nyhende

Utvandringa frå Sveio til Amerika:

Norske emigrantar i kø for å registrere seg ved framkomst i New York. Dei hadde ennå ei lang og strevsam reise framfor seg. Mange visste ikkje kor store avstandane var i Amerika, og mange hadde teke med seg for lite pengar til å kunne betale for reisa fram til det endelege målet.
Norske emigrantar i kø for å registrere seg ved framkomst i New York. Dei hadde ennå ei lang og strevsam reise framfor seg. Mange visste ikkje kor store avstandane var i Amerika, og mange hadde teke med seg for lite pengar til å kunne betale for reisa fram til det endelege målet.

Del 1: Dristige pionerar

Folk i Sveio hadde høyrt historier om det fantastiske landet som låg på andre sida av det enorme Atlanterhavet. Mange hadde draumar om det gode livet dei kunne få i det nye landet. Her var det uendelege sletter med jord. Ein kunne dyrke korn utan ein gong å måtte gjødsle. Folk åt kveitebrød, og dei hadde oksesteik til kvardags. Dessutan kunne dei tappe sukker rett frå trea i skogen rundt seg. Det blei fortalt historier om at folket som budde der før var utrydda av pest, og at det berre var å forsyne seg av tomme hus og ferdig oppdyrka gardsbruk.Saka var på trykk i Haustvind 2010.

Publisert Sist oppdatert

Del 2 - kjem neste veke

Historia om utvandringa frå Sveio til Amerika held fram i del 2. Då skal me følgje ei gruppe utvandrarar frå Sveio på den lange vegen over Atlanteren. Du kan lese om tronge kår og uvêr under overfarten, og du kan lese om den lange og utmattande reisa frå New York til Wisconsen. I del 3 får du siste del av historia om utvandrarane frå Sveio. Der får me vite korleis det gjekk med nybyggarane frå Sveio i det nye landet. Du kan og lese om Amerikareisa til ei ny gruppe med utvandrarar frå Sveio. Me får bli kjend med legenda Store-Per, og me får vite korleis det gjekk med han og familien hans. Eg kan love at historia både er spennande og dramatisk, men ho inneheld og tragedie og sorg.

Mange i Sveio var så dristige at dei gjorde alvor av draumane sine. For å kunne legge i veg på den lange reisa, måtte dei selje alt dei eigde og ta farvel med alt og alle heime. Reisa var lang og strabasiøs, og det var svært få som visste kva som møtte dei på andre sida av Atlanteren. Dessutan var det svært få som hadde kjenn-skap til det framande språket dei tala i Amerika.

Me veit at mange frå Sveio utvandra til Amerika. Dei fleste i Sveio har slektningar i Amerika som stammar frå desse utvandrarane. I denne og fleire artiklar skal me sjå nærare på utvandringa og utvandra-rane. Me skal finne ut kor mange det var som flytta frå Sveio til Amerika, og me skal finne ut kven det var som utvandra, og kvar i Sveio dei kom frå. Dessutan skal me finne ut kva periodar det utvandra flest, og me skal finne ut kor i Amerika innvan-drarane frå Sveio slo seg ned. Det er og interessant å sjå på korleis reisa til Amerika var, og det er interessant å vite korleis det gjekk med dei som reiste til det nye landet. Me skal føl-gje ei gruppe utvandrar frå Tjernagel på turen frå Sveio til reisemålet deira i Midtvesten. Historia deira er både spennande og dramatisk. Dei måtte gjennom store påkjenningar og dei fekk oppleve mykje sorg i deira første tid i det nye landet.

Eg har nytta mange ulike kjelder. I presten sine ministerialbøker har eg funne dei som utvandra. Emigrantane måtte ha med seg utflyttingsattest frå presten. Dei som fekk utflyttingsat-test blei skrivne ned i protokollen. Eg har og sett gjennom passasjerlistene til ein del emigrantskip. I tillegg har eg nytta ein del digitale kjelder frå Nasjonalbiblioteket, og eg har henta historier frå nettsida til etterkom-marane til dei første utvandrarane frå Tjernagel.

Overfolka gardar

Folketalet i Sveio steig dramatisk i tiåra midt på 1800-talet. I 1820 budde det om lag 1500 personar i det områ-det som no utgjer Sveio kommune. Femti år seinare hadde folketalet stige med meir enn 150 prosent! I 1870 var folketalet i Sveio tett oppunder 4000. Det er mange årsaker til den formida-ble folkeauken. Betre levekår gjorde at færre barn døydde medan dei var små. Betre hygiene og kosthald førte generelt til at færre døydde og at folk levde lengre. Når folk trass i dette heldt fram med å få mange barn, blei resultatet folkeauke. Det even-tyrlege vårsildfisket førte dessutan til at mange flytte til Sveio. Dermed blei folkeauken enda sterkare.

Folketalet i Sveio-bygdene var så høgt at det var vanskeleg å skaffe seg eit levebrød for dei unge som vaks opp her. I tiåra før 1850, då vårsildfisket var på det beste i Sveio, greidde mange seg godt med inntektene frå sildefisket. Då sildefisket i ein kort periode svikta midt på 1850-talet, såg mange mørkt på framtidsutsik-tene dei overfolka gardane hadde å by på. Mange drøymde om å reise bort for å finne lysare framtidsutsikter. Problemet var at andre stader i distrik-tet, ja faktisk i heile landet, såg ut til å vere like overfolka.

Kvekarar frå Tysvær

Dei første norske utvandrarane var kvekarar frå Tysvær. Dei var leia av sjømannen og eventyraren Cleng Peerson, som hadde vore ein tur og sjekka tilhøva i Amerika så tidleg som i 1821. Dei var 52 personar som la i veg frå Stavanger med sluppen ”Restaurationen” den 4. juli 1825. Då dei gjekk i land i New York, tre månadar seinare, var dei 53 personar. Ein ny verdsborgar var komen til under overfarten. Desse pionerane slo seg ned ved Ontariosjøen i staten New York. Dette området viste seg umuleg å leve i for folk som var vane med det norske klimaet. ”Sluppefolket”, som dei blei kalla, blei hardt råka av mala-ria, gulfeber og andre sjukdommar som er vanlege i sumpområde.

Cleng Peerson gjekk til fots frå Ontariosjøen til Ohio, og vidare til Illinois i 1833. Der oppdaga han Fox River-dalen, som låg sørvest for Chicago. Han tok sluppefolket med seg til Fox River-dalen og etablerte eit norsk nybyggarområde der. Berre halvparten av dei norske nybyggarane var med til Fox River. Sjukdommar og vanskelege levekår hadde teke livet av mange. Fleire hadde flykta i panikk, utan mål og meining, og mange av dei hadde truleg bukka under. Fox River var lenge eit sentrum for norske nybyggarar. Mange av nybyggarane frå Sveio hamna og her, før dei reiste vidare vestover til Iowa.

Det var trongt om plassen på emigrantskipa. Dei fleste passasjerane heldt til på mellomdekket, og køyene var tronge og sto tett. Under uvêr måtte alle lukene stengast, slik at ikkje skipet tok inn vatn. Passasjerane var då innestengde på mellomdekket. Mange sleit med sjøsjuke. Alvorlege sjukdommar som difteri kunne spreie seg, og ikkje alle overlevde reisa.

Rogaland og Hordaland først

Først i 1836 la dei to neste seglsku-tene i veg mot Amerika. Det var to briggar med 167 emigrantar frå Hordaland og Rogaland om bord. Fram til 1840 hadde 1200 emigran-tar forlate Noreg. Utvandringa auka på i 1840-åra. I enkelte bygder herja Amerikafeberen. Dette tiåret flytta om lag 17 000 nordmenn til Amerika. Framleis var utvandringa i stor grad eit Vestlandsfenomen. I 1850-åra akselererte emigrasjonen enda meir, og heile 36 000 nordmenn reiste til Amerika. Mellom 1860 og 1865 var det få som reiste på grunn av den ame-rikanske borgarkrigen og dei blodige indianaropprøra i Midtvesten.

Etter 1865 starta den første store nasjonale utvandringsbølgja. I løpet av ti år emigrerte 120 000 nordmenn. Neste store utvandringsbølgje fann stad mellom 1880 og 1893. I dette tidsrommet reiste 250 000 nordmenn. Den siste store bølja fann stad mel-lom 1900 og 1910. Då reiste 200 000 nordmenn til Amerika. I tiåret fram mot 1920 gjekk utvandringa sterkt tilbake. I 1920-åra reiste dei fleste emigrantane til Canada. Totalt har over 800 000 nord-menn utvandra til Amerika, og Noreg er etter Irland det landet i Europa med flest utvandrarar i høve til folketalet.

Stor utvandring frå Sveio

I Sveio starta utvandringa tidleg. Tabellen nedanfor viser kor mange som utvandra kvart tiår. Det er over-raskande at så mange som 38 sveibuar emigrerte før 1850. I dette tidsrommet var utvandringa frå vårt distrikt heller låg. Me ser at heile 224 personar emi-grerte frå Sveio i 1850-åra. I 1860-åra gjekk talet ned, for så å stige kraftig etter 1870. Dei neste 40 åra utvan-dra så mange som 711 sveibuar til Amerika. Deretter gjekk utvandringa sterkt tilbake fram til 1920.

Totalt har eg funne 1136 personar frå Sveio som emigrerte til Amerika før 1920. Dette utgjer om lag 30 % av folketalet i 1875, og er på linje med utvandringsprosenten for heile landet. Samanlikna med resten av landet, så har Sveio spesielt mange emigrantar i den tidlegaste fasen. Før 1860 har Sveio tre gonger så stor utvandring som landsgjennomsnittet, sett i høve til folketalet. Ein fjerdedel av dei som emigrerte frå Sveio reiste før 1860, medan berre 5 % av emigrantane frå heile landet reiste før 1860.

Kjelde: Ministerialbøker for Finnås, Fjellberg, Sveio, Valestrand og Vikebygd.

Pionerane

Me skal no sjå nærare på dei som emigrerte frå Sveio før 1860. Desse 262 utvandrarane har eg analysert på individnivå for å finne ut kven dei var og kvar dei kom frå. Tida før 1860 blir kalla pionertida, og dei som emi-grerte før 1860 blir kalla pionerar og nybyggarar. Det var dei som utvandra i denne tidlege fasen som bana veg, etablerte busettingar, og la tilhøva til rette for dei som kom seinare.

Utvandringa frå Sveio varierte ein del frå år til år i pionertida. Figuren nedanfor viser kva år som hadde flest utvandrarar. Talet på emigrantar frå Sveio steig jamt frå 16 i 1849 til 42 i 1852. I 1853 var det ingen som reiste, medan utvandringa tok seg opp att i 1854. Det var mange som utvandra i åra 1856 og 1857. I toppåret 1857 reiste heile 48 sveibuar til Amerika.

Kjelde: Ministerialbøker for Finnås, Fjellberg, Sveio, Valestrand og Vikebygd.

Gardar med stor utvandring

Me skal no sjå på kvar i Sveio utvan-drarane i pionertida kom frå. Nokre gardar utmerkar seg med svært mange utvandrarar. I området som strekk seg frå Tjernagel til Økland, emigrerte heile 57 personar før 1860. Går me nordover langs dei ytre områda av Valestrand, frå Straumøy i sør til Tittelsnes i nord, finn me 54 personar som emigrerte i pionertida. Gardane Haukås, Bråtveit, Lid og Apeland, som ligg i same område, hadde 43 utvandrarar, medan gardane Hovda, Tveit, Erve og Oa hadde 26 utvandrar. Går me lenger nord langs Ålfjorden, finn me gardane Stueland, Brattestø og Staupe. Her var det 19 som utvan-dra i pionertida. Me kan merke oss at svært få emigrerte frå dei folkerike områda langs Bømlafjorden mellom Mølstre og Buavåg. Det var dessutan svært få som utvandra frå området mellom Framnes og Førde.

Kjelde: Ministerialbøker for Finnås, Fjellberg, Sveio, Valestrand og Vikebygd.

Alder og sosial status

Me kan og sortere emigrantane frå Sveio i aldersgrupper. Då ser me at det var dei unge som reiste til Amerika i pionertida. Tre av fire som reiste var under 30 år. Ein tredel av utvandrarane var barn under 16 år, medan over 40 % var i aldersgruppa 16-30 år. Det at nær 200 personar under 30 år reiste frå bygda i løpet av ein tiårsperiode, må ha sett sine spor i det vesle bygdesamfunnet. Berre 6 %av utvandrarane var over 45 år.

Kjelde: Ministerialbøker for Finnås, Fjellberg, Sveio, Valestrand og Vikebygd.

For å få eit enda klårare bilete av kven utvandrarane var, har eg sor-tert dei etter sosial status. Det store fleirtalet av barn og unge fortel oss at det var mange barnefamiliar som utvandra. To av tre utvandrarar, eller 66 % av emigrantane, var familiar. Til saman reiste 39 familiar frå Sveio til Amerika i pionertida. Til saman hadde dei med seg 94 barn. Fleire av desse var under eitt år gamle. I gjennomsnitt hadde kvar familie med seg 2,4 barn.

Kjelde: Ministerialbøker for Finnås, Fjellberg, Sveio, Valestrand og Vikebygd.

Sjølvstendige sveiokvinner

Berre fem av familiane var husmenn, medan resten var sjølveigande bøn-der, eller barn av sjølveigande bønder. Dette fortel oss at det var folk ganske høgt på den sosiale rangstigen som utvandra i pionertida. Me ser at nes-ten ein firedel av alle emigrantane var ugifte menn. Heile 10 % av dei som reiste var ugifte kvinner. Dette talet er høgt. Einslege kvinner var så å seie fråverande når me ser på statistikken for heile landet. Jentene frå Sveio må med andre ord ha vore meir sjølv-stendige og uavhengige enn jentene i resten av landet.

Den viktigaste årsaka til at så mange einslege jenter frå Sveio kunne reise, var nok at dei hadde tent gode pengar i salteria under vårsildfisket. Inntekter frå vårsildfisket gav mange den kapitalen som skulle til for å kjøpe Amerikabillett. Dermed kan me seie at det gode vårsildfisket førte til at mange utvandra frå Sveio så tidleg. Nokre år med dårleg fiske på midten av 1850-åra, førte til at mange reiste til Amerika i åra som følgde.

Me har sett at over 1100 personar har utvandra frå Sveio til Amerika. Utvandringa var størst mellom 1870 og 1910, men det var over 260 som utvandra frå Sveio før 1860. Me har sett at enkelte gardar og enkelte område i Sveio utmerkar seg med mange utvandrarar i pionertida. Gardane rundt Tjernagel var eit slikt område. Det var dei unge som reiste til Amerika i den tidlegaste fasen. Dei fleste som utvandra var unge barnefamiliar og unge ugifte menn og kvinner.

Powered by Labrador CMS