nyhende
Dess fleire frivillige, dess betre tilbod
Skattkammeret ved Sveio frivilligsentral ønskjer å utvida opningstida, men for å klara det trengst det fleire frivillige.
Det lokale Skattkammeret låner ut aktivitetsutstyr til alle sesongar, til små og store, barn og vaksne. Alt gratis. Men for å kunna oppretthalda tiltaket og utvida opningstidene, trengst det nå fleire frivillige med på laget.
– Me er avhengige av frivillige som kan ta vaktene på ettermiddagen. Me har eit ønskje om å halda enda meir ope, særleg gjeld det i høgsesongen kor det er stor pågang og stor etterspurnad av utstyr, opplyser koordinator på Skattkammeret, Nina Birkeland Sørhus.
Miljøvenleg
Skattkammeret held til på Sveio sambrukshus, og held ope nokre timar kvar tysdag og torsdag.
– Det å kunna låna alt av utstyret du treng, for å sleppa og kjøpa det sjølv er både økonomisk og miljøvenleg. Her kan du prøva ut aktivitetar som borna har lyst på for å sjå om dei likar og meistrar det, Skattkammeret bidrar dermed til mindre forbruk av dyrt aktivitetsutstyr og mindre bruk og kast, seier Sørhus.
God opplæring
Å vera frivillig handlar først og fremst om deltaking, å vera ein del av noko større, bidra til samfunnet. Det er forska på at dei som bidrar til frivilligheit er lukkelegare menneske, me flyttar fokuset frå oss sjølve for å bidra meir til felleskapet.
– Mange trur at som frivillig må du være aktiv, sporty, kjenna til mykje om aktivitetsutstyret me låner ut og ha mykje erfaring. Det stemmer ikkje! Du kan vera ufør, pensjonist, ungdom over 16 år eller vaksen, heilt utan å kunna noko om det me låner ut. Du vil få god opplæring før du står åleine på vakt hos oss, forsikrar Sørhus.