NPK-NTB: Ho seier den viktigaste jobben hennar blir å verne NRKs posisjon.
Fürst Haugen vart presentert som ny NRK-sjef av styreleiar Birger Magnus torsdag, og fekk overrekt blomster og mykje ros frå styreleiaren.
– Tusen takk for blomstrar og gode ord. Eg er veldig glad og litt overvelda akkurat no, var det første den nye kringkastingssjefen sa etter nyheita.
Ho seier ho er toppmotivert til å ta fatt på det ho beskriv som den mest morosame medieleiarjobben i landet.
– Det er ei breidd i det vi held på med som er utruleg motiverande. Vi har skyhøge ambisjonar om å styrkje og utvikle demokratiet og å samle alle her i landet, sa Fürst Haugen.
På spørsmål om kva som blir den aller viktigaste jobben hennar som kringkastingssjef, framhevar Fürst Haugen det å verne den gode posisjonen til NRK i medielandskapet.
– Det er mange ting som går bra i NRK. Vi hadde i fjor vårt sterkaste år nokosinne. Vi har høg tillit, høg bruk og høgt omdømme. Det viktigaste blir å verne den posisjonen, noko som vil krevje masse av oss, sa ho.