nyhende

Grunneigarlag med mange prosjekt og planar:

Deler inntektene med heile lokalsamfunnet

Vigdar Grunneigarlag har gode inntekter frå Fjon Bruk, men det har aldri vore intensjonen at desse inntektene berre skal koma medlemmene til gode. I staden blir pengane år for år brukte på tiltak som heile lokalsamfunnet kan ha glede av.

Publisert Sist oppdatert

Dette har resultert i gapahukar, grillplassar og turstiar. I fjor sjøsette laget også ein 40 kvadratmeter stor badeplattform med både gapahuk og grill, stupetårn og badestige, fortel Hans Reidar Tveitaskog og John Ragnar Tveit.

Laget gir også tilskot til andre lag og foreiningar med tilknyting til vassdraget. Sist gjaldt det ei speidargruppe med tilknyting til Liavatnet. Og nye prosjekt er på gang. Her er dei to karane sparsame med detaljar.

7,3 kvadratkilometer

Vigdarvatnet er Sveio sin desidert største innsjø, 7,3 kvadratkilometer i flate og over 60 meter djupt somme stader. Heile vassdraget omfattar i tillegg 30 større og mindre vatn. Grunneigarlaget blei etablert i 1969 og har rundt 100 medlemmer.

Tveitaskog har vore styreleiar dei siste fire åra og har også ei fortid som sekretær i ein lengre periode på 1990-talet. På årsmøtet i vår overlot han leiarvervet til Jan Holger Hamre. Tveitaskog stiller likevel framleis opp for laget når den nye leiaren ikkje kan. Vestavind har vore på båttur på Vigdarvatnet med Tveitaskog og nyvald styremedlem John Ragnar Tveit.

Hans Reidar Tveitaskog ved grindabygget i enden av turstien frå Bjelland.

Stort prosjekt

Dei to kjentmennene vil gjerne snakka om badeplattforma til 440.000 kroner, og om den nye plasseringa plattforma har fått i løpet av vinteren.

– Den første som for mange år sidan kom på tanken om å skaffa ei badeplattform, var no avdøde Harald Mundal, fortel dei.

For godt og vel eit år sidan blei draumar og planar til røyndom då betongflåten blei ankra opp utanfor rasteplassen ved Mjelkeneset. Finansieringa blei denne gongen gjennomført som eit spleiselag. I samband med 50-årsjubileet sitt sette Fjon Bruk av eit fond til tiltak i vatnet, og av desse midlane fekk grunneigarlaget dekka halvparten av kostnadene til badeplattforma.

Sveio kommune gav eit tilskot på 100.000 kroner medan grunneigarlaget dekka resten. Fjon Bruk  dekka også materialkostnadene til ein gapahuk som blei sett opp på Fjon i fjor. Her står det enno att å leggja torv på taket.

Badeplattforma flytta

– Plasseringa utanfor Mjelkeneset viste seg å vera uheldig av fleire grunnar, fortel Tveitaskog og Tveit.

På grunn av djupneforholda måtte flåten dessutan plasserast ca. 170 meter frå land. Enkelte frykta alvorlege ulukker ved at folk utan tilstrekkeleg symjeferdigheiter kunne prøva å symja ut til floten. Nærleiken til Fv. 47 blei også kommentert, med den støyen og risikoen som trafikken representerte. Kommunen anmoda difor grunneigarlaget om å finna ei ny plassering, fortel omvisarane våre. Plattforma er no ankra opp ved ein av Apelandholmane, godt skjerma for vind og ver.

– Det er jo litt meir avsides, men samstundes har det alltid vore meininga at brukarane skulle ta seg fram til plattforma i båt, seier Hans Reidar Tveitaskog.

Han minner om at Friluftsrådet Vest har eit frilager med kanoar til gratis utlån ved rasteplassen. Dette kan løysa problemet for dei som ikkje har båt i vatnet, seier han.

Badeflåten er no ankra opp ved ein av Apelandholmane.

Nær kulturminne

Om badeplattforma no ligg noko lengre frå sentrum og rasteplassen på Mjelkeneset, er avstanden mykje kortare til vika der turstien langs Bjellandselva endar. Her bygde grunneigarlaget eit grindabygg med grillplass for fem-seks år sidan. Staden er mykje nytta, mellom anna til aktivitetar for barn.

Plattforma ligg no også mykje nærare eitt av dei mange kulturminna langs Vigdarvatnet, nemleg Bruraholmen med det eldgamle steinaltaret. Staden er omtalt i boka «Kulturminne i Sveio», som kommunen har gitt ut. Her er det også gitt plass til eit fyldig sitat frå Sigurd Tveit si bok «Vandring i nærmiljøet» (1989).

Etter segna som blir fortalt, skal holmen ha fått namnet sitt etter at eit brurefylgje gjekk gjennom isen og drukna her på veg frå Bråtveit til Sveio kyrkje. Altaret skal ha blitt bygt til minne om dei omkomne. Når dette skal ha skjedd, er uvisst. Sigurd Tveit påpeikar at det i alle fall må vera  etter at Sveio fekk si første kyrkje på 1100-talet.

Altaret på Bruraholmen. Eit måkepar har tydelegvis tatt kulturminnet i bruk som reirplass.

Har sett ut sjømerke

Under vegs på vatnet observerer me også eit anna tiltak som grunneigarlaget har gjennomført. På ei rekke grunnar og skjer er det nemleg sett opp stakar for å utvara båtfolket og avverga grunnstøytingar.

– Dette er viktigare og viktigare etter kvart som det blir fleire snøggåande båtar på vatnet. Men isen herjar svært med desse sjømerka. Me brukar difor mykje tid kvart år på vedlikehald, fortel Tveitaskog og Tveit.

Kor mykje Fjon Bruk årleg betalar til grunneigarlaget for å ta ut vatn frå Vigdarvatnet til produksjonen sin, er ikkje offentleg ifølge Tveitaskog og Tveit. Men dei let oss forstå at 30.000 kroner frå sal av fiskekort, er lite mot det dei får frå oppdrettsselskapet.

Samstundes understrekar dei at Vigdarvatnet er eit uvanleg godt fiskevatn med store bestandar av aure og røyr (røye). Tidlegare var det også ein større bestand av ål i vatnet, til særleg glede for tyske turistar. Tveitaskog fortel at han ein gong fekk ein meterlang havål på garn. Før i tida var det heller ikkje uvanleg å få laks. Grunnforholda gjer at vatnet aldri blir surt, noko som elles har vore eit problem mange stader tidlegare.

Vigdar Grunneigarlag har merka mange grunner og skjer med stakar.

Rikeleg med fisk

Tidlegare har grunneigarar langs vatnet fiska for matauk i Vigdarvatnet. I seinare år har sportsfiske blitt meir vanleg, og fleire enn før av dei som fiskar, kjem utanbygds frå.

– Diverre har me mistanke om at mange av dei let vera å løysa fiskekort. Det er ikkje slik det skal vera, seier Tveit.

Det er svært lett å få napp i Vigdarvatnet. Grunneigarlaget meiner det er for mykje fisk og ønskjer å redusera talet for å få opp storleiken. Difor har dei også i fleire år hatt ei ordning der dei betaler folk for å driva med organisert oppfisking. Dette har avtatt noko dei siste åra.

– Stor fisk er mykje sjeldnare no enn tidlegare, seier Tveit.

Både han og Tveitaskog er ivrige fiskarar og har fiska sidan dei var barn. Tveitaskog fortel at han i 12-13-årsalderen samla opp aure i merd og sykla til Haugesund i helgene og selde på dørene.

– Fisk frå Vigdarvatnet gjekk som varmt kveitebrød, minnest han.

Gapahuken på Fjon er plassert like under brua på E39, der Fjonelva startar. Det står att å leggja torv på taket.

Fiskekort også for garn

No for tida reknar dei at det i gjennomsnitt går fire fiskar på ein kilo. Samstundes er det innført ein regel om at fisk over ein halv kilo er å sjå på som stamfisk og skal sleppast ut igjen.

Sportsfiskarar kan fiska med sluk, mark eller oter i vassdraget. Garnfiske er i utgangspunktet  for grunneigarane, men det er også råd å kjøpa fiskekort for garnfiske. Dette er ikkje minst aktuelt i samband med fiske etter røyr i gytetida om hausten.

Tveitaskog og Tveit har ikkje svar på kor mange tonn som blir fiska opp kvart år.

Powered by Labrador CMS