nyhende
Den store bulkedagen: Slik unngår dyr bilskade i julegåve
Den 22. desember er kjent som den store bulkedagen. Tal frå Finans Norge viser at dagane frå den 20. til og med den 23. desember var 2.788 skadar relatert til parkering i fjor.
– Mange bilar, mørke og dårleg tid. Det er ei perfekt oppskrift på parkeringsbulkar, seier rådgjevar i NAF, Jan Harry Svendsen.
Han oppmodar bilistar til å ta seg god tid, rygge når ein skal parkere og ikkje stole blindt på elektronikken.
– Bruk sensorane som hjelpemiddel, men ikkje stol blindt på dei. System som automatisk parkerer bilen for deg bør du også vere varsam med og ikkje bruke utan at du følgjer nøye med.
Stress ned
Å ha reine ruter og spegel er viktig for å redusere risikoen for uhell. Det beste rådet derimot, er å stresse ned.
– Er ein stressa er det mykje større sjanse for at noko går gale. Tida det tek å fylle ut ei skademelding, jobben i ettertid og kostnadane, bør vere god nok grunn til å bruke nokre få sekund ekstra og vere sikker på at ein ikkje ryggar inn i ein annan bil, tilrår Svendsen.
Ver ryddig
Er likevel uhellet ute, er det viktig at ein ryddar opp etter seg.
– Alle veit at uhell kan skje og med dagens moderne bilar kan skadane ende på fleire titals tusen kroner for det finst mykje teknologi skjult bak støytfangarar og karosseriplater på nye bilar. Ein lapp under vindaugsviskaren er difor det einaste riktige å gjere om ein har vore uheldig og ikkje får fatt på eigaren på staden.