nyhende
– Den viktigaste politiske oppgåva i 2025 blir å sikre ein ny kommuneplan
Kva blir den viktigaste saka for deg i 2025? Kven av dine politiske motstandarar likar du å debattera med? Det er to av spørsmåla gruppeleiarane i Sveio svarar på.
– Den viktigaste politiske oppgåva i 2025 blir å sikre ein ny kommuneplan, som legg til rette for vekst og utvikling og styrker den enkeltes valfridom. Samtidig er det aller viktigaste vi som politikarar jobbar med å sikre at primæroppgåvene innan helse og oppvekst blir godt ivaretatt og kan levere dei beste tenestene til våre innbyggarar
– Kva var den viktigaste saka for deg i 2024?
– 2024 har vore prega av arbeidet med ny kommuneplan og dette har nok vore den viktigaste og tyngste saka – spesielt å sikre at innbyggarane sine innspel blei høyrde.
– 2024 har også vore året for rigge oss for ei framtid med store demografiske endringar og sikre et budsjett som underbyggjer dette. Samtidig er jo praten med innbyggarane alltid viktig og ikkje minst nyttig og triveleg. Kva er viktig for dei?
– Kven av dine politiske motstandarar likar du best å debattera med, og kvifor?
– Eg set alltid pris på å debattere med Asle G. Halleraker. Han set seg godt inn sakene og er tydeleg.
– Kven av kommunestyrerepresentantane har du lyst til å framheva?
– Her vil eg trekke fram Vibeke Enerstvedt. Ho kom ny inn i gruppa og tilbake til kommunestyret att ved valet i fjor og bidrog aktivt til beste for innbyggarane frå første møte.
– Kven vinn stortingsvalet til hausten og kvifor?
– Framstegspartiet.
- Klar og tydeleg politikk – valfridom, tryggleik, straumprisar, skattepolitikk og innvandring.
- Misnøye med sittande regjering som viser at dei enten ikkje bryr seg om vanlege folk sine utfordringar eller evnar å gjere noko for å løyse dei.