Jorunn Skåden har gjort seg bemerka som ordførar i Sveio. No vil ho satse på familien, frivilligheit og golf.
Jorunn Skåden har gjort seg bemerka som ordførar i Sveio. No vil ho satse på familien, frivilligheit og golf.

nyhende

Den nye kvardagen: – Familie, golf og treningsinstruktør

Etter 12 år til saman som ordførar er Jorunn Skåden klar for å roe ned.Men berre litt.

Publisert Sist oppdatert

Kontoret har Jorunn Skåden allereie byrja å pakka ned. No er det ikkje lenge til nokon andre skal ta over. Kven det blir veit ingen akkurat no.

Fem barnebarn

– Det er litt blanda følelsar, men det er på ein måte greit også. Eg har vore ordførar lenge, så det er fint å stoppa i tide. Det å ha vore ordførar i så mange år, og til saman rundt 20 år i politikken, gjer at eg tenkjer det er nok, så nå må eg ha litt pause, ler ho.

Nå ser valestrendingen aller først fram til kvalitetstid med familie og venner.

– Nå er det berre herlig å ha tid for seg sjølv og kunne bestemma over den, det skal bli deilig. Og så har eg nettopp blitt mormor igjen, til ei lita jente i Oslo. Med fem barnebarn skal det bli kjekt å kunne bruke litt meir tid med dei.

Skåden påpeiker at ho fint har klart å kombinera jobb med kvardagen, men at det skal bli fint å ha litt ekstra tid å porsjonera ut over til kjente og kjære.

Høgt nivå

Etter rundt to tiår i politikken i Sveio har 65-åringen gjort seg opp mange tankar om samfunnet.

– Kva er du mest stolt over etter til saman 12 år samanlagt som ordførar?

– Først og fremst er eg takknemleg for at Sveio Arbeidarparti og innbyggarane har gitt meg den tillit å få vere ordføraren deira i alle desse åra. Det eg er mest stolt over, er at me har brakt Sveio dit me er i dag. Det har eg fått til i lag med mange andre sjølvsagt, eg har ikkje gjort det åleine. Det får ein til med godt samarbeid, både med administrasjon og andre politikarar i fellesskap. Det å ha fått Sveio opp på det nivået me er på no det er eg kjempestolt over, så me treng ikkje stå med lua i handa, seier ho.

Ho trekk spesielt fram arbeids- og næringslivet i kommunen.

– Me er kome langt og er eit moderne samfunn, me har fasilitetar me er kry over. Mange ønskjer å bu her, og det er mange fine områder å bu, ein kan finna jobb i Sveio, men også i heile regionen. Me har eit næringsliv eg er stolt over, eit utruleg spanande næringsliv som me verkeleg må framsnakka og støtta.

Jorunn Skåden gir frå seg ordførar-kjedet for andre og siste gong.

Treningsinstruktør

Kva no med arbeidslivet? Til trass for at ho er utdanna, og har jobba mange år som lærar, har ho ikkje tenkt seg tilbake igjen til gamle vaner.

– Eg har faktisk fått eit tilbod av dottera mi som drifter to treningssenter. Der skal eg få vera med litt administrativt og også få ha min eigen time rundt to gonger i veka der eg er instruktør. 

Treningstimen ho skal leie blir kalla for «godt vaksen» og er ein samansett time av litt forskjellig, ifølgje Skåden.

Forutan dette skal ho rett og slett nyta livet.

– Det blir litt meir golf tenkjer eg, eg har byrja å jobba meg opp til eit betre nivå enn eg har i det siste. Så det skal bli veldig spanande for golf er fantastisk. Elles vil me reisa litt, mine favoritt reisemål er nok Mellom-Europa, til dømes Italia, Frankrike og Spania. Det eg gler meg mest til no er rett og slett friheit, det å kunna styra tida sjølv. Det ser eg fram til.

Vil vera frivillig

Frivilligheit er noko som står Skåden nær.

– Me har eit kulturliv og eit frivilligheitsliv som blomstrar. Det er mange som er svært aktive i kultur og idrett, og me har ein gjeng med barn, unge og eldre som deltar som frivillige på eiga fritid her i Sveio og det er veldig bra. 

Skåden har latt seg inspirera av desse og ønskjer å bruke meir tid på å vera med som frivillig i framtida.

– Det må eg sei, etter å ha sett dei som jobbar på frivilligsentralen og alt det som blir gjort på sidelinja, så er eg så imponert over dei. Så eg håpar å vera med å bidra, og kanskje forplikta meg til noko der i framtida. Me får sjå, smilar ho.

Denne saka blei først publisert i papiravisa 26. september 2019.

Powered by Labrador CMS