nyhende

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) har vore i fleire møte med NHO-sjef Ole Erik Almelid, administrerande direktør i Virke, Ivar Horneland og LO-leiar Peggy Hessen Følsvik om lønnsstøtteordninga. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) har vore i fleire møte med NHO-sjef Ole Erik Almelid, administrerande direktør i Virke, Ivar Horneland og LO-leiar Peggy Hessen Følsvik om lønnsstøtteordninga.

Den nye lønnsstøtteordninga blir ikkje behandla i Stortinget før etter nyttår

Regjeringa legg fram ei lønnsstøtteordning fredag kveld, men Stortinget får ikkje nokon proposisjon før etter nyttår.

Publisert Sist oppdatert

NTB-NPK: Partane i arbeidslivet har denne veka sete i forhandlingar med regjeringa om ei lenge etterlyst lønnsstøtteordning til kriseramma bedrifter, der målet er å unngå permitteringar.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum legg fram ordninga på ein pressekonferanse litt seinare fredag kveld.

I forkant av pressekonferansen Vedum på talarstolen i Stortinget og forklarte at sidan det tek tid å lage ein god, ny ordning, vil ikkje ein proposisjon komme til Stortinget for behandling før i januar.

– Og eg er sikker på at eit fleirtal i dette rommet vil ha ei ordning som er så god som mogleg, sa Vedum.

Han stadfesta òg fleire punkt i ordninga som har vorte leke tidlegare fredag:

Slik blir ordninga

* Støtta blir utbetalt til verksemder som kan dokumentere eit omsetningsfall på minst 20 prosent på grunn av strenge smittevernreglar.

* Kvar verksemd kan få inntil 30.000 kroner i støtte per tilsett per månad. Beløpet blir tilpassa etter kor stort omsetningsfall kvar verksemd har.

* Det minste ei verksemd kan få utbetalt, er 3.000 kroner per tilsett per månad.

* Kvar verksemd kan maksimalt få 47 millionar kroner i støtte frå ordninga.

* Verksemder som får støtte, får støtte for alle sine tilsette. Ordninga gjeld òg for lærlingar. Det er ein eigen sats for desse, erfarer NTB.

Verknad frå 1. desember

Ordninga får verknad frå 1. desember og vil i første omgang gjelde ut januar 2022. Viss dei strenge smitteverntiltaka held fram, kan det bli aktuelt å forlengje lønnsstøtta med éin månad, det vil seie ut februar 2022.

Etter det NTB erfarer, ligg det eit krav om permisjonsforbod i ordninga. Det vil seie at ei bedrift som får lønnsstøtte, kan ikkje permittere tilsette i perioden dei får støtta. Finansministeren stadfesta ikkje dette punktet i Stortinget fredag. Fleire bedrifter, blant dei hotellkjeda Scandic, har allereie sendt ut permisjonsvarslar til sine tilsette før jul.

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik kjem med ei tydeleg oppmoding til desse:

– Trekk tilbake permisjonsvarsla. Ta i staden i bruk ordninga med lønnsstøtte og hald folk i arbeid der det er mogleg, seier Følsvik til NTB.

(©NPK)

Bilete: Xj8uErMqqBk
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik kjem med ei tydeleg oppmoding: – Trekk tilbake permitteringsvarsla! Foto: Heiko Junge / NTB

Powered by Labrador CMS