nyhende
Dementerer rykte om nedlegging i Førde
Det går rykte om at brannstasjonen i Førde skal leggjast ned, noko som ikkje stemmer. Brannsjef Dag Botnen ved Haugaland brann og redning iks kan tvert i mot fortelja at nordre del av Sveio kan få betre beredskap.
– Ryktet om nedlegging i Førde vil eg tru har oppstått som følgje av at me ønskjer å gjennomføra ein pilot med fremskutt innsatsmannskap nettopp i Førde. Dette er eit konsept som sikrar oppmøte og gjev tidlegare respons. Ordninga passar særs godt for Førde stasjon der mannskap bur over heile nordre del av Sveio. Målet er å få ein endå betre beredskap enn det som er tilfelle i dag, men ikkje ved å legga ned, men ved å bygga vidare på eit konsept som Sveio kommune har praktisert i lang tid, seier brannsjef Botnen.
Han meiner det er verdt å ta med seg at ein brannstasjon ikkje har sløkt brann i Noreg, det er mannskapet som gjer dette.
Framtidsanalyse
Det er Sveio kommune som fastset korleis brannordninga i kommunen skal vera. Haugaland brann og redning iks har fått ei oppgåve av sine åtte eigarar å sjå på korleis brannvesenet skal organiserast og dimensjonerast for framtida.
Ifølgje brannsjefen skal det i haust lagast ei analyse som skal vera eit beslutningsgrunnlag for kommunane. Av dagens 20 stasjonar skal det mellom anna sjåast på kor brannstasjonar skal lokaliserast, kva type og storleik stasjon skal vera og kva skal me fylla stasjonane med av mannskap, utstyr og kompetanse.
– Ved ny stasjon i Sveio har me likevel gjort eit grep som føregrip ein analyse: Me legg til rette for at mannskap ved Førde stasjon kan få «vask og rens» her. Dette gir oss eit handlingsrom for løysingar for Førde stasjon. Førde stasjon skal utover dette vurderast på lik linje med 19 andre stasjonar, fastslår leiaren i Haugaland brann og redning iks.
Berømmar innsatsen
– Først vil eg seia at den innsatsen som mannskap gjer når brann og ulukker oppstår, det gjer meg stolt. Dette er mannskap beståande av kvinner og menn som legg alt til side, natt som dag, for å hjelpa den eller dei som treng hjelp. Det kan vera alt frå helseoppgåver, ulukker i trafikken til brannar og naturhendingar. Dei er Sveio kommune sin kvardagsberedskap og dei skapar tryggleik og dei reddar liv, presiserer Botnen.
Brannsjefen i Haugaland brann og redning iks, kjem til slutt med ei oppfordring til potensielle mannskap i Sveio kommune.
Me treng fleire
– Me treng fleire mannskap til Førde og Sveio brannstasjonar, og ønskjer du ein meiningsfull deltidsjobb med gode kollegaer og utfordrande oppgåver, bli ein brannkonstabel. Me har diverre måtta seia nei til nokon av søkjarane i seinare tid som følgje av dei kriterium som følgjer stillinga, så sjekk vår stillingsutlysing på vår heimeside: www.hbre.no og vurder om dette er noko for deg.
Og til arbeidsgjevarar som er i tvil om det er riktig å la ein tilsett få vera med i brannvesenet: Du får ein kompetent tilsett i eiga verksemd som kan både førstehjelp og brann, noko som kan kome til nytte om eit uhell eller ein brann skulle skje, påpeikar Botnen.