NPK-NTB: I aksjonsveka blir ruskontrollane intensiverte over heile Europa.
– Ein ruspåverka sjåfør utset ikkje berre seg sjølv, men også andre trafikantar for fare. Vi ber alle om å bidra til trafikktryggleiken ved å køyre rusfri, seier sjefen i Utrykkingspolitiet (UP), Knut Smedsrud, i ei pressemelding.
Høg risiko
UP viser til at risikoen for å bli innblanda i ei trafikkulykke er 68 gonger høgare for ein rusa førar enn for ein edru førar, ifølgje ein rapport frå Transportøkonomisk institutt.
I pressemeldinga, som er send av Utrykkingspolitiet og alkovitorganisasjonen Av og til, skriv dei at betydeleg fleire har vorte tekne i ruskontrollar i år enn i fjor.
Frå januar til oktober i år vart 9.822 personar melde for å ha køyrt i ruspåverka tilstand. Til samanlikning vart 8.051 personar melde for ruskøyring i den same perioden i fjor.
Mange tek sjansen
Ei undersøking som er utført i år, viser at det ikkje er uvanleg at folk køyrer, sjølv om dei trur dei kan vere påverka av alkohol. I undersøkinga, som er gjort for Av og til, svarer 13 prosent at dei har køyrt bil dagen etter å ha drukke alkohol og vore usikre på eigen promille.
Generalsekretær Ragnhild Kaski i Av og til er bekymra for tala.
– Er du i tvil, ikkje køyr bil. Du kan ikkje basere deg på «tolvtimarsregelen», eller satse på at promillen er ute av kroppen, seier ho i pressemeldinga som organisasjonen har sendt ut saman med UP