nyhende
Den største gleda Hjørdis (81) kan ha, er å gjera andre glad
Hjørdis Kallevik (81) frå Rød strikkar, syr, broderer, speler gitar, går turar, driv med hagearbeid og les bøker. Men det aller kjekkaste ho veit om, er å hjelpa andre.
Nokre av lesarane våre har føreslege Hjørdis Kallevik som mottakar av ein sommarbukett. Vestavind bestemte seg difor for å møta eldsjela og verta betre kjend med henne og den friviljuge iveren hennar.
Frå Sveio til Vinje
Den livlege kvinna har vore rotfast sveibu stort sett heile livet, men har òg budd på Vinje i Telemark i ein periode på 15 år, der ho stifta familie saman med mannen. På den tida arbeidde ho på ein byggvarebutikk på Haukeli; ein sosial jobb ho fekk glede av.
Elles var ho ein gong i tida assistent ved Førde barnehage i om lag 12 år. Dei siste åra av arbeidslivet brukte ho på eit kontor ved Sveio byggsenter, der mellom anna varebestilling, fakturering og andre oppgåver var sentrale i rolla hennar som kontordame.
Strikk og trim
No er ho godt i gang med pensjonisttilværet, og ho har difor ein del tid til overs for friviljug engasjement.
Måndagar steller ho og ein liten gjeng i stand sosial samkome på Førde skule for innvandrarar. Strikking, hekling og brettspel er blant aktivitetane dei arrangerer, og kommunikasjonen skal føregå på norsk, slik at innvandrararne får god språktrening og høve til å nytta norsk i kvardagen.
Tysdagar er ho, saman med veninnene Eva Førde og Reidun Johanne Haukås, til stades som vert på Førde bufellesskap. Både lett mosjon, bingo, god mat, kaffi og drøs er sentrale stikkord for tysdagsprogrammet i bufellesskapen.
Aktiv i lag
Elles engasjerer ho seg i ulike lag og styre, som til dømes turlaget. Der er ho med i den såkalla «pannekakegjengen», som tradisjonen tru tek med seg pannekaker på utfluktene dei arrangerer.
— Det er veldig fint å vera med i turlaget. Det set eg stor pris på. I tillegg kjem ein seg til stader ein aldri har vore før, seier Hjørdis, som er tydeleg på at naturen rundt om i Sveio har mange flotte opplevingar å by på.
Ho er dessutan med i bedehusstyret i Førde og leiar for Førde kvinne- og familielag, der dei samlar inn pengar til velgjerdsarbeid, arrangerer basarar og held månadlege møte. Torsdagar steller kvinne- og familielaget i stand kafé for buarane på Førde bufellesskap.
Allsidig
Men dette er ikkje alt. Den aktive eldsjela er òg parat til å ta gitaren og songrøysta fatt. I ny og ne dukkar ho opp på Sveio omsorgssenter med gitaren og inviterer dei eldre til allsong.
Ved sida av å vera friviljug eldsjel driv Hjørdis med ein liten hage utanfor huset sitt i Førde. Der veks både rhododendron, roser, bladsalat og diverse urter for å nemna noko. Når hausten er i gang og det vert meir innetid, set ho seg gjerne ned med ein spanande roman, gjerne av Edvard Hoem, eller så dreg ho fram symaskinen, strikketøyet eller broderiet.
— Det er ein stor hobby å brodera på bunader og dukar. Det er hovudsakleg kvitsaum og plattsaum eg broderer. I tillegg strikkar eg selbuvottar som vinst til basarar, seier Hjørdis.
— Veldig gjevande
På spørsmålet om kva som driv henne i alt ho gjer for dei rundt seg, er svaret klart:
— I glede får ein tre gonger tilbake det ein gjev andre. Eg synest det er veldig gjevande å vera til hjelp for andre, men òg å ha noko meiningsfullt å fylla tida med, seier Hjørdis, som er særs takksam for buketten og nominasjonen.