nyhende

Trekløveret i Vestavind blei fulltalig måndag. F.v. journalist Morten Vågset Møller, redaktør Ellen Marie Hagevik og dagleg leiar Susanne Lie Vallestad. Selfie: Susanne
Trekløveret i Vestavind blei fulltalig måndag. F.v. journalist Morten Vågset Møller, redaktør Ellen Marie Hagevik og dagleg leiar Susanne Lie Vallestad. Selfie: Susanne

Den nye journalisten er på plass

Sidan midten av juni fjor har Vestavind vore utan fast tilsett journalist. Måndag morgon blei me endeleg fullt bemanning i avisa.

Publisert Sist oppdatert

Morten Vågset Møller (26) har flytta frå Skien til Vestlandet, og valde å køyra langs kysten for å bli kjent med den ytre delen av landet.

– Det var ei oppleving med mykje flott og variert natur, seier han, og gler seg til å bli enno betre kjent i Sveio. Ikkje minst med dei som bur her og alt som skjer i kommunen.

No blir det bokmål

Med 197 centimeter på strømpelesten blir han lett synleg etter kvart som han begynner å farta rundt. Dei første dagane blir brukt til å setja seg inn i ein haug med nye ting, men han er allereie i gong med å skriva den første artikkelen.

Bokmål dukkar opp i Vestavind med ujamne mellomrom. No blir det fast målføre ei stund framover for Morten. Det har til tider vore utfordrande å få fatt i journalistar, mellom anna fordi Vestavind er ei nynorskavisa. For ei tid tilbake valde derfor styret å opna for bokmål for å gjera det noko lettare å få gode søkarar.

Ta vel imot Morten når han ringer eller kjem innom!

Vil du har fatt i han når du han på e-post morten@vestavind-sveio.no og mobil 45500220.

Frå vikar til frilansar

Torsdag sist veke var det avskilslunsj for supervikar Einar Vestvik. Han har jobba 2-3 dagar i veka – og meir innimellom – sidan etter sommarferien i fjor. Han har vore til uvurderleg hjelp for å få ut avisa, og Vestavind er heldige som har ein slik kapasitet å dra vekslar på.

Einar sluttar ikkje heilt, og blir med vidare som ein av dei flinke frilansarane våre.

Einar Vestvik har gjort ein stor innsats for Vestavind dei siste to åra, og fekk Sveio-flasko og Vestavind-solbriller som ein liten takk.
Powered by Labrador CMS