Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Delte meiningar om kvifor me feirar påske
Fem barn fra avdelinga Sjøstjerno i Førde barnehage fekk i oppdrag å svara på påskerelaterte spørsmål. Blant anna om kvifor me feirar påske og om dei har sett noko til påskeharen.
Liam Danielsen, 4 år
-
Kva pleier du å gjera i påsken?
Eg og familien pleier å dra til Kvitsøy. Der fangar me krabbar, reker og fiskar. Men eg tør berre å ta på dei små krabbane. Og så spelar eg eit robotspel. -
Kva slag påskesnop likar du best?
Eg likar best sjokolade, slikkepinne og eit sånt godterikjede som eg kan ha rundt halsen. -
Veit du kvifor me feirar påske?
Nei, eg vet ikkje kvifor me feirar påske. -
Har du sett påskeharen før? Kvar?
Eg har møtt påskeharen to gonger på Kvitsøy. Då fekk eg to egg med leiker og godteri. -
Skal du på påskeeggjakt i år?
Eg skal på påskeeggjakt hos mormor med mamma og pappa. -
Kva håper du å finna i påskeegget?
Eg håper eg får leker og godteri.
Haakon Nygård, 4 år
-
Kva pleier du å gjera i påsken?
Rampenissen gøymer påskeegga, og så finn eg dei. -
Kva slag påskesnop likar du best?
Sjokolade, appelsin, druer, kiwi, sjokoladehjarte og påskeegg. -
Veit du kvifor me feirar påske?
Me feirar påske fordi me likar sjokolade. -
Har du sett påskeharen før? Kvar?
Ja, eg har møtt påskeharen. Han var i eit tre og gøymde alle påskeegga. Han hadde store øyre og var kvit. -
Skal du på påskeeggjakt i år?
Eg skal leita i tre og i kaninhol. Eg skal finna minst åtte påskeegg. -
Kva håper du å finna i påskeegget?
Sjokolade, kiwi og druer.
Annonse
Tiril Økland, 5 år
-
Kva pleier du å gjera i påsken?
Eg pleier å sjå etter påskeharen, og så finna påskegga hans. -
Kva slag påskesnop likar du best?
Eg likar sjokolade. -
Veit du kvifor me feirar påske?
Fordi Jesus vakna opp igjen. -
Har du sett påskeharen før? Kvar?
Eg hugsar ikkje. -
Skal du på påskeeggjakt i år?
Eg skal leita med broren min Jonas, og mamma og pappa. Egga ligger over heile hagen. -
Kva håper du å finna i påskeegget?
Eg vil ha godteri, leiker, leikesommerfuglar og hjarte.
Selma Tveita, 4 år
-
Kva pleier du å gjera i påsken?
Eg pleier å leite etter sjokoladeegg på eit fjell ved bestemor og bestefar. -
Kva slag påskesnop likar du best?
Eg likar sjokolade og tyggis, sånne som ein kan laga bobler med. -
Veit du kvifor me feirar påske?
Det var nokon som var sinte på ein mann, og så blei han død, og så kom han tilbake. -
Har du sett påskeharen før? Kvar?
Eg såg påskeharen på fjellet hos bestemor og bestefar. -
Skal du på påskeeggjakt i år?
Eg trur eg finner fem påskeegg, med mamma og pappa. -
Kva håper du å finna i påskeegget?
Sjokolade og masse snop.
Annonse
Amanda Nygård, 5 år
-
Kva pleier du å gjera i påsken?
Eg pleier å finna påskeegg. -
Kva slag påskesnop likar du best?
Sjokolade og godteri. -
Veit du kvifor me feirar påske?
Nei. -
Har du sett påskeharen før? Kvar?
Ja, han hadde store øyre og var kvit. -
Skal du på påskeeggjakt i år?
Ja, hos bestemor og bestefar med bror min. Men eg kjem til å finna egget først. -
Kva håper du å finna i påskeegget?
Masse snop!