nyhende
Denne sveibuen har fått ny jobb
Jeroen Bode vert den nye fagarbeidaren som skal vere ansvarleg for vedlikehald av kyrkjebygg og gravplassar. — Eg gler meg til å byrja, og å jobba nærmare der eg bur, seier Jeroen Bode.
— Eg gler meg til å byrja, seier Jeroen Bode.
Han vart nyleg tilsett som den nye fagarbeidaren til kyrkja. For tida jobbar han i entreprenørverksemda Vassbak og Stol AS som håndmann, noko han har gjort lenge.
— Eg har vore der i om lag 15 år, og vore alt frå formann til lastebilsjåfør, seier Bode.
Han fortel at han ser fram til sin nye stilling. Mellom anna fordi då vert alt litt nærmare Lauvås, der han bur i Sveio.
— Ein av grunnane til at eg søkte var at det er litt nærmare heime, seier Bode.
Samd om tilsetjinga
— Han var den mest kvalifiserte av søkarane, seier Johannes Flatnes, leiar i Sveio Kyrkjelege Fellesråd.
Tilsetjinga er ein 60 prosent stilling.
Det kyrkjelege fellesrådet fekk tre søkarar til stillinga, og alle tre vart kalla inn til intervju.
Flatnes fortel at dei er nøgd med tilsetjinga av Boden.
— Me endte opp med to innstilte. Fellesrådet slutta seg til den innstillinga, og Boden vart formelt tilsett den 26. januar, seier han.
— Kvifor fall valet på han?
— Me meiner at han var den mest kvalifiserte av søkarane. Han har erfaring med graving og vedlikehald. Det er noko som gjer han godt skikka til stillinga, seier Flatnes.
Vakanse ikkje eit problem
I tida mellom avtroppande fagarbeidar sluttar og den nytilsette byrjar går det om lag ein månad.
— Det vert ein vakanse frå 1. april til 1. mai, seier Flatnes.
Sjølv om det kjem ei tid utan ein fast tilsett, kan Flatnes avkrefta at det byr på noko problem.
— Me har fleire ressursar å spela på. Frå kommunen si side, eller ved innleige av ein vikar om det skulle verte nødvendig, seier Flatnes.