nyhende
Denne sjøfuglen kan gi svar om plastforsøpling i havet
Havhesten er ein nysgjerrig sjøfugl og endar nokre gonger opp på kroken som bifangst hos fiskebåtar. Skjer det, ønsker forskarar å få fuglen tilsendt til eit internasjonalt forskingsprosjekt.
— Havhesten er ein art som tek opp mykje plast fordi han ofte forvekslar det med mat. Derfor blir han på europeisk nivå brukt som ein indikator på plastforsøplinga i havet, forklarar sjøfuglforskar Nina Dehnhard ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) til Nynorsk pressekontor.
Fleire millionar tonn plast hamnar i havet kvart år og kan vere skadeleg for livet til havs. Så mykje som 95 prosent av havhestane funne langs strendene i Noreg har plast i fordøyingssystemet. No ber Dehnhard og kollegaer om hjelp frå fiskarar for å finne ut meir om plast i havhesten og i havet.
Samarbeider med fiskarar
Sidan 2002 har NINA, på oppdrag frå Miljødirektoratet, kartlagt mengda av plast i havet ved å undersøkje innhaldet i magesekken til havhestar som har drive på land i Sør-Noreg. Prosjektet har vore ein del av ei internasjonal overvaking av plast i Nordsjøen. I fjor vart prosjektet utvida nordover, og med det starta dei eit samarbeid med fiskarar i Barentshavet.
— Sidan havhesten som regel held til langt ute til havs og det ikkje er mange strender det er mogleg å samle inn havhestar på, kontakta vi fiskebåtar som kunne ha fått inn døde havhestar som bifangst. I år vil vi prøve å auke talet på fuglar vi får inn, slik at vi kan gjere betre undersøkingar, og då vil vi gjerne ha kontakt med fiskarar som også held til i Nordsjøen, seier forskaren.
Dehnhard fortel at sjølv om der er tiltak for å skremme vekk havhestar frå fiskebåtar, er det ikkje til å unngå at nokre av dei hamnar på kroken som uønskt bifangst. Ho understrekar at dei ikkje ønsker at båtane skal fjerne skremmetiltaka, men at det er dei havhestane som faktisk døyr som kan bidra til kartlegginga.
Forvekslar plast med mat
Havhesten held til langt ute på ope hav og beitar på havoverflata. Sjøfuglen er ikkje kresen og glefsar i seg det meste som flyt forbi på havoverflata.
— Plast som driv på overflata lenge nok, får ein algefilm rundt seg som gjer at det både luktar og smakar som mat. Havhesten forvekslar plasten med mat og et han. I motsetnad til andre sjøfuglar, som måse for eksempel, gulpar ikkje havhesten opp det som ikkje kan fordøyast, dermed blir mesteparten av plasten verande i magesekken, forklarar Dehnhard.
Dei havhestane som kjem inn til labben, blir spylte og tømde, før magesekkinnhaldet blir undersøkt for plast. Havhest-prosjektet tek berre føre seg plastbitar over ein viss storleik. Her er det snakk om alt frå plastpellets, taurestar, plastposar og bitar av hardplast. Nanopartiklar og mikroplast under 1 millimeter kan ikkje havhesten seie noko om.
698 plastbitar i éin fugl
Funna Dehnhard gjer etter undersøkingar av innhaldet i magesekken til sjøfuglane, rapporterer ho vidare til den internasjonale overvakinga. Oslo-Paris-konvensjonen (OSPAR) er ein avtale om vern av marine miljø i nordaust-Atlanteren og driv mellom anna overvakinga av havhesten. Dehnhard fortel at det er vanskeleg å fastslå mengda av plast i havet, men at det er store regionale variasjonar i omfanget. Dette er mellom anna noko havhesten er med på å gi nærare svar på.
På lang sikt har OSPAR sett eit miljømål om at mindre enn 10 prosent av havhestane skal ha over 0,1 gram plast i magen. Undersøkingar av 133 havhestar funne på strender i Rogaland, viser at nesten 50 prosent av fuglane hadde meir plast i magen enn det ønskte nivået (snittet låg på 0,28 gram). I gjennomsnitt hadde havhestane 40 plastpartiklar i magen, og på det meste fann forskarane 698 (!) plastbitar i éin fugl.
Sjå til nord
I havhestar sendt inn som bifangst frå fiske i Barentshavet og havområde aust for Grønland, var nivået av plast lågare og nærare målet om 0,1 gram.
– Der det er meir skipstrafikk og fleire folk som brukar strendene og kysten, er det meir plast i havet. I Nordsjøen er det meir plastbitar som driv rundt. Bevegar vi oss lenger nordover blir det reinare. Det reinaste området, der havhesten indikerer minst plast på overflata, er delen av Atlanteren som ligg nær Canada. Her er nivået tilnærma likt miljømålet.
Dehnhard deler plasten dei finn opp i to kategoriar, brukarplast og industriplast. Brukarplast er alt frå sko og tau, til plastflasker og plastposar. Industriplast er små plastpellets som blir brukt til å lage nye plastprodukt.
— Langs kysten finn ein hovudsakleg brukarplast, og som regel er dette fiskerirelatert plast, som arbeidsklede og taustumpar. Då er det kanskje ikkje så overraskande at det definitivt er brukarplast som dominerer i havhestmagane også, uavhengig av region.
— Teikn på at det blir betre
I tillegg til å gi indikasjonar på regionale variasjonar i omfanget av plast, kan også undersøkingar av havhesten fortelje oss litt om framgang og utvikling over tid.
— Overvakinga i Europa har føregått sidan 2002, og no ser vi at i Nederland og sørlege delar av Nordsjøen, har talet på plastbitar gått litt ned. Det ser ut som at ein kan finne same trend i Noreg, men dette treng vi betre data for å fastslå. Men det finst altså teikn på at det faktisk blir betre, seier Dehnhard.
I fjor fekk forskarane inn totalt 76 fuglar frå bifangst frå fiske i Barentshavet som dei kunne undersøkje.
— Dette er eit godt tal. 40 fuglar er det vi reknar som eit godt prøvetal, så 76 er vi veldig fornøgde med.
No oppfordrar ho fleire fiskarar til å sende inn havhestar dei får på kroken som bifangst. Ho ber dei som er interesserte om å kontakte forskarane på havhest@nina.no. Kvar fiskar får ein kompensasjon på 500 kroner per fugl.