nyhende
Desse dyktige damene har fått innpass i krevjande yrke
Silje Therese Kvalvågnes (33), Åshild Haugsgjerd (21) og Ingunn Skåden (40) har alle funne seg godt til rette på ein typisk mannsdominert arbeidsplass.
– Brann- og redningsetaten kan ha godt av litt kvinneleg input, meiner Åshild Haugsgjerd. Ho synest det er mykje enklare å jobba i eit mannsdominert yrke framfor eit kvinnedominert.
– Mannfolka er lettare å forhalda seg til, då dei ikkje nøler med å seia ifrå om det er noko. Av og til har eg tenkt at stemninga har vore litt amper, men eg har etterkvart forstått at det er slik dei snakkar.
![]() |
Åshild Haugsgjerd (21) busett Sveio. Brannkonstabel sidan september 2020. Til dagleg avløysar på garden heime på Haukås, i tillegg til jobb på Sveio omsorgssenter.
– Eg har alltid synast at det å vera med i brannvesenet verkar spennande, givande og utfordrande. Det har nok også noko med at pappa og onkel Arnt alltid har vore med så lenge eg kan hugsa. Kvar gong det gjekk ein alarm ville eg helst gøyma meg i bilen for å vera med. I seinare tid byrja også Torgeir, eldste bror min i brannvesenet. Då blei det enda meir snakk om jobben, noko som gjorde at eg bestemte meg for å søkja sjølv. |
Ingunn Skåden og Silje Therese Kvalvågnes nikkar, også dei har berre godord å seia om sine mannlege kollegaer i Haugaland brann og redning iks.
– Beine vegen der ja, ikkje noko snikk-snakk! samstemmer dei to.
– Kva oppdrag har de vore med på?
– Det har vore svært få oppdrag, noko som er bra, men litt «kjedeleg» for ein nytilsett. Eg har fått mykje informasjon om kor ting i bilen ligg, kva utstyr ein brukar til ulike hendingar, kva ein skal prioritera og korleis ein skal oppføra seg på hendelsesplassen. Eg har veldig lyst å bruka denne kunnskapen eg nettopp har lært, fortel Haugsgjerd.
Likar utfordringar
– Kva var motivasjonen for å søka denne jobben?
– For å bidra til den gode jobben brannvesenet gjer i kommunen. Og få moglegheita til å utfordra meg sjølv med å tenkja nytt og bli med på ulike hendingar, seier Haugsgjerd.
Silje Therese Kvalvågnes fortel ho gler seg til å køyra brannbilen. Akkurat no held ho på med å utvida førarkortet til klasse C, etter det er det «kode 160», kurs i å køyra med utrykkings-blålys, som står for tur.
![]() |
Silje Therese Kvalvågnes (33), busett Sveio. Brannkonstabel i Sveio brann- og redningsvesen sidan 2014, seinare over til Haugaland brann og redning iks. Til dagleg lærar på Vikse skule.
– Det som gjer jobben så givande er dei varierte oppdraga, alt frå helseoppdrag, brann, overflateredning og trafikkulukker. Ein lærer mykje om seg sjølv, og ikkje minst er det godt å kunna hjelpa andre. |
For Ingunn Skåden betydde jobben at ho likar utfordringar og får bruka tidlegare erfaringar med bakgrunnen sin i politiet. Dei som kjenner henne veit at ho heller ikkje er skvetten av seg.
Høg puls når alarmen går
– Alarmen går. Kva utfordringar byr det på?
– Alarmen har me på oss heile dagen. Tenkjer vel ikkje så mykje, men litt klossete blir ein alltid. Enkelte situasjonar kan ein jo berre ikkje forlata med ein gong, men det er nok størst utfordringar for dei som har småbarn, forklarar Haugsgjerd.
– Ja, det er berre å omstilla seg. Nokre gonger er det vanskeleg når ein har born eller er på jobb, men stort sett kan nokon overta. Høgast puls får eg når alarmen går om natta, medgir Kvalvågnes.
– Oppdrag spenner frå «falske» brannalarmar til brann og ulukker. Korleis er de budd for å møta slike situasjonar? Kva tenker de om at nokon de kjenner kan vera involvert?
– Bakgrunnen og erfaringa mi frå politiet er god og ha, men sjølvsagt er ikkje det å treffa kjente i bilulukker noko ein ønskjer. Det er vel det eg ser på som utfordrande, medgir Skåden.
![]() |
Ingunn Skåden (40), busett Sveio. Brannkonstabel i Haugaland brann og redning iks sidan september 2020. Driv i tillegg to treningssenter. Tidlegare arbeidserfaring: 12 år i Politiet.
– Eg søkte meg til Sveio brannstasjon fordi det verka spennande, eg hadde lyst å kjenna på litt det same eg gjorde i politiet. Nærleik til bustad talde med, skifte av miljø i forhold til jobbsituasjonen er også positivt. |
Også Haugsgjerd kjenner på dette:
– Adrenalinet er like høgt kvar gong alarmen går, merkar at eg ofte tenkjer verst mogleg scenario. Det verste er nok når nokon du kjenner er involvert, men veit at kollegane mine er flinke til å ta omsyn dersom det skulle skje.
– Særleg inntrykk gjer det når barn og unge involvert. Ekstra belastning er eventuelt å møta familie og nære ute på oppdrag, meiner Kvalvågnes.
Ønskjer fleire brannkvinner
Onar Walland, avdelingsleiar beredskap Haugaland brann og redning iks er glad for å få fleire kvinner med i staben.
– Me er svært nøgde med å ha fått fleire dyktige kvinner i brannvesenet vårt, og me tillet gjerne fleire også. Me kjem til å arrangera fleire «damekveldar» rundt omkring i brannvesenet vårt for å få til dette i tida fremover, opplyser Walland.
Generelle opptakskrav
For å bli med i brannvesenet må ein ha godkjend helseundersøking. Ein går gjennom den psykiske helsa, hjarte- og karsjukdommar, lungesjukdommar, høyrsel og balanse, synet og bruk av medisinar. Arbeidstilsynet krev også ein årleg test der ein sjekkar kondisjon og styrke.
Alle dei som blir tilsette i brannvesenet no er brannkonstabler (med røykdykkarfunksjon).
StyrkeprøvaLyst å testa styrken du må ha for å få innpass i brannvesenet? Merk at dei som er røykdykkarar skal ha luftflaske på seg under testen/øvingane. Testen går ut på å gå 8 minuttar på ei tredemølle med ein gradvis stigning opp til 12%, med flaske og kler (23 kg). Etterpå skal ein minst klara 15 repetisjonar knebøy med kler og flaske (23 kg). Vidare er det push-ups med kler og flaske (23 kg), her skal ein klara minst 7. Siste øvinga er horisontale opptrekk, her er det berre med eiga vekt som gjeld, og ein skal minst klara 7 repetisjonar for å bli godkjent. Ein skal også levera ein tilfredsstillande politiattest, og ha førarkort klasse B. |


