nyhende
Demensaksjonen 2020 er digital
Årets demensaksjon blir digital, men formålet er like viktig som før.
– Koronapandemien set ein stoppar for bøsseinnsamlinga, men innsamling blir det, kampen er nemleg like viktig i år som tidlegare, fastslår Linda Valen på vegne av Einstadbøvoll helselag.
Løysinga for å samla inn pengar i år blir å ta steget inn i den digitale verda, og samla inn pengar via Vipps. Årets demensaksjon startar på den internasjonale Alzheimerdagen 21. september og blir avslutta søndag 27. september. Innsamling skjer lokalt, og helselaget sender pengane vidare til Nasjonalforeningen sentralt.
– Me er sværte spente på korleis ein digital aksjon vil slå ut på resultatet, men me er optimistiske for me veit at folk i bygdene alltid har vore flinke å støtta dette viktige arbeidet, seier Valen.
Nasjonalforening for folkehelsen bidrar til demensforsking med innsamla midlar. Einstadbøvoll helselag har oppretta eit Vippsnummer og ein bankkonto til årets lokale aksjon.
For å støtta aksjonen bruk Vippsnummer 137268, eller kontonr. 3520 56 59569.