Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Utvandringa frå Sveio til Amerika:
Del 3: Dristige pionerar
Historia om pionerane frå Sveio viser at utvandringa kosta dei blod, sveitte og tårer. Samhaldet mellom nybyggarane blei sterkt, og dei tok vare på minnet om den strevsame reisa og alle dei vonde opplevingane dei måtte gjennom før dei fekk etablert seg.Saka var på trykk i Vestavind 4. november 2010.
Koleraen herja i dei norske busettingane. Mange døydde og av koldfeber og andre sjukdommar. Tømmerstovene var små og ikkje tette nok til å halde snøen ute. Mange av nybyggarane leid av matmangel og utmatting. Det var nok mange som lengta tilbake til dei trygge tilhøva heime i Noreg. Store-Per og resten av følgjet frå Sveio som kom til New York med barken Therese sommaren 1852, var ikkje klar over kor dårleg tilhøva var for nybyggarane i Midtvesten. Etter ei heller grei reise, fekk dei eit dramatisk møte deira nye heimland då dei blei sett i land midt i eit aude skogområde. Då dei blei omringa av krigsmåla indianarar, trudde dei fleste at det var slutten.
Brevet frå Amerika
I førre veke følgde me ei gruppe utvandrarar på reisa frå Sveio til Waupaca i Wisconsin. Det blei ei lang og krevjande reise. Me skal no vende heim att til slektningane og naboane til dei som reiste i 1850. Heime i Sveio visste dei lite om korleis det gjekk med slektningane i Amerika. Det skulle gå eit heilt år før slektningane på Tjernagel fekk brev frå Amerika. I brevet kunne dei lese at Mikkel Johannesson og Philupus Knutson hadde busett seg i Waupaca, og at alt sto bra til i det nye landet. Det var ikkje alltid heile sanninga kom fram i amerikabreva. Slekt og venner på Tjernagel blei sterkt oppmoda om å kome etter. I brevet var det nøyaktige skildringar av kva reiserute dei skulle følgje for å kome til Waupaca.
Peder Larson budde heime på garden til foreldra sine på Lien. Mor hans var systera til Kirsti Pedersdotter, som var kona til Philipus Knudson Lien. Peder Larson var 25 år gammal i 1851, og hadde nettopp gifta seg med Malene Christensdotter. Malene var søstera til Peder Christenson Tjernagel, som reiste til Amerika med familien allereie i 1849. Med andre ord, så hadde begge to nære slektningar i Amerika. Det unge ekteparet såg ikkje dei store framtidsutsiktene i heimbygda, og hadde snakka om å bryte opp og flytte til Amerika.
Store-Per
Peder Larsen er ein mann det er verdt å vie litt ekstra merksemd. Han er ein mann som heilt fram til våre dagar har hatt legendestatus i dei norskamerikanske områda i Midtvesten. Peder Larsen gjekk under namnet ”Store-Per.” Dette namnet fekk han fordi han var så umåteleg stor og sterk. Store-Per kunne gjere same arbeidet som to til tre vanlege menn. Han hadde eit uvanleg godt humør, og han hadde ein eigen evne til å få andre menneske i godt humør. Temperamentet hans skal og ha vore uvanleg stort, og det skal ha hendt meir enn ein gong at han let kjempekreftene sine gå ut over personar han rauk uklar med. Store-Per var og kjend for felespelinga si. Han begeistra folk rundt seg både med salmar og folkemusikk. Peder var ofte hyra inn som spelemann i bryllaup og andre festlege samanhengar.
Store-Per hadde ein uekte son saman med ei jente frå Kinn, men desse banda prøvde han å bryte. Han hadde i fleire år vore mannskap på seglskuter i utanriksfart. Ein gong skal han og ein kamerat frå Egersund ha kasta ti mann ut gjennom vindauget i ei skjenkestove i Arendal. Denne gjengen hadde drive gjøn med Store-Per og kameraten hans og kalla dei for strilar.
Etter å ha lese brevet frå tanta og onkelen i Amerika, bestemte Store-Per og Malene seg for å ta det store steget. Dei fekk med seg to av brørne til Malene, Endre Christenson Tjernagel (17 år) og Jockum Christenson Tjernagel (28 år). Jockum var gift med Anna Osmundsdotter, og dei hadde ein son på fem år. Alle desse fekk billettar til den vesle skonnerten ”Rogaland” som skulle segle frå Stavanger i april 1852. Det var mange fleire frå Sveio som reiste med ”Rogaland” i 1852. Passasjerlista viser at 38 av 92 emigrantar kom frå Sveio. Det var blant anna ein familie med sju barn frå Lie, ein familie med tre små born frå Haukås og ein familie med sju born frå Nygård. Dessutan var seks ugifte menn frå Åse, Årstadleite og Rødmyr med som passasjerar.
Reisa med «Rogaland»
«Rogaland» reiste frå Stavanger den 21. april og var framme i New York den 10. juni. Kaptein om bord var T. C. Jonasen. Etter den korte reisetida å dømme, må vêr og vind ha vore bra på denne turen. Talet på passasjerar avslører at det må ha vore trongt om bord i skonnerten. Men når vêret var godt, fekk passasjerane kome opp på dekk.
Historia fortel at Store-Per greidde og halde humøret og motet til passasjerane oppe med lystig felespel og muntre historier. Om sundagane heldt kapteinen gudsteneste, medan Store-Per spelte fele til salmesongen. Ein gong skal nokre passasjerar ha fortalt Store-Per at dei var engstelege for at dei ikkje kunne språket dei snakka i det nye landet. Med ein munter tone skal han ha svara at dei ikkje hadde grunn til å engste seg, for han kunne snakke eit språk med knyttnevane sine som alle forsto.
Turen fekk ein brå stopp
Store-Per og dei fleste av passasjerane frå Sveio følgde same reiserute som Philipus og Mikkel hadde følgd to år tidlegare. Reisa gjekk greitt heilt til dei gjekk i land frå hjuldamparen i Green Bay nordvest i Michigansjøen. Dei var no komne til Wisconsin. Neste etappe var med ein liten dampdriven elvebåt opp Winnebagoelva. Reisa frå New York hadde teke mykje lengre tid enn dei hadde rekna med. Det var vanleg at denne turen tok tre veker.
Matlageret var i ferd med å gå tomt, og alle i reisefølgjet var glade for at reisa snart var over. Problema starta då dei var komne om lag halvvegs opp elva. Då dei var inne i den tjukkaste skogen, blei passasjen stengd av drivande tømmerstokkar. Båtføraren kommanderte alle passasjerane i land. Han bad dei ta med seg bagasjen sin. Det var ingen i reisefølgjet som forsto engelsk så godt, så det var vanskeleg å vite kva båtføraren sa. Dei trudde dei måtte gå i land frå båten for at han lettare kunne trenge seg forbi tømmerstokkane utan last om bord.
Sjokket var stort då passasjerane såg at elvebåten snudde, og køyrde med full fart nedover elva att. Reisefølgjet sto skrekkslagne og hjelpelause att på land då dei såg elvebåten forsvinne nedover elva. Dei var overlate til seg sjølve midt inne i ein tett og aude skog i eit framandt land, og dei var så godt som tomme for mat. Det einaste dei hadde att var litt salta torsk og litt flatbrød.
Eit nytt sjokk
Etter ei kort rådslaging bestemte dei seg for å sende tre menn ut for å leite etter slektningane sine som skulle bu ein stad i området rundt Waupaca. Dei tre som blei sendt ut var Endre Christenson Tjernagel, Jacob Steffenson Nygård og Steffen Torkildson Årstadleite. Store-Per og ein del andre menn var att for å passe på kvinnene og barna, og for å få tak i mat til det etter kvart så svoltne reisefølgjet. Både Peder Christenson, Philipus Knutson og Mikkel Johannesson skulle bu i dette området med familiane sine. Dei utsende speidarane hadde ikkje fleire ledetrådar å gå etter, enn at retninga var om lag rett vest for der dei var sett i land. Dei visste at oppgåva var som å finne nåla i høystakken, men kanskje dei trefte på folk som kunne vise dei veg?
Då Store-Per trudde at situasjonen var så ille som han kunne bli, fekk han eit nytt sjokk. Langs elvebredda kom eit følgje med indianarkrigarar padlande i kanoane sine. Kanoane gleid lydlaust opp på sletta kor det fortvila reisefølgjet hadde stranda. Indianarane hadde mala seg med krigsmaling, og dei var væpna med knivar, økser, pil og boge og skytevåpen. Store-Per vurderte om han skulle gå til angrep for å skremme dei vekk, men då han såg kor mange dei var, kor atletiske og sterke dei såg ut, og kor mykje våpen dei hadde, forsto han at det ikkje var nokon god idé. Nokre av kvinnene og barna byrja å grine, og resten av gjengen var skrekkslagne då indianarane sakte og utan ein lyd starta å omringe dei. Alle var sikre på at deira siste time var komen.
Redda av fela
Heldigvis, så hadde Store-Per fleire våpen å ty til enn knyttnevar og fysisk styrke. Han hadde fela si. Medan indianarane sto og såg på dei med kjølige blikk, tok Per forsiktig fram fela frå reisekista si. Han spelte ei roleg salme. Ingen ting hende, så han spela ei salme til. Såg indianarane litt vennlegare ut i blikket no? Han heldt fram med spelinga. No drog Per i gong med meir lystige folketonar, og det var tydeleg å sjå at indianarane likte musikken. Nokre av dei fyrte opp eit bål, medan andre fann fram kjøttstykke av ein hjort dei hadde skote. Desse steikte dei på bålet, medan Store-Per heldt fram med å spele på fela si.
Lukta av steikt kjøtt minna våre venner på kor svoltne dei var. Til si store forbausing såg dei at indianarane kom med steikt kjøtt og gav dei. Då indianarane såg kor svoltne mange i reisefølgjet var, fann dei og annan mat i kanoane sine og gav dei. Deretter forsvann dei like raskt og lydlaust som dei hadde dukka opp, men dei kom att neste dag, og dagen etter det, og dei hadde med mat til dei svoltne innvandrarane. Store-Per spela fele for dei, som takk for maten. Historia seier at då misjonerar kom til denne indianarstamma femti år seinare, skal dei ha nynna på dei same norske salmane og folketonane som Store-Per hadde spela for dei.
Speidarane
Korleis gjekk det med dei utsendte speidarane? Eit stykke inne i skogen trefte dei på ein fransk pelsjeger. Dei forsto ikkje eit ord av det han sa, men då han høyrde namnet Waupaca, greidde han å dirigere dei i rett retning. Etter å ha vandra gjennom den tette skogen i ein heil dag, kom dei fram til ei busetting. Endre kunne litt engelsk, etter å ha segla i utanriksfart, så han fekk forklart kven dei leita etter. Dei fekk vite at Philipus og kona Kirsti ikkje budde langt unna. Mikkel Johannesson hadde flytta og busett seg eit stykke vest for Waupaca. Han og kona Anne Marie hadde fått ei jente som no var eitt år gammal. Deira eldste dotter, Dorthe Helene, var blitt tre år gammal.
Dette var godt nytt for dei tre speidarane. Ikkje lenge etter kom Philipus og Kirsti, som hadde høyrd at det var kome slektningar frå heimbygda. Gjensynsgleda var stor og inderleg. Det blei sendt bod på Mikkel, og ikkje lenge etter kom han med ein okse og ei lita vogn. Anne Marie var heime i den vesle tømmerhytta og passa på dei to små jentene. Mikkel og Philipus hadde ikkje berre gode nyheiter å kome med. Det hadde vore mykje vanskelegare å etablere seg i det nye landet enn dei hadde trudd. Dei hadde brukt opp pengane sine for lenge sidan, og dei sleit frå dag til dag med å få nok mat på bordet. Jorda dei hadde kjøpt viste seg å vere lite fruktbar, og det var vanskeleg å få seld jordbruksvarer. Det verste var likevel koleraepidemien som hadde herja i området med ujamne mellomrom heit sidan dei kom for to år sidan. Av deira familie var det berre kona til Peder Christenson som hadde døydd av kolera, men epidemien var ikkje over enno. Dei kunne fortelje om mange dei kjende i nabolaget som koleraen hadde teke.
Mikkel si hytte
Mikkel, Philipus og Kjersi blei med til elvebanken for å hente reisefølgjet. Dei fekk låne to oksar med vogner i tillegg til Mikkel sitt oksespann. Det var ikkje lett å få vognene gjennom skogen, men etter å ha streva i to dagar kom dei fram til elvebredda. Lettinga var stor då dei såg at alle var der og i god form. Det hadde gått fire lange dagar og netter sidan dei tre speidarane hadde lagt ut på den usikre vandringa inn i den mørke skogen.
Det blei ein lang og strevsam tur for å kome til Mikkel si hytte. Det var ikkje plass til så mykje av bagasjen på vognene, så mennene måtte bere kister, og kvinner og barn måtte bere tiner. Det blei sagt at Store-Per gjekk berrfota for å spare på skoa sine, medan han bar ei stor reisekiste på ryggen sin. Endeleg såg dei den vesle tømmerhytta som sto på ei slette i enden av skogen. Hytta var ussel og uferdig. Utanfor hytta såg dei vesle Dorthe. Ho såg forkommen ut. Bestemora, Kirsti, kjende at noko var gale, og sprang mot den vesle jenta. Det var eit sørgjeleg syn som møtte dei inne i hytta. I senga låg Anne Marie død. Ho var full av blodig oppkast. Dei forsto at det var koleraen som hadde teke ho. Inne i hytta fann dei og vesle Kirsti på eitt år. Ho var heilt utmatta, men såg elles ut til å vere i god form.
Sorga var stor då dei måtte gravleggje Anne Marie. Ho var berre 22 år gammal. Dei to små jentene hadde mista mor si, og Mikkel såg seg ikkje i stand til å kunne ta seg av dei. Kirsti og Philipus hadde ikkje anna val enn å ta over omsorga for dei to små jentene. Mikkel blei att aleine i hytta si, medan resten av følgjet drog vidare mot den såkalla Koshkonong-busettinga i Dane County, vest for Milwaukee.
Tigga for å overleve
På turen kom dei ut for eit uvêr dei aldri hadde opplevd maken til heime i Sveio. Det striregna fleire dagar i strekk, og dei fekk oppleve torevêr som var sterkare enn dei trudde var mogeleg. Innvandrarane frå Sveio måtte tigge mat frå nybyggarar dei passerte langs vegen for å overleve. Dei fleste var villige til å gi frå seg ein skvett mjølk, litt mjøl og eit stykke salt kjøtt. Dei overnatta under skjul dei laga av plankar dei fann langs vegen. Plankane blei dekka av åkle dei hadde med seg frå Sveio. Det var ein lite verdig situasjon Philipus og resten av følgjet var hamna i. Heime i Sveio var dei stolte og høgt respekterte folk, og dei var blant dei mest velståande i bygda. I sitt stille sinn tenkte nok mange at dei burde høyrt på åtvaringane og heldt seg heime.
Vel framme i busettinga slo reisefølgjet seg ned for vinteren. Dei fekk låne pengar til å bygge seg små tømmerhytter, og mennene fekk seg jobb som tømmerhoggarar og kanalgravarar. Tømmerhyttene var skrale og lite eigna for den kalde vinteren. I eit amerikabrev er nybyggarane sine tømmerhytter skildra slik: ”Et almindeligt Stuehuus opbygges her paa een Dag, idetmindste til Taget, dets Vægge ere saa aabne, at der mangesteds ere 3 à 4 Tommer imellem hver Stok, og disse Aabninger maa man om Vinteren udfylde med Træsplinter og Leer, for at gjøre dem nogenledes tætte, men dette udfalder tildeels og efterlader Huller, saa at næsten Katte derigjennem kunne have frit Løb. Man har sjelden mere end et Rum, som maa tjene til Koge-, Spise- og Sove-Værelse. Ovenpaa er et Loft, der langtfra ikke er saa tæt som et almindeligt Høloft i Norge; dette maa tjene som Soveværelse, naar flere ere i Huset end der rommes under. At saadanne Beqvemmeligheder, der ere udsatte for Træk og Snedrift, saa at Sengene i slige Tilfælde om Morgenen næsten ere belagte med en Fod dyb Snee, maae have skadelige Følger for deres Helbred.”
Store-Per og familien til Philipus greidde å tene så mykje pengar den første vinteren at dei kunne dra vidare til Fox River-busettinga våren 1853. Her fekk dei kjøpt eit stykke land som dei rydda og dyrka opp. Tilhøva betra seg etter kvart, og dei jobba seg sakte men sikkert opp, og i 1858 hadde Store-Per tent nok pengar til å kunne bryte opp og legge i veg mot betre og meir fruktbar jord i staten Iowa vest for Mississippielva. Dei slo seg ned og etablerte ei heil ny busetting i Scott Township, omtrent midt i Iowa.
Ulykke og død
Store-Per kjøpte eit jordstykke på 650 mål, som han raskt fekk dyrka opp. No såg framtida lys ut for den vesle nybyggarfamilien, men det skulle vise seg at fleire tragediar skulle kome. Store-Per og Malene hadde to jenter. Dei fekk og tre gutar, men alle desse døydde i sitt første leveår. Hausten 1862 var eldstejenta Helga sju år gammal. Det var ein varm haustdag, men det var sterk vind. Per var ute og jobba på jordene sine. Jentene var ute og lekte i det fine vêret. Vinden hadde med seg ein voldsam præriebrann mot farmen til Store-Per. Då Per oppdaga brannen, sprang han til for å berge jentene sine, men han kom for seint. Då han fann Helga, var ho allereie død av brannskadane. Store-Per fekk redda minstejenta, Berta, og husa på farmen blei heldigvis spart for flammane.
Etter å ha kome seg gjennom den tyngste sorga, bestemte Store-Per seg for å kjøpe gåver til kona og minstejenta, for å vise dei kor mykje dei betydde for han. Han hadde ikkje pengar, så difor slakta han ein kalv, og la i veg til Marshalltown med oksespannet sitt for å selje kjøtet. Dagen før hadde han stått og grove ut ein heilt ny brønn på farmen. Den gamle hadde gått tom. Det var frost i lufta denne dagen i februar, og Per hadde stått til livs i det iskalde vatnet medan han grov.
Etter å ha køyrd om lag halve vegen, fekk Store-Per så sterke magesmerter at han blei heilt lamma. Han blei teken hand om av forbipasserande og brakt til lege. Livet hans sto ikkje til å berge. Den 28. februar 1863 døydde den store og sterke nybyggaren frå Lien i Sveio, berre 36 år gammal. Enka etter han, Malene, gifta seg med søskenbarnet til Per, Knut Philipusson, etter at han kom heim som krigsveteran då borgarkrigen var slutt. Historiene knytt til Store-Per og dei andre pionerane frå Sveio er så mange at eg ikkje får plass til dei her, men eg vil kome tilbake til dei i ein seinare artikkel.
Utvandringa etter 1860
Dei som utvandra etter 1860 fekk det på mange måtar lettare enn dei som utvandra i pionertida. Etter 1865 tok dampskipa over for seglskutene. I 1870 reiste over 90 % av dei norske emigrantane med dampskip. Dei fleste kom no via Quebec. Dampskipa brukte berre 12 til 14 dagar på overfarten, og tilhøva om bord var mykje meir komfortable. Reiserutene i Amerika blei og betre organiserte og meir komfortable. Vegar og jernbane blei bygde, og innvandrarane kom til etablerte busettingar. Innvandrarane var etter kvart og betre førebudde på det som venta dei i det nye landet, og dei kjende ofte folk som hadde utvandra før dei, som kunne hjelpe til i etableringsfasen. Amerikareisene blei etter kvart mykje billigare enn dei hadde vore i pionertida, og husmenn og fattigfolk fekk og råd til å reise.
Emigrantane som kom etter 1860, kan takke dei dristige pionerane som torde å forlate alt dei hadde i heimlandet, og legge i veg mot det ukjende. Dei første emigrantane tråkka opp stiar i det nye landet. Historia om pionerane frå Sveio viser at utvandringa kosta dei blod, sveitte og tårer. Samhaldet mellom nybyggarane blei sterkt, og dei tok vare på minnet om den strevsame reisa og alle dei vonde opplevingane dei måtte gjennom før dei fekk etablert seg. Dei tok og vare på minna og tradisjonane frå heimlandet sitt og heimbygda si. Utvandrarane frå Sveio har sett spor etter seg i Amerika. Dei har over 6000 etterkomarar, og dei fleste av desse held til i Midtvesten. Banda mellom utvandrarane og heimbygda deira har vore sterke heilt fram til i dag.