Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Utvandringa frå Sveio til Amerika:
Del 2: Dristige pionerar
Saka var på trykk i Vestavind 21. oktober 2010.
I breva frå utvandrarane finn me mange skildringar av tilhøva i det nye landet. I eit brev blei det skrive: ”Hver Dag her er bedre end Julekvelden i Norge”. I ein annan skildring heiter det: ”Fruentimmere have det bedre her end i Norge, thi de ere meere i Estime her, de har alene at pusle i Huset og kommer aldrig paa Utearbeide. Gamle Folk og de som er vande med at sidde ved Kakkelovnen, frarådes at gjøre Amerikanere af sig.” Andre skildringar tek for seg sjukdom og død på reisa.
”Den 26de om Morgenen, omtrent Klokken 5, Døde et Pigebarn 8de Uger gammelt. Klokken to blev det begravet. Skibstømmermanden gjorde Kiste som blev fylt over det halve med Sand. Derpaa blev Barnet nedlagt som altid er almindeligt. Derpaa sang vi, ”Hvo ved hvo nær mig er min Ende”. Derpaa en Bøn og Jordpaakastelse som forrettedes af Capteinen, derpaa atter en Sang. Saa tog Matroserne Kisten og hævede overbord. Alt gik stille og høitideligt til, og Bølgerne gjemte den lille Kiste ligesaa hurtigt som jorden bliver paaskuffet paa Landet.” Den lange reisa frå New York til Midtvesten var ein like stor påkjenning som sjøreisa. Ein emigrant skriv dette i 1851: ”I ti lange og haarde Dage var vi stuvet sammen som Sviin i Vogner paa Eriekanalen, og vi blev behandlede som Sviin. Døden var vaar stadige følgesven, og efter utallige Begravelser paa Søen kom nu like mange Begravelser på Land.”
Sist veke fekk me vite at over 1100 personar emigrerte frå Sveio fram til 1920. Samanlikna med resten av landet, så var det spesielt mange som utvandra frå Sveio før 1860. Ein stor del av dei tidlege utvandrarane kom frå gardane rundt Tjernagel, og frå gardane vidare nordover langs Bømlafjorden. Gardane rundt Lie og ein del av gardane langs Ålfjorden hadde og mange utvandrarar. Det var unge familiar og unge einslege som reiste, og det var folk med eigedom eller pengar som kunne reise. I denne artikkelen skal me følgje nokre av dei første utvandrarane frå Sveio på den lange reisa. Me skal følgje dei heilt fram til nybyggarområda vest for dei store sjøane. Reisa var både lang og krevjande. Då dei kom fram, skulle det vise seg at ikkje alt var like fantastisk i det nye landet som det folk hadde sett for seg i draumane sine.
Dei første pionerane
Første sveibu som la ut på den lange og usikre reisa mot det løfterike landet, var ein 20 år gammal ungkar frå Emberland. Namnet hans var Johannes Johanneson. Han reiste frå Stavanger våren 1836. Fem år seinare reiste neste sveibu, og det var 20 år gamle Knut Knutson Bjelland. Heile sju år skulle gå før fleire emigrerte frå Sveio. Tre unge ugifte menn reiste i 1848. Året etter utvandra dei tre første familiane frå Sveio. Erik Erikson Haukås reiste med kone og tre barn. Dottera Marthe Elisabeth Aseline var berre eitt år gammal. Dette året reiste og ein familie med tre born frå Økland i Valestrand. Frå Tjernagel reiste Peder Christenson og kona Berthe Marie Halvorsdotter. Begge var i slutten av 20-åra, og dei hadde med seg barna Ole Andreas på to år og Christen på eit halvt år. Peder og familien hans budde heime på garden til foreldra på Tjernagel før dei reiste.
I nord grensar Tjernagel til Lien, eller Lio som det heiter på folkemunne. Her budde Philipus Knudson og kona Kirsti Pedersdotter. Familien deira hadde vore råka av fleire tragedier. I løpet av to veker i 1830 døydde alle tre barne deira av ein smittsam barnesjukdom. Som om ikkje det var nok så blei familien brutalt overfallen av eit berykta fantefølje i 1844. Ein av fantane forsøkte å valdta eldstedottera i huset, som då var 14 år gammal. Saman med naboar frå Tjernagel greidde Philipus å overmanne dei fulle fantane og hindre valdtekta. Hendinga sette sitt preg på familien, og overfallet kan ha gjort sitt til at dei vurderte å forlate heimlandet. I 1850 hadde Philupus fire barn som var i live. Det var Anne Marie (20), Helga (18), Knut (16) og Peder (14). Eldstedottera, Anne Marie, var gift med Mikkel Johannesson Lie, og dei hadde dottera Dorthe Helene på eitt år.
Som å gravleggje levande
Mikkel Johannesson hadde lenge hatt lyst til å emigrere, og han greidde å overtyde svigerfaren, Philipus, om at dei ville få ei betre framtid i Amerika. Hausten 1849 kjøpte dei billettar til seg og familiane sine. Dei valde å reise med barken ”Therese”, som skulle segle frå Bergen til New York i midten av juni neste år. Mykje måtte ordnast i løpet av den siste vinteren i heimlandet. Dei sydde klede, tømra kister til utstyr og niste, slakta buskapen og stelte kjøtt, baka flatbrød og gjorde bommar. Philipus selde garden sin, og det blei arrangert auksjon for å få seld alt som dei ikkje kunne ha med seg. Første mai 1850 var Mikkel Johannesen og Philipus Knudsen hos soknepresten og fekk utflyttarattest til familiane sine. Det var tungt å ta farvel med dei som var att. Ein far som tok farvel med dottera si og såg ho gå ned stigen til mellomdekket, skal i ettertid ha sagt at avskjeden var som å gravleggje dottera levande.
Mange i bygda åtvara dei mot å reise. Ein del gjekk så langt at dei viste avsky og forakt mot dei som skulle reise. Presten kom med sine formaningar frå preikestolen i kyrkja for å skremme folk til å bli heime. Dei som reiste blei skulda for å vere ansvarslause og dumdristige, og dei blei skulda for å utsetje familiane sine for eit sjansespel med liv og helse som innsats. Det blei fortalt mange skrekkhistorier om kor ille det hadde gått med mange av utvandrarane. Det var og mykje propaganda for å få folk til å reise, og det var vanskeleg for folk å vite kva dei skulle tru på. Størst tiltru hadde dei til skildringar dei fekk i brev frå slektningar og naboar.
Overfarten
Den 15. juni gjekk Philipus og Mikkel om bord med familiane sine. Då ”Therese” segla ut av hamna i Bergen, tok dei eit endeleg farvel med heimlandet. Det var fleire emigrantar frå Sveio om bord. Til saman var dei 33 sveibuar. Det kjendes trygt at dei var så mange frå same bygda. Frå Apeland reiste Mons Clemetson saman med kone og fire barn. Barna var mellom to og 16 år gamle. Frå Stueland reiste Elling Larson med kone og sonen på ni månadar. Frå Eidsvåg reiste eit ungt ektepar saman med barnet deira på eitt år. Det var ikkje berre familiar som reiste. Frå Valestrand var det to unge ugifte menn og fire ugifte jenter som la i veg.
Barken ”Therese” hadde ei lasteevne på 102 kommerselestar, altså rundt 600 kubikkmeter, og var eigd av bergensreieriet C. Gerh. Ameln. Kapteinen om bord var Christen Lahn. ”Therese” var til vanleg eit lasteskip, og gjorde berre denne eine turen over Atlanteren med utvandrarar. Det var 130 emigrantar om bord, og skipet hadde truleg med anna last i tillegg. Dei aller fleste av emigrantane, eller meir presist 108 passasjerar, hadde sin plass på mellomdekket. Åtte av passasjerane hadde plass i dekkshuset, medan 14 passasjerar hadde lugar. Mikkel og Philipus må ha vore pengesterke, for passasjerlista avslører at begge desse familiane hadde lugarar. Ein billett i eigen lugar kosta to til tre gonger så mykje som ein plass på mellomdekket. Med andre ord så måtte kvar av dei to familiane betale rundt 180 spd for billettane sine, altså like mykje som fem årsløner for ein arbeidskar. Reisa var på mange måtar komfortabel for dei som hadde eigne lugarar, men lugaren hjelpte lite mot uvêret.
På mellomdekket
Tilhøva var meir kummarlege på mellomdekket. Der kosta ein plass for vaksne 20 spd. Barn under 15 år reiste for halv pris. Dei reisande måtte ha minst like mykje pengar som billettane kosta for å kunne kome seg vidare til reisemålet i Amerika. Overfarten kunne vare opptil 12 veker, og dei reisande måtte sørgje for sin eigen mat. Kvar passasjer måtte ha med seg mat til ein verdi rundt 10 spd. Dessutan måtte dei ha med seg sengeklede og kokekar. Drikkevatn og brensel til koking fekk dei om bord.
Her er ei liste over kva dei reisande blei oppmoda til å ha med seg: Tørka og salta kjøtt, tørka og røykt sild, øl, mjøl, erter, kornvarer, poteter, rugkavringar, kaffi, te, sukker, ost og smør. Mot sjukdom burde dei ha med seg: Brennevin, eddik, vin, rosiner, svisker, laksermiddel, svovelpulver, svovelsalve, kamfersprit og Hoffmannsdråpar. For hygienen burde dei ha med nok klesskifte, saltvassåpe og gode lusekammar.
Takhøgda på mellomdekket var dryge to meter. På ”Therese” var det køyer laga av grove bord langs begge sidene av skipet, og det var ei rad med køyer midtskips. Køyene var i to høgder, og det var så vidt mogleg for ein vaksen person å sitje oppreist i køya. Passasjerane låg langskips for å bli plaga minst mogleg med sjøgongen. Det var berre ein trong korridor mellom radene med køyer. Køyene var såkalla familiekøyer med plass til fire vaksne i kvar køye. Maten og mykje av bagasjen til passasjerane blei plassert i rommet under mellomdekket. Kvar dag måtte dei gå ned og hente matforsyningar. Kvar person fekk utdelt tre potter vatn kvar dag. Alle måtte lage mat til seg sjølv. På ”Therese” var det berre ei kabysse kor dei 130 passasjerane skule lage maten sin. Det var ofte lang ventetid for å få kome til med matlaginga. Det var eitt toalett på deling for dei 108 passasjerane på mellomdekket.
Mange hadde med seg for lite mat. Dersom ein var uheldig med vêret og vindtilhøva, kunne turen ta fleire veker lengre enn det som var vanleg. Det hendte at emigrantskip gjekk tomme for drikkevatn og måtte kjøpe vatn til blodpris av møtande skip. Passasjerane måtte ta ekstrakostnadane. Då skipet passerte fiskebankane ved Newfoundland, fekk passasjerane fylle opp matlageret sitt med fisk dei fiska sjølv. Her blei det fiska store mengder med stor og fin torsk frå emigrantskipa. Torsken blei salta i tønner, og denne fisken var redninga for mange på slutten av turen.
Ei stor påkjenning
Overfarten var ei stor påkjenning for mange av passasjerane. Mange var sjøsjuke heile turen, og enkelte var så dårlege at dei ikkje greidde å ta til seg mat og drikke. Før 1860 døydde så mange som 5 % av alle utvandrarane under overfarten. Hygienen var langt frå god og sjukdommar spreidde seg raskt. Både kolera, tyfus, meslingar og difteri herja på mange skip. Emigrantskipa hadde ikkje lege om bord, det var kapteinen som hadde ansvaret for å ta hand om dei sjuke.
Emigrantane om bord på ”Therese” opplevde fleire periodar med dårleg vêr under overfarten. Den verste stormen varte i to veker. Under stormen blei passasjerane sperra inne på mellomdekket. Alle luker måtte stengast, og det var stummande mørkt døgnet rundt. Det var strengt forbode å tenne lys på grunn av brannfaren. Lufta var svært tett og usunn. Det var oppkast i køyer og på dekk, og stanken var ikkje til å halde ut. Mange var sjøsjuke under heile stormen.
Under slike periodar med uvêr var hygienen svært dårleg. Det hendte at epidemiar braut ut. Difteri tok livet av mange. I 1854 braut det ut difteri om bord i emigrantskipet ”Laurvig.” Symptoma var voldsam diare. Dei sjuke hadde blodig oppkast og sterke magesmerter. Til slutt hovna heile kroppen opp, og den sjuke døydde. På ”Laurvig” blei over 20 av passasjerane smitta av difteri. Heile 13 av passasjerane døydde. Mange av dei var barn. Ein av mannskapet døydde og. Det var matrosen Anders Olson Bua frå Sveio.
New York i sikte
Det var heller ikkje uvanleg at det braut ut konfliktar mellom passasjerane på emigrantskipa. Mange folk var stua saman under tronge kår over lang tid. Dei fleste konfliktane kom etter skuldingar om steling. Emigrantane måtte ha alt dei eigde med seg, og det å ha nok pengar med seg til turen vidare frå New York, gjaldt liv eller død. Det var fleire som blei fråstolne alle pengane sine, og desse kom seg ikkje vidare utan å få låne pengar av andre. Mange gjekk til grunne i storbyslummen i New York.
Turen hadde vart i ti veker og fire dagar, då kaptein Lahn segla inn til mottaksstasjonen Castle Garden ved New York. Kalenderen viste 28. august. Før dei fekk legge til kai, måtte det kome lege om bord og sjekke at alle var friske nok til å sleppe inn i landet. Kvar person måtte betale 1,75 $ i landgangspengar. Då dei kom i land, blei papira sjekka og immigrantane måtte registrerast. Opptil hundre skip med immigrantar kunne vere samla ved hamna på ein gong. Ventetida kunne bli lang for innvandrarane.
New York var eit mektig syn for bøndene som kom frå Sveio. Husa var opptil seks etasjar høge, og det var butikkar av alle slag i dei travle bygatene. Språket var eit stort problem for bøndene frå Sveio. Det var mange som utnytta den hjelpelause og desperate situasjonen innvandrarane var i, og tok seg overbetalt for mat, reiser og andre tenester. Mange blei lurt eller rana medan dei veksla pengar. Fleire innvandrar hadde med seg for lite pengar, og måtte difor hoppe av før reisemålet var nådd. Desse gjekk ei usikker framtid i møte.
Den lange reisa til Milwaukee
Målet for Philipos Knutson og Mikkel Johanneson var Milwaukee i staten Wisconsin. Dei hadde høyrd at ein kunne kjøpe god jord til ein billeg penge her. Dessutan budde slektningen deira, Peder Christenson Tjernagel, i dette område. Han hadde som kjent reist til Amerika året før. Avstanden mellom New York og Wisconsin er like stor som avstanden mellom Oslo og Tromsø. Reisa til Wisconsin gjekk over dei store sjøane. Det var mogleg å reise til Buffalo med jernbane, men reisefølgjet frå Sveio valde å reise langs vassvegane. Jernbanevognene immigrantane kunne reise med hadde frakta kveg frå innlandet til New York. Immigrantane blei stua saman som kveg i dei same vognene, og togreisa varte i fleire dagar. Den frykta koleraepidemien spreidde seg i dei overfylte vognene. Mange blei sjuke og døydde på togreisa. Det blei rapportert om vogner fulle av koleralik. Innvandrarane frå Sveio hadde enno koleraepidemien som råka Sveio året før friskt i minnet.
Vassvegane gjekk med dampbåtar frå New York til Albany. Derifrå gjekk det kanalar heilt til Buffalo ved Ontariosjøen. Hestar og oksar drog passasjerbåtane langs kanalane. Frå Buffalo blei innvandrarane frakta med hjuldamparar over dei store sjøane til Milwaukee. Koleraen herja også på denne reiseruta i åra mellom 1849 og 1852. Då reisefølgjet frå Sveio kom i kontakt med slektningen deira frå Tjernagel, Peder Christenson Tjernagel, fekk dei vite at kona hans, Berthe Marie, fekk kolera og døydde like etter at dei var framme i Fox River-busettinga.
Mikkel Johannesson fekk kjøpt eit stykke jord og bygd seg ei lita tømmerstove ved Waupaca, eit stykke nordvest for Milwaukee. Der budde han saman med kona Anne Marie Philipusdotter, og vesle Dorthe Helene. I same området slo også Philipus Knutson seg ned saman med kona Kirsti Pedersdatter og dei tre yngste barna deira; Helga (18), Knut (16) og Peder (14). I neste veke skal me følgje desse to familiane vidare. Me skal bli kjend med slektningane deira og fleire sveibuar som følgde etter og reiste til Amerika to år seinare. Du skal og få bli kjend med Peder Larson Lien, eller ”Store-Per” som han blei kalla, og du skal få høyre nokre av historiene som er knytt til han.