og skriftleg oppseiing av arbeidsforholdet, både for arbeidstakar og arbeidsgivar. Scekic gjer merksam på at dette også gjeld når ein ikkje har ein skriftleg arbeidsavtale.
– Oppseiingstida spring frå første månadsskifte etter at du har fått eller levert oppseiinga, forklarer han.
Svart arbeid
Som sommarvikar er ein pliktig til å betale skatt, og arbeidsgivar skal innhente skattekortet eller frikortet til arbeidstakaren.
Dersom ein får tilbod om å jobbe svart, altså utan at det blir betalt skatt av inntekta og utan at arbeidsforholdet blir rapportert til styresmaktene, burde ein alltid takke nei. I tillegg til at det er ulovleg, står ein utan rettar dersom noko skulle skje.
– Utan eit formelt tilsetjingsforhold stiller du svakt viss lønna ikkje blir utbetalt og du mistar retten til sjukepengar, opptening av pensjon og andre offentlege ytingar, forklarer han.
– Styrkjer CV-en
Scekic meiner at sommarjobben er ei god moglegheit for unge å teste ut ulike yrke, styrkje CV-en og få kontaktar i arbeidslivet.
Han minner på at ein ved enda arbeidsforhold har krav på ein skriftleg arbeidsattest som skal innehalde arbeidstakarars namn, fødselsdato, og dessutan kva slags arbeid ein har gjort og lengda på arbeidsforholdet.
Ulovleg kameraovervaking
Ungdomsrådgivar Sindre Hornnes i Landsorganisasjonen i Noreg (LO) opplever at mange unge i Noreg ønskjer å jobbe om sommaren. Samtidig erfarer organisasjonen at ulovleg kameraovervaking av tilsette har vorte ei veksande utfordring i arbeidslivet.
Av dei 5637 ungdommane som vart besøkte av LOs sommarpatrulje, var det rundt 700 som opplevde brot av kameraovervaking på arbeidsplassen.
– Ifølgje datatilsynet er arbeidsgivar nøydd til å informere dei tilsette om at det er kameraovervaking på arbeidsplassen, korleis det blir brukt, og at opptaka ikkje blir misbrukte til å kontrollere dei tilsette, fortel Hornnes.
– Ta kontakt
Hornnes fortel at unge med spørsmål om rettane sine i arbeidslivet kan ta kontakt med LOs sommarpatrulje via telefon (416 16 666) eller e-post (sommarpatruljen@lo.no), for å få rettleiing.
Vidare oppmodar han unge om å melde seg inn i eit fagforbund.
– Då kan ein få oppfølging i den situasjonen ein står i, seier han.