nyhende

Dette er muren som hindrar nleggsmaskinane som Thomas Helgesen (t.v.) i RexGarden AS treng for å drive vedlikehald i den populære naturparken. Tor Inge Flåten i Førde Bygdelag håpar det er mogeleg å kome fram til ei minneleg løysing på sak.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Dette er muren som hindrar nleggsmaskinane som Thomas Helgesen (t.v.) i RexGarden AS treng for å drive vedlikehald i den populære naturparken. Tor Inge Flåten i Førde Bygdelag håpar det er mogeleg å kome fram til ei minneleg løysing på sak.

Denne muren gir trøbbel for Rex Garden

Rex Garden AS vurderer å seie frå seg ansvaret for vedlikehaldet av den populære naturparken i Førde. Årsaka er ein ny mur som er sett opp ved eit naust, og som sperrar tilkoma for naudsynte maskinar.

Publisert Sist oppdatert

For snart to år sidan vart det sett opp ein privat støttemur ved eit naust på turstien som mange nyttar frå Prestebrygga nedanfor Førde sentrum til den populære naturparken Rex Garden i Førde. Ved den nye muren er breidda på turvegen, som går til naturparken Rex Garden og Lauvneset, frå 1,5 meter til ein dryg meter.

Kem ikkje forbi

Muren gjer at dagleg leiar Thomas Helgesen i Rex Garden AS ikkje lenger kjem forbi med sin ATV, som er eit naudsynt verktøy for å drive vedlikehald av parken. Utan tilgang til vegen bak naustrekka, må han frakte maskinane om lag ein kilometer ekstra, frå lageret dei har i Førde sentrum, over og gjennom bustadfelta Solheimslia og Lauvneset.

— Det finst ikkje fortau på vegane gjennom bustadfelta, så av tryggleiksårsaker er ikkje det ei løysing me ønskjer å gå for, seier han.

Helgesen legg til at det dessutan er så bratt øvst i naturparken, at det ikkje er mogeleg å kople hengar på ATV-en, noko som medfører mykje ekstra køyring for å gjere jobben som trengst. Han seier at om ikkje vegen blir brei nok til å frakte naudsynte maskinar, så vil dei vurdere å seie opp avtalen dei har med kommunen.

— Då blir det opp til kommunen om det skal gjerast vedlikehald i naturparken, seier han. Det er Sveio kommune som er grunneigar i naturparken, mens privateigde Rex Garden AS står for stell av blomane og anna vedlikehald i parken.

Bygdelaget varsla

Det var Førde Bygdalag, som samarbeider med Rex Garden om vedlikehaldet i området, som i november 2020 gjorde Sveio kommune merksam på muren. Det var også bygdelaget som i 2006 søkte om og fekk tillating til å bygge Lauvnesstien.

— Det er ikkje vår oppgåve å avgjere om muren er ulovleg sett opp eller ikkje. Men me håpar det går an å kome fram til ei minneleg løysing som inneber at det er mogeleg å kome forbi med maskinar for vedlikehald i naturparken, seier Tor Inge Flåten som er leiar i bygdelaget.

Eit alternativ meiner dei kan vere å sprenge vegen lenger inn i berget, slik at ein ikkje treng å passere over den aktuelle naust-eigedomen, men det vil mellom anna bety kostnadar på fleire hundre tusen kroner.

Vedtok døgnmulkt

Kommunen, som er bygningsstyresmakt, har vurdert saka. Dei har konkludert med at muren er søknadspliktig, men ikkje omsøkt. Administrasjonen har vidare slått fast at muren ikkje var sett opp på nausteigedomen, men på naboeigedomen til nausttomta. Også dette utan godkjenning.

Eigedommen som muren delvis er sett opp på, er det Opplysningsvesenets fond som eig og Sveio kommune som forvaltar. Kommunen gjorde etter dette eit administrativt vedtak, der tiltakshavar fekk ei eingongsbot på 30.000 kroner og ei døgnmulkt på 1.500 kroner for kvar dag som gjekk utan at muren var fjerna.

— Handla i god tru

Det er ekteparet Jan Åge og Gunn Bente Håvardsholm som har fått sett opp muren. Dei meiner at han fungerer som ei naturleg avslutning på Lauvnesstien. Dei viser til at stien ut frå søknaden som bygdelaget sende kommunen i 2006, skulle gå frå deira nausttomt og nordover til Lauvneset.

Dei gav løyve til at tomta deira kunne brukast i anleggsfasen, men meiner at det aldri har vore meininga at ein mellombels anleggsveg skulle vere ein permanent køyreveg over nausteigedomen. Dei meiner vidare det heile tida har vore klart at anleggsvegen skulle rettast når stien var ferdig, og stå fram som ein mindre tursti etterpå.

— Me har handla i god tru, seier Jan Åge Håvardsholm til Vestavind.

Meiner dei fekk grønt lyst

Dei klaga difor på vedtaket om at dei må rive muren og betale dagbøter. I klagen la dei til grunn at dei skal ha fått klarsignal til muren på eit møte med ein sakshandsamar i kommunen 1. september 2020.

Dei meiner sakshandsamar då gav uttrykk for at tiltaket var i eit allereie utbygd naustområde, og at tiltaket dessutan var så lite at sakshandsamar ikkje såg det som naudsynt med ytterlegare godkjenning. At muren vart ført opp på naboeigedomen, og ikkje deira eigen, meiner ekteparet var naturleg, og igjen i tråd med den munnlege aksepten dei meiner å ha fått av kommunen. Dei meiner dessutan at dei har gjort kommunen ei teneste.

— Underteikna har utført og teke kostnaden med arbeidet som grunneigar/ansvarleg sjølv hadde ansvaret for ved opparbeidinga av Lauvnesstien, skriv Håvardsholm i klagen på vedtaket om at dei må rive muren. Administrasjonen i kommunen har på si side avvist at det vart gitt klarsignal for bygging av muren, slik Håvardsholm har lagt til grunn.

Håvardsholm fekk medhald

Politikarane i hovudutval for teknisk/ næring (HTN) gav, i strid med rådmannen si tilråding, Håvardsholmparet medhald då dei handsama paret sin klage på vedtaket om at muren måtte fjernast. I grunngjevinga for forslaget som vart vedteke i møtet i november i fjor, heiter det mellom anna at paret handla i god tru, at muren er ein naturleg avslutning av Lauvnesstien – og at transport for vedlikehald kan skje ved andre tilkomstvegar til parken.

Dette vedtaket har Førde bygdelag klaga på, og det er utgangspunktet for at saka kjem opp på nytt i HTN sitt utvalsmøte onsdag 18. mai.

Jan Åge Håvardsholm seier til Vestavind at han vil etterkome eit eventuelt nytt vedtak om å rive muren.

— Då har me jo i så fall ikkje lenger noko val, men vil då forvente at kommunen ordnar opp i grensa i høve til naboloven, seier han.

— Skuffa

Håvardsholm har sjølv vore prosjektleiar i Førde Bygdalag, og seier til Vestavind at han har lagt ned både dugnadstimar og store pengesummar i strandområdet. Han legg ikkje skjul på at han er skuffa over utviklinga saka har teke i bygda.

— Men turgåarane gir positive tilbakemeldingar, seier han. Han legg til at ein eventuell ny søknad om køyreveg må leggjast utanom deira nausttomt.

Rår politikarane til å gjere om vedtaket

Har Førde Bygdalag klagerett i mursaka? Ja, meiner advokaten deira. Nei, meiner kommunen sin jurist. Sistnemnde meiner likevel at HTN sitt vedtak er ugyldig og må gjerast om.

Sveio kommune sin jurist, Bjarte Stølås Storli, har konkludert med at bygdelaget ikkje har klagerett, då han meiner HTN sitt vedtak ikkje er eit enkeltvedtak, men ei ulovlegheitsoppfølging, noko som ikkje utløyser klagerett.

Ugyldig vedtak

Men juristen legg samtidig til grunn at det tiltaket det er snakk om, ikkje er av «mindre betyding», og at HTN sitt vedtak frå november, om å ikkje følgje opp lovbrotet, difor er ugyldig. Det er nemleg berre tiltak av «mindre betyding» kommunen har høve til å velje å ikkje følgje opp. Han grunngjev dette med at tiltaket i seg sjølv ikkje er særleg omfattande, men at ulempene for allmenne interesser kan seiast å vere uhøveleg store.

Usamd med kommunen

Førde Bygdalag har engasjert advokat Marianne Aadland Sandvik i spørsmålet knytt til om dei har klagerett eller ikkje på HTN sitt vedtak om å la muren stå. Ho konkluderer med at bygdelaget har klagerett i saka. Brevet hennar er journalført i kommunen sin postjournal for 29. april, men var tysdag ettermiddag ikkje lagt ved saka som politikarane skal ta stilling til, og som alle har tilgang til via kommunen si nettside. — Dokumentet vil bli ettersendt før saka kjem opp, opplyste rådmann Jostein Førre til Vestavind tysdag ettermiddag.

Powered by Labrador CMS