nyhende

Desse les juleevangeliet for deg

Ordførar Linn Therese Erve, Einar Økland og Astrid Haugsgjerd er tre av dei 20 personane som skal lesa juleevangeliet denne jula. Filmen blir vist på Facebook-sida til Sveiokyrkja og er ein del av ein digital adventskalender.

Publisert Sist oppdatert

Dette året lagar «Sveiokyrkja» sin eigen digitale julekalender med 24 «luker», produsert av Ingrid Pedersen Furdal.

Barnekora med sine medlemmer spelar ei aktiv rolle, andre er også med og bidrar på ulike vis. På julaftan blir juleevangeliet lese, forteljinga om Jesu fødsel, som er nedskriven i Lukas-evangeliet, kapittel 2, vers 1 til 20.

– Dette er ikkje noko nytt, andre har gjort det før oss, me tykte det var ein god idé og la sveibuen sjølv formidla juleevangeliet, fortel sokneprest Arild Steinsland. Saman med Ingrid Pedersen Furdal (kantor og dirigent for barnekora) har han vore rundt i heile kommunen for å gjera opptak.

– Me har spurt 20 personar, like mange som det er vers i juleevangeliet. Dette er ein tekst mange har eit godt og sterkt forhold til, seier Steinsland.

Powered by Labrador CMS