nyhende

Elias Akselsen er tildelt Kulturrådets ærespris for 2023, der det i grunngivinga heiter at «avtrykket hans i norsk kulturliv er sett med ei slik kraft at det ikkje kan viskast ut».

– Denne prisen er ei oppreising for heile romanifolket

Elias Akselsen får Norsk kulturråds ærespris for 2023. – Dette er stort for ein tatergut som hadde ein vanskeleg oppvekst, seier den nybakte prisvinnaren.

Publisert Sist oppdatert

Kulturrådet sin ærespris blir delt ut til ein person som har gjort ein innsats av vesentleg betydning for norsk kunst- og kulturliv, og er på 600.000 kroner.

– Elias Akselsen har gjennom mange tiår vore den fremste formidlaren vår av songtradisjonane til romanifolket, seier Kulturrådets leiar Sigmund Løvåsen.

grunngivinga for pristildelinga heiter det at Akselsen har makta å nå breitt ut med eit tradisjonsrikt, men ofte oversett musikkuttrykk. Bak seg har han 12 musikkalbum, seinast Spellemanns-nominerte «Horta» (2022).

Brøyta veg for nye stemmer

Kulturrådet påpeikar vidare at Elias Akselsen står «i ein særeigen posisjon i norsk musikkliv som viktig og sterk tradisjonsberar for romanifolket», og at han gjennom historia si og sitt kunstnerskaphar brøyta veg for nye stemmer. «Elias Akselsens avtrykk i norsk kulturliv er sett med ein slik kraft at det ikkje kan viskast ut», avsluttar juryen.

– Dette er stort for ein tatergut som hadde ein vanskeleg oppvekst. Vi har teke fram songar som var forbode å framføre fram til 1992. Denne prisen er ei oppreising for heile romanifolket, seier Elias Akselsen (75), som seier mottakinga han har fått frå det norske folket «har vore enorm».

Kan ikkje ein note

– Eg kjem frå romanifolket og kan ikkje ein note, men eg har fått lov å møte nokre fantastiske musikarar undervegs som har vore med på denne reisa. Eg vil også takke Kulturrådet, som har støtta meg i mange år, og norsk presse, som har vore med på å hjelpe meg fram dit eg er i dag.

Søndag vil Elias Akselsen delta på Nasjonalbibliotekets festival vigd gamle handverksferdigheiter, der han skal snakke om knivmakartradisjonane til romanifolket og halde ein minikonsert saman med den mangeårige samarbeidspartnaren sin Stian Carstensen.

Powered by Labrador CMS