nyhende
Fire lokale bilfagfolk svarar:
Dekkhotell, stell av bilen etter salting og typiske feil på EU-kontroll
- Er ordninga med dekkhotell populær, og kva er fordelane med dette?
- Kva er viktig å tenkja på etter ein vinter med mykje salting på vegane?
- Kva er typiske feil som blir avdekka på ein EU-kontroll?
![]() |
Kristian Saltvedt, Last Haugesund AS 1. Ordninga med dekkhotell er veldig populært, fordelen er at dekka ligg lagra i god temperatur og blir vaska og stelt før lagring. 2. Ein god vask, og vaska ofte med underspyling for å få vekk salt som har samla seg under bilen. 3. Den mest vanlege feilen me ser er utslitte bremser eller bremseskiver med for mykje rust på. |
![]() |
Olav Hovland, teknisk leiar, Førde Auto AS:
1. Fordeler med dekkhotell er at bileigar slepp å ha hjula liggande heime, det blir og lettare ved neste skift då me går over dekka og evnt får gitt anbefalingar om dekk som bør skiftast før datoen plutselig er der. Ja, ordninga har vore svært populær for vår del. 2. Generell god bilvask, spyla godt med vatn der ein kjem til. Ein treng ikkje bruka høgtrykkspylar inn på bremser men vanlig hageslange og tolmod fjernar saltet. 3. Feil i hjuloppheng som for eksempel fjærbrudd og slitasje i kuler, feil ved bremser som er rusta eller henger på. Feil ved lys og noko avgassrelatert/motorfeil. |
![]() |
Marius Larsen, kundemottakar/delelager/teknisk leiar, Sveio Auto:
1. Dekkhotell har blitt veldig populære dei siste åra, då dekk og felgar har blitt større og tyngre på nyare biler, og nye bilar blir ofte ikkje levert med jekk heller. Fordelane er at felgar og dekk blir vaskat og lagra på rett måte. Dekk blir sjekka for mønsterdjupne, alder og eventuelle skader før montering. Dekk blir fylt med rett trykk og felgar montert med rett moment. 2. Få vaska bilen skikkeleg, gjerne med underspyling. Understellsbehandling er å anbefala då me ser mykje relativt nye bilar med store rustangrep som lett kunne blitt unngått med behandling. Vil også anbefala å smørja opp bremsene så dei ikkje rustar fast og gir unødig rask slitasje og rust på skiver. 3. Feil på lys og bremser er den store gjengangaren. |
![]() |
Øystein Kinn, eigar og teknisk leiar Haukås bilverksted:
1. Kan bekrefta at dekkhotell er populært. Eitt hjulsett tar ganske mykje plass, og med til dømes ein leiligheit vil det vera marginalt med plass og dekka blir liggjande ute. «Gutta» på dekk fritid vaskar og kontrollerer dekk/hjul og om det er behov for nye dekk, blir dette ordna etter avtale. Me har også god samarbeidsordning med kundar som ønskjer dekkomlegging ved for eksempel service hos oss, så fiksar Dekk og Fritid det som har med dekk å gjera. 2. Bremser er spesielt utsett for salt eksponering, diverse delar i bremsesystemet er lite beskytta, og blir ekstremt utsett for salt. Det kan derfor vera lurt med ein skikkeleg spyling i og rundt bremser og hjuloppheng generelt. Generell grundig vask av bilen etter saltesesongen er også lurt. 3. Bremsefeil av ulik art er veldig vanleg. Rust på bremseskiver, dårlege bremserøyr på grunn av rust. Elles er det myke feil med fjæring (knekte fjærer) dårlege foringar i oppheng, slakke foringar og ledd i stabilisatorstag. Det er og ein del feil med lys, dette vera seg manglande lys eller feiljusterte lys. |



