nyhende

Jens Stoltenberg blir finansminister i Støres regjering og får permisjon frå Tryggingskonferansen i München. Foto: Thomas Fure / NTB / NPK
Jens Stoltenberg blir finansminister i Støres regjering og får permisjon frå Tryggingskonferansen i München.

Den første reine Ap-regjeringa på 25 år

Statsminister Jonas Gahr Støre presenterte den nye regjeringa si på Slottsplassen tysdag. – Den første reine Ap-regjeringa på 25 år.

Publisert Sist oppdatert

Det sa Støre til jubel og klapping frå frammøtte på Slottsplassen.

– Her er det nokre nye ansikt, nokre kjende og nokre veldig kjende ansikt, sa han.

Blant dei «veldig kjente» som Støre siktar til, er Jens Stoltenberg, som blir finansminister.

– I sum er dette eit lag som er klar til å ta fatt på å styre Noreg i ei krevjande, utsett tid. Dei er valde for å kunne ta den oppgåva. Vi er på jobb for Noreg, sa Støre.

– Det er ei ære

Jens Stoltenberg får permisjon frå Tryggingskonferansen i München (MSC) for å bli ny finansminister i Noreg.

– Eg kjenner det som ei ære over å ha vorte spurd om å hjelpe landet mitt i denne kritiske situasjonen, uttaler Stoltenberg i ei pressemelding som MSC har sendt ut.

– Etter ei grundig vurdering bestemde eg meg for å seie ja til statsminister Støres førespurnad om å bli finansminister i Noreg, seier han vidare.

– Vi er stolte over at den kommande leiaren vår igjen har vorte spurd om å tene landet sitt, skriv president for MSC-rådet, Wolfgang Ischinger, i ei pressemelding som NTB har fått.

Stoltenberg vil komme tilbake til MSC når han er ute av offentleg teneste, heiter det i pressemeldinga.

Statsminister Jonas Gahr Støre i det han kjem ut med den nye regjeringa på Slottsplassen etter ekstraordinært statsråd tysdag formiddag.

Nytt lag

Den nye regjeringa vart utnemnd av kong Harald i eit ekstraordinært statsråd like før dei kom ut på Slottsplassen.

Åtte nye statsrådar går inn i den nye mindretalsregjeringa frå Arbeidarpartiet for å erstatte Senterparti-statsrådane som går ut.

  • Tidlegare statsminister, finansminister og generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg (65), blir finansminister.
  • Tidlegare fylkesordførar i Trøndelag, Tore O. Sandvik (55) , blir forsvarsminister. Han var i fjor haust vikar for klima- og miljøministeren.
  • Dommar og tidlegare statssekretær i Justisdepartementet, Astri Aas-Hansen (54) , blir ny justisminister.
  • Avtroppande partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng (50), blir ny kommunalminister.
  • Stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen (36) blir ny landbruks- og matminister.
  • Stortingsrepresentant Lene Vågslid (38) blir ny barne- og familieminister.
  • Tidlegare leiar i miljøstiftinga Zero, Sigrun Gjerløw Aasland (46) , blir ny forskings- og høgare utdanningsminister. Ho var fram til utnemninga statssekretær i Klima- og miljødepartementet.
  • Stortingsrepresentant Åsmund Aukrust (39) blir ny utviklingsminister.

Held fram som før

Resten av regjeringsmedlemmene frå Arbeidarpartiet held fram i posisjonane sine, blant dei nestleiarane Jan Christian Vestre som helse- og omsorgsminister og Tonje Brenna som arbeids- og inkluderingsminister.

Dei nye statsrådane tek over kontora frå dei avtroppande Senterparti-statsrådane i nøkkeloverrekkingar seinare tysdag.

Listhaug: – Endeleg ein kompetent finansminister

Frp-leiar Sylvi Listhaug er glad for å ha Jens Stoltenberg tilbake i norsk politikk. Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen meiner det ikkje er nye ansikt regjeringa treng mest.

– Eg vil gratulere alle nyutnemnde statsrådar. Det er hyggeleg å kunne ønskje Jens Stoltenberg tilbake i norsk politikk. Etter tre og eit halvt år får Noreg endeleg ein kompetent finansminister, men dessverre er politikken den same, seier Listhaug til NTB.

Martinussen er på si side meir avmålt.

– Det regjeringa treng mest er ikkje nye ansikt, men ei ny handlekraft, for å levere på det som er viktig for folk, seier Raudt-leiaren.

Powered by Labrador CMS