nyhende
Den skikkelege historia
Store omveltingar i samfunnet har endra på kven og kva som blir rekna som skikkeleg, likevel heng gammalt tankegods til ei viss grad att – anten vi likar det eller ikkje.
– Generelt er det vanleg å seie at det å vere ein skikkeleg person har vore knytt til klasse og kjønn. Menn og overklassen har hatt lettare for å bli sett på som skikkelege enn fattige og kvinner, seier historikar Ingar Kaldal til Nynorsk pressekontor.
Kaldal rundar i desse dagar av eit 40 år langt yrkesliv med boka «Skikkelige Folk. Ære og respekt i hverdagslivet». På sett og vis er boka ei oppsummering av virket hans.
– Kvardagsliv og arbeidsliv har vore eit tilbakevendande tema for meg i heile karrieren. Æresomgrepet, og kva det har betydd opp gjennom historia, har vore viktig i dei fleste av prosjekta mine – og i denne boka samlar eg saman og oppsummerer, seier Kaldal.
Klasse var viktig
Historikar Kaldal innleier i boka si med ei sann forteljing frå slutten av 1800-talet i Trondheim. Den fattige arbeidarklassejenta Minda blir funnen livlaus på gata og det blir raskt konkludert med at ho mellom anna har blitt seksuelt misbrukt. Dei mistenkte for ugjerninga er av høgare klasse, noko som fører til at politimeisteren rask legg saka bort.
– Posisjonane mennene hadde i samfunnet blei brukt formildande for dei, medan den fattige arbeidarjente hadde dårleg rykte og difor ikkje blei sett på som ærefull. Ho høyrde på ein måte berre til på gata, fortel Kaldal.
Men saka blei grobotn for debatt og opprør – folk kravde at gjerningsmennene blei straffa. I denne tidsperioden var Noreg på veg inn i ei ny tid med politisk omvelting. Parlamentarismen blei innført, partiet Venstre blei etablert og folk stod i større grad enn tidlegare opp mot makta.
– Kravet blei at du på ein måte skulle ha rett på respekt og ære sjølv om du var fattig. Det skulle vere likskap for lova. Det var ei oppbrotstid der dei gamle måtane å tenke skikkelegheit på blei utfordra. Minda-saka er eit eksempel på at folk no kunne sjå på deg som skikkeleg sjølv om du hadde låg status.
Starten på metoo-bølgja?
Historikaren trekker parallellar frå Minda-saka og fram til vår eiga tid. Sjølv om kvinner frå dei lågare klassane fekk fleire rettar frå slutten av 1800-talet, heng delar av det gamle tankegodset framleis att.
– Metoo-debatten reiste dei same spørsmåla. Om du blir seksuelt trakassert har du rett til å bli respektert. Du skal ikkje skjule det du har blitt utsett for – du skal få lov å fortelje om det og reise sak, seier Kaldal.
Han meiner heile metoo-debatten var prega av at det framleis kostar ei jente ganske mykje å fortelje om overgrep og valdtekt.
– I alle fall om ein ikkje har nok bevis, seier han.
Husmor-spor
Men skikkelegheit og ære har òg vore viktig i andre samanhengar opp gjennom historia. Til dømes har det alltid vore viktig å skjøtte hus og heim på ein god måte. Midt på 1900-talet blei den heimeverande husmora reindyrka og det var mange plikter knytt til det å vere ei god husmor.
– Stordomstida til husmora var 50-talet. Både i reklame og bøker var det eit veldig fokus på henne og oppgåvene ho skulle ta seg av.
Det skulle vere reine klede på ungane og reine laken på klessnora. Ein kunne ikkje ta imot besøk om ikkje alt var plettfritt.
– Om ein ikkje hadde det pent heime gjekk det på husmoræra laus, seier historikaren.
Etter kvart som kvinner i større grad blei ein del av det organiserte arbeidslivet blei det òg lempa på krava, men framleis ser vi husmor-spor i dei tusen heimar.
– Støv og litt rot er meir akseptert når begge vaksne i eit hushald er i lønna arbeid. Men det er framleis sett på som skikkeleg å ha det reint og ryddig hos seg.
Romantisering av bygda
Også det å ha arbeid har historisk sett vore ein viktig indikator på kor skikkeleg ein er. Arbeidslivet på bygda var ofte knytt til kroppsarbeid og det å vere ute i naturen, og mange livnærte seg som skogsarbeidarar. I byen var det industrielt arbeid, men òg mykje kontorarbeid og byråkrati – yrke som kravde utdanning. Kva arbeid ein hadde hang ofte saman med klasse, og fysisk arbeid hadde lågare status enn kontorjobbane. Men ein kunne òg bli sett på som skikkeleg sjølv om ein hadde ein låg-status-jobb.
– Mange med høg status i byen romantiserte skogsarbeidaren og det enkle livet på bygda. Byfolk bygde seg hytter for å dra på landet. Det vart viktig å vise at ein hadde bygderøter, fortel historikaren.
Men når skogarbeidarane etter kvart blei bytt ut med maskiner, flytta mange til byen og fann nye jobbar i industrien.
– Også det kunne vere knytt til status, men var i nokre samanhengar ikkje like ærefullt som kroppsarbeid på bygda. Uttrykket «bønder i byen» kan vere ganske passande, og opphavleg er ikkje det ei heidersmerking. Men så kan ein jo seie at også det uttrykket har blitt meir positivt lada med åra. Ulike bygdedialektar blir til dømes meir respekterte i dag enn før i tida, seier Ingar Kaldal.
Skikkelig i 2025
Historiene om kvinnekamp, husmor-epoken og bygdeliv i gamledagar viser alle at visse element frå den gamle skikkeligheitskulturen framleis heng att i dag. Kaldal seier dette i avslutningskapittelet i boka si:
– Sagt litt meir forsiktig er det framleis mykje ære og respekt knytt til det å gjere så godt ein kan, vere dyktig – ikkje for å bli best, men for å greie noko bra nok. Det gjeld på skulen, i utdanning, på jobb og i fritida – og i dei fleste gjeremål. Kanskje tenker fleirtalet enno slik.