nyhende
Desse brukte gåvene ønskjer vi oss
Prisauke, klimaavtrykk og retrotrend har ført til at brukte julegåver er meir aktuelt no enn nokon gong tidlegare. Men kva for brukte julegåver ønskjer nordmenn seg eigentleg?
Auka fokus på gjenbruk og trongare økonomiske tider gjer at fleire vel å handle brukte julegåver i år. Så mange som 48 prosent av nordmenn seier dei kunne tenkje seg å få bruktgåver til jul, viser desemberundersøkinga frå Forbrukarrådet i år.
Men samtidig som det er vanskeleg å handle nye julegåver til kjente og kjære, er det like vanskeleg å vite kva brukte julegåver du kan handle til venner og familie.
Kø for brukt julepynt
Nokon som kjenner til handlevanane våre på brukte ting er Fretex. Dei driv sal av brukt tøy, bøker, dekor, møblar og mykje meir, som har blitt samla inn frå Frelsesarmeen i Noreg.
Frå romjula sparar Fretex opp julerelaterte donasjonar til gåvemottaka. Julepynt og selskapstøy som eignar seg til jul blir sette på lager saman med julegenserar, julefilmar og julebøker og gøymd til 1. november året etter.
Det er datoen då Fretex opnar for juletinga i butikkane sine, fortel Hilde Kjønstad, kjedeleiar ved Fretex.
– Det er stor etterspurnad etter julevarene. Når vi opnar for sal av juleutvalet 1. november står det folk i kø utanfor butikkane, seier Hilde Kjønstad til Nynorsk pressekontor.
Dei gjer det same med andre sesongavhengige varer: ski som blir levert inn om våren blir sett på lager til hausten, og badetøy som blir levert på hausten blir lagra til våren.
Populære varer
Det blei nesten tomt for julepynt på Fretex allereie i november. I desember ser dei meir sal av julegåver.
– Brukte bøker er populære som julegåver, saman med interiørartiklar, lysestakar, vasar og barneleiker. Dette er varer folk synest er like fine å få brukte som nye.
Det er fram mot jul dei sel mest hos Fretex, ifølgje Kjønstad.
– Vi har ein stor salsauke i november og desember. Det har vore uvanleg lite i 2021 og 2020, men dette har med covid-restriksjonar å gjere. Samanlikna med 2019 ser vi likevel at no i 2022 har vi ein kjempeauke i salet i november og desember.
I tillegg til bruktvarene er gåvekort på Fretex populært.
I undersøkinga frå Forbrukarrådet kjem det fram at studentar, elevar og lærlingar har større sannsyn for å ha lyst til både å gi og å få brukte julegåver.
41 prosent i denne gruppa svarar at dei kunne tenkje seg å gi bort brukte julegåver. 68 prosent svarer at dei gjerne kunne tenkje seg å få brukte julegåver.
Kjønstad ved Fretex seier dei opplever at yngre alltid har vore interesserte i å handle brukt, men at det har kome stadig yngre kundar dei siste åra.
– Vi har alltid hatt unge folk som handlar på Fretex, men dei seinare åra er det stadig fleire unge som handlar. Vi har kundar nede i 14-årsalderen som kjem utan foreldre. Dei ønskjer å kjøpe brukt og miljøvenleg, men òg billegare. No er det ein stor trend med 2000-klede blant dei yngre generasjonane, og når dei ønskjer originale klede frå 2000-talet har vi ofte det beste tilbodet.
Søkjeliste=ønskjeliste?
Men kva gåver ønskjer folk seg aller mest? Søkja våre etter brukte gåver kan kanskje avsløre meir om gåveønskja til nordmenn enn ønskjelistene kan.
På «Torget» hos Finn.no legg privatpersonar ut brukte eigendelar dei vil selje eller gi vidare. Nynorsk pressekontor har fått lista over dei ti mest søkte gjenstandane på torget i desember 2019, 2020 og 2021.
(©NPK)