nyhende
– Den beste badeplassen er rett nedanfor huset!
Alle har ei meining om bading, enten ein likar det eller ikkje. Men kor er det best å bada, og er ferskvatn betre enn saltvatn? Me tek debatten og har spurt fleire sveibuar.
Sumaren har komen, og det same har sesongen kor du går berrføtt gjennom mudder, sand og steinar for å nå vatnet. Dei fleste er samde i at bading er kjekt, men usemja herskar rundt detaljane. I ein vakker kommune som Sveio som er omringa av sjø på tre sider, og har veldig mange flotte vatn å bada i, kva er best? Og kvifor?
Me har teke eit djupdykk i bade-debatten og kvar veke kjem nye svar på følgjande spørsmål:
Bjarte Stølås Storli (36), Auklandshamn
– Kva er best å bada i av ferskvatn eller saltvatn? Og kvifor?
– Saltvatn! Lukta av hav gir den beste sommar- og badestemninga.
– Kvar er den beste badeplassen i kommunen?
– Eg er så heldig at eg bur berre nokon hundre meter frå sjøen, så for meg er den beste badeplassen rett nedanfor huset!
– Ville du ha bada i sjø/vatn kvar dag i eit år (også når det er kaldt), eller berre få dusja annakvar veke?
– Ingen tvil – ville heller ha bada i sjøen kvar dag!