nyhende

Illustrasjonsfoto: Torstein Tysvær Nymoen

Desse reglane gjeld for treningssenter

Treningssenter må drivast smittevernfagleg forsvarleg for å halde ope. Det inneber avstandskrav, maksimaltal og 2-meter ved høgintensiv aktivitet.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Treningssenter må drivast smittevernfagleg forsvarleg for å halde ope. Det inneber avstandskrav, maksimaltal og 2-meter ved høgintensiv aktivitet.

Oppheving av skjenkjestoppen og fjerning av maksimaltal var blant lettane i koronatiltaka regjeringa la fram tysdag.

– No vil stadig fleire kunne drive heilt normalt, sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferansen til regjeringa.

Men på treningssenter vil det framleis vere avgrensingar, og dei må drivast smittevernfagleg forsvarleg for å halde ope. Det inneber mellom anna:

• Maks 20 personar ved innandørs gruppetrening.

• Krav om minst 2 meter avstand ved høgintensiv aktivitet innandørs.

I tillegg gjeld dei same krava som for butikkar, kjøpesenter, varemesser o.l..

• Mogleg å halde minst 1 meters avstand til personar som ikkje er i same husstand.

• Rutinar for god hygiene og godt reinhald, og at rutinane blir overhaldne.

• Fastsetjing av kor mange personar som maksimalt kan vere til stades i lokala, berekna ut frå storleiken og utforminga til lokala. Det skal om nødvendig blir nytta vakthald for å sikre at kravet blir etterkomme.

Det skal òg registrerast kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykkjer til det. Desse krava gjeld òg for symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, bowlinghallarog liknande.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS