nyhende

Den tredje staden: den som verken er jobben eller heimen

Ein amerikansk sosiolog har skrive om tredjestadane i samfunnet. – Dei har ein viktig demokratisk funksjon, meiner bibliotekdirektør.

Publisert Sist oppdatert

Kvar og korleis brukar du dagen din?

Mest sannsynleg startar du dagen heime, før du reiser på jobb eller skule. Etterpå gjer du som du vil – kanskje vil du rusle litt, ta ein tur på treningssenteret, kanskje reiser du på biblioteket, på konsert, eller på kafé med ein ven.

I sosiologien blir dette kategorisert gjennom tanken om tre stadar i samfunnet. Ganske enkelt kalla den fyrste, andre og tredje staden.

Den fyrste staden er heime, den andre er jobb eller skule, og den tredje er den staden der du bruker fritida di – der du har rom for å berre vera, utan å bli møtt med store forventningar. Slik som til dømes på biblioteket.

Sentralt i biblioteket

– Ein tredjestad er ein plass som er midt i mellom heimen og jobben, og skal vere ein god stad å vere, seier Merete Lie, direktør for Deichman, bibliotektenesta til Oslo kommune.

Tanken om å vere ein tredjestad står sterkt ved biblioteka. Det blir jobba for å leggje til rette for at det skal vere ein plass ein kan kome, utan at det skal vere forventningar til deg som gjest.

– Dette har stått sentralt i utviklinga av biblioteka våre. Vi har lagt vekt på at det skal vere rom der ein har lyst til å vere, og kan trivast saman med andre menneske.

– Viktig å treffast fysisk

Bibliotekdirektøren meiner at det er fleire grunnar til at tredjestadar er viktige. Mellom anna at fordi det er viktig å treffast fysisk.

– Det har ein verdi å ha felles møteplassar. Desse har, over tid, vorte bygde ned i samfunnet, men består i biblioteket, og har vorte utvikla og gjort meir attraktive.

Å sikre at vi har gode plassar for det fysiske er viktig for evna vår til å forhalde oss til kvarandre og prate saman, ansikt til ansikt, meiner Lie. Plassar ein kan møtast i offentlegheita utanom dei plassane ein berre hastar forbi, slik som til dømes ein bussterminal eller togstasjon.

Demokratisk effekt

Det var den amerikanske sosiologen Ray Oldenburg som fyrst introduserte omgrepet tredjestad, eller third place på engelsk. I 1989 kom han ut med boka «The Great Good Place», som handlar om kafear, bokhandlar, barar, frisørar og andre plassar ein kan henge, og korleis dei får deg gjennom kvardagen.

Det er i denne boka at tredjestaden blir etablert, og her peiker Oldenburg i tillegg på mellom anna den demokratiske funksjonen tredjestadane har hatt opp gjennom – til dømes gjennom agoraane i antikkens Hellas, og gjennom kafeane i London under opplysningstida.

At tredjestadane kan ha ein demokratisk funksjon, er Lie einig i. Å ha eit rom som alle kjenner seg velkomne i, er eit demokratiserande element, meiner ho.

– Du har alle typar menneske og språk som kjem inn døra her. Dei beveger seg i same rom, forheld seg til kvarandre og sit side om side. Nokre pratar saman, nokre arbeider, og nokre gjer andre ting. Det tenkjer eg i seg sjølv er eit godt teikn, på at vi fysisk bevegar oss saman, og ikkje berre i dei digitale romma.

Ikkje minst at biblioteket er gratis å bruke, ser direktøren på som eit demokratisk viktig poeng.

Ein plass utan stigma

Bibliotek er ikkje den einaste typen av rom i samfunnet som blir rekna som tredjestad. Oldenburg definerer tredjestanden som ein heim vekke frå heimen, der ukjende folk blir kjen de. Ein brukar gjerne åtte kjenneteikn for å karakterisere tredjestadane – mellom anna at det er plassar ein kjem til av eigen, fri vilje, at det er plassar der den sosioøkonomiske statusen din er irrelevant, og at det ikkje er jålete.

Merete Lie fortel at dei merka kor mykje eit offentleg, fritt rom hadde å seie for folk da pandemien gjorde at dei fleste måtte stengje dørene. Biblioteka fekk meldingar frå fleire menneske som håpa dei snart kunne opne opp att.

– Vi veit at mange menneske bur åleine og lever livet aleine. Eg tenkjer at biblioteket er ein av dei få stadene der du kan kome inn for deg sjølv, utan å kjenne på at det berre er deg. Det er ingen stigma knytt til bibliotekbruken, og det er ingen som ventar at du skal gjere greie for kvifor du er der. Eg tenkjer at i eit samfunn som er såpass fragmentert, og med så mange menneske som lever aleine, så er dette møteplassar vi skal hegne om.

Powered by Labrador CMS