nyhende

Del sommarbildene dine

I dag har det vore ein fin dag etter eit døgn med mykje vatn og vind. Men dårleg vêr stoppar ikkje vestlendingar, og kanskje har du sommarbilder med uvêr som tema.

Publisert Sist oppdatert

Varm juni og våt juli er ei kort oppsummering av sommaren så langt. Anten det er regn eller solskin på bildene, lagar me eit album med sommarbilder lesarane sender til oss. To av lesarane våre har allereie sendt inn bilder, og dei finn du i albumet til denne saka.

Send sommarbildene dine til tips@vestavind-sveio.no. Skriv gjerne kvar bildet er tatt, eventuelt kven som er på bildet, samt kven som er fotograf.

Er det ungar med på bildet som ikkje er dine, er det fint om du sjekkar med føresette at det er greit å publisera det offentleg.

Fortsatt god sommar!

Powered by Labrador CMS