nyhende

Jarle Jacobsen (KrF, t.v.), Lars Einar Hollund (H), Rune Teikari (Frp) og Asle G. Halleraker (Ap) vil diskutere fylkesbyte med innbyggarane i romjula og fram mot folkerøystinga 10. januar. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Jarle Jacobsen (KrF, t.v.), Lars Einar Hollund (H), Rune Teikari (Frp) og Asle G. Halleraker (Ap) vil diskutere fylkesbyte med innbyggarane i romjula og fram mot folkerøystinga 10. januar.

Dei vil diskutere fylkesbyte med deg

Det er mindre enn tre veker igjen til den viktige folkerøystinga om fylkestilhøyrsle for Sveio. — Det viktigaste er ikkje kva du røystar, men at du røystar, seier Lars Einar Hollund (H), Jarle Jacobsen (KrF), Rune Teikari (Frp) og Asle G. Halleraker (Ap).

Publisert Sist oppdatert

Dei temabaserte folkemøta om fylkesbyte er nyleg over, og det er knappe to veker igjen til sveibuen skal røyste over kva fylke han og ho vil høyre til i framtida. For å halde saka varm, og engasjementet oppe blant folk, tas det no eit nytt tverrpolitisk initiativ til ein valkamp-innspurt. Målet er at folk flest skal få høve til ein siste diskusjon om fordelar og ulemper med å skifte fylke eller ikkje, som eit bidrag til å så god valdeltaking som mogeleg.

— Det er eit særs viktig val som skal takast. Folk bør no spørje seg sjølv om kva dei trur er best for framtida, til dømes når det kjem til mogelegheiter for å påverke busstilbod og utdanningstilbod for elevane i vidaregåande skule. Difor ønskjer me å diskutere og minne folk om kva som står på spel, seier firkløveret Lars Einar Hollund (H), Jarle Jacobsen (KrF), Rune Teikari (Frp) og Asle G. Halleraker (Ap).

Ved  butikkane

Dei tek sikte på å stille seg opp ved butikkar både i Sveio sentrum, Auklandshamn, Førde og Valestrand gjennom romjula for å diskutere saka. Alle fire meiner det finst flest gode argument for å bli ein del av Rogaland. Men dei vil også invitere meiningsmotstandarar, som dei og har i eigne parti, for å vere med på diskusjonen.

Dei viser til at folkerøystinga blir gjennomført for å kunne gi kommunestyret eit best mogeleg grunnlag å ta ei avgjerd kring om Sveio kommune skal søke fylkesbyte eller ikkje. 

— Fylkesbyte er ei sak som ikkje diskuterast kvart år, og det skal tas eit val som nok blir ståande i alle fall 10-15 år framover, trur dei.

Folkerøystinga finn stad 10. januar. Førebels ligg det an til at kommunestyret skal ta endeleg stilling til fylkesbyte i sitt første møte etter nyttår, det vil seie i slutten av februar månad. Går det mot fylkesbyte må ein søknad gå til kommunal- og moderniseringsdepartementet i vinter. Dette for å syte for at sveibuar blir valbare til neste fylkestingsval i Rogaland.

— Viktigast at du røystar

Og då er det viktig at så mange som mogeleg nyttar si rett til å røyste, og dei minnar spesielt dei unga om at det handlar om deira framtid som sveibuar.

— Som kommunestyrerepresentant er difor ikkje det viktigaste kva du røystar, men at du røystar, poengterer Rune Teikari.

Alle fire håpar på ei god valdeltaking som gjer at kommunestyret får eit resultat på bordet som har legitimitet.

Politikar-kvartetten, og truleg fleire med, vil bli å finne for ein fylkesprat allereie i romjula, sannsynlegvis med oppstart om ettermiddagen måndag 27. desember i Sveio senter.

— Det er litt krevjande å finne fasongen, i høve til koronapandemien. Men vi skal sørge for at det blir greitt i høve til smittevern, lovar dei.

Powered by Labrador CMS