nyhende

Epli Vindpust, Åkre Gård Edel Klassisk Sider, Adle Sider Rosé, Skarbø Arvegull, Barholm Sprudlende Margaret. Foto: Vinmonopolet / NPK
Epli Vindpust, Åkre Gård Edel Klassisk Sider, Adle Sider Rosé, Skarbø Arvegull, Barholm Sprudlende Margaret.

Derfor bør du drikke norske bobler til fest – fem anbefalingar

Våren er i full blom og mange planlegg sjampanjefrukost til festlege lag. Sidereksperten fortel kvifor du bør gå for norske bobler og røper fem favorittar, også alkoholfrie alternativ.

Publisert Sist oppdatert

Å snakke om tradisjon når det gjeld norske bobler på 17. mai blir kanskje feil, sidan fenomenet med sjampanjefrukost trass alt er noko vi har funne på i dei seinare åra. Vi har ikkje pleidd å drikke så mykje på nasjonaldagen, men no som vi uansett gjer det gir det lite meining å helle franske bobler i glaset, meiner siderekspert Thomas Digervold.

Sidersommelier Thomas Digervold meiner ein bør ha norske bobler i glaset på nasjonaldagen.

– Det er rart at vi står der på 17. mai og syng norske songar, har på bunad og et tradisjonsmat, alt som er norsk og nasjonalromantisk. Og så vel vi sjampanje.

Sommelieren Digervold har spesialisert seg på å kombinere mat og drikke og meiner sideren har eigenskapane som trengst til den tradisjonelle 17. mai-frukosten.

– Syre, friskleik og fruktigheit. Det passar til spekematen. Det kan passe til rømmegrauten og kransekaka. Og alle dei ostefata du pleier å ha med norsk ost på.

Tal frå Vinmonopolet viser at dei selde seks gonger så mykje sider i fjor som for åtte år sidan. Presseansvarleg Jens Nordahl fortel at norsk handverkssider er i vinden som aldri før.

Jens Nordahl er kommunikasjonssjef i Vinmonopolet. Frå 2016 til 2024 seksdobla dei sidersalet sitt.

– For ti år sidan blei det knapt seld norskprodusert sider, no vinn desse produkta internasjonale prisar og opplever generelt aukande interesse, seier han.

For dei som vil halde ut lenge ut på festen kan det også vere ein fordel med den litt lågare alkoholprosenten i sider samanlikna med musserande vin. Digervold minner om at vi heller ikkje må gløyme at det finst gode alkoholfrie alternativ òg.

– For oss med små barn held vi oss til alkoholfritt før vi skal i barnetoget, for å seie det sånn. Men utover dagen kosar eg meg med eit glas eller to med norsk sider.

Her gir sommelieren sine fem tips til dei som vil sprette korkar i maisola, både med og utan alkohol:

Vindpust

Produsent: Epli Sideri Varenummer: 11080301 Pris: 189,90 kroner – Vindpust vann i 2022 International Cider Challenge med kommentarane «meisterklasse innan balanse og smak» og eg seier meg berre einig, sider på høgt nivå frå Hardanger.

Epli Vindpust.

Edel Klassisk Sider

Produsent: Åkre Gård Pris: 186,10 kroner Varenummer: 3602001. – Edel er kanskje mest kjend for issideren sin og knallgode alkoholfrie Blaane-serien, men no har dei komme med ein heilt ny sider laga på charmant-metoden, av eteeple og engelske sidereple. Resultatet er ein skikkeleg juicy, rund og frisk klassikar til fest og feiring.

Åkre Gård Edel Klassisk Sider.

Sider Rosé

Produsent: Alde Sider Varenummer: 15933001 Pris: 192,90 kroner – Ein nykommar i fjor, og allereie i år ein klassikar til festbordet. Halvtørr, frisk og juicy sider med eple og bringebær, og ein nydeleg bleikrosa farge. Denne gjer seg godt til maten, pop eit bringebær eller jordbær på kanten av glaset og du har ein draum av ein velkomstdrink. Bringebæra har berre lege i sideren eit døgn før dei blei fjerna igjen, så berre dei friskaste syrlege aromaane har blitt med oppi flaska.

Alde Sider Rosé.

Arvegull

Produsent: Skarbø Varenummer: 13126801 Pris: 201 kroner – Arvegull er ein hyllest til frukttradisjonen på Skarbø, med dei gamle epletypane Haugmann, Filippa, Tveiteple og Silkeeple. Ein kompleks og god sider med digg aroma av tropisk frukt, sitrus og norske eple. Dei lagar sabla god sider på Sunnmøre og!

Skarbø Arvegull.

Alkoholfritt alternativ: Sprudlende Margaret

Produsent: Balholm Pris: Kroner 93,60 – I år igjen er det blant anna Margaret som står på frukostbordet når familien feirar 17. mai. Boblande frisk og leskande eple- og rabarbradrikk, som minner meg om somrane i barndommen med sjølvplukka rabarbra frå hagen til mormor, duppa i sukker. Det er mange gode alkoholfrie alternativ på polet og i matbutikken i år, Humlesus, Kjørbar Harding, Villbrygg, Frisider, Blaane og Empress er nokre av mine favorittar. Og dei skaper skikkeleg feststemning utan ein einaste prosent!

Balholm Sprudlande Margaret alkoholfri.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS