nyhende

Bildet er tatt i 2019, like etter valet. F.v. Håkon J. Skimmeland (Ap), ordførar Linn Therese Erve (Ap), varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) og Rune Teikari (Frp).
Bildet er tatt i 2019, like etter valet. F.v. Håkon J. Skimmeland (Ap), ordførar Linn Therese Erve (Ap), varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) og Rune Teikari (Frp).

Dei raud-blå får fire nye år

Skuffelsen varte ikkje lenge for Linn Therese Erve. No blir ho ordførar for Arbeidarpartiet i Sveio likevel.

Publisert Sist oppdatert

Det har vore nokre turbulente veker i politikken i Sveio. Gleda varte ikkje lenge for Linn Therese Erve og partikollegaene etter valet, sjølv om dei sanka inn 28,4 prosent av stemmane i kommunen.

Fleire dagar etter kunne det sjå ut som at det var ho som skulle bli ordførar, men så endra det seg. I nokre veker var det eit grøn-blått skifte det skulle bli, då med Monica Vandaskog Valen i Senterpartiet som ordførar, og Lars Einar Hollund i Høgre som varaordførar.

– Eg var skuffa, mest over prosessen opp til det valet som blei tatt der, men slik er forhandlingane i etterkant av eit val. Men eg hadde forsona meg med at me skulle sitja i opposisjon, og hadde starta med det arbeidet, fortel ho.

Vil utvikla Sveio

No derimot, er det berre smil å sjå frå 37-åringen, som til dagleg jobbar som advokat.

– Eg tenkjer dette kjem til å bli kjekt, det er bra å endeleg ha det på plass. Eg gler meg aller mest til å vere med å få utvikla Sveio på heiltid. Eg har vore politisk aktiv her i åtte år, og følar eg har veldig god innsikt i dei politiske prosessane, både administrativt og politisk.

No er ho spent på korleis det vil vera å gå frå å vera advokat på Stord til ordførar i Sveio på fulltid.

– Eg veit ikkje heilt kva kvardagen til ein ordførar inneber, så eg trur det blir utfordrande på mange måtar, men eg gruar meg ikkje. Eg ser på det som veldig viktig at me har eit godt samarbeidsklima, i kommunestyret, og det er noko eg vil jobbe for frå dag ein.

God erfaring

Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) er godt kjent med tralten. 55-åringen som bur på Liereid er glad for at ho får tilliten til å fortsetta som før, nemleg som varaordførar. 

Ho har lang erfaring i det å styra Sveio, ettersom ho forutan det noverande vervet, også har vore ordføraren før. Riktig nok for Høgre, den gong.

– Eg er veldig nøgd. Valet gjekk bra, sjølv om det nasjonalt såg ut til at det blei tynt i rekkene klarte me oss godt her i kommunen. Her sit me med like mange representantar som me hadde førre periode, når Ap har gått ned med to, så me har heldt stand, og me må vera nøgd med det, seier ho.

Nå ser ho fram til å fortsetta samarbeidet i fire år til.

– Det har fungert veldig godt i desse åra, det handlar eigentleg om kva me vil med Sveio. Eg trur at når ein ønskjer noko sterkt nok, så blir ideologien på nasjonalt nivå, ikkje så viktig på lokalt nivå, og me klarar å få ting til saman. Utan eit godt samarbeid og fornuftige folk så hadde me ikkje fått det til. Me skal også klara å få det til dei neste fire åra, konstaterar ho.

Erve er einig med Østebøvik Eriksen om at samarbeidet mellom partia deira har fungert.

– Samarbeidet har vore godt dei siste fire åra. Eg synest me har klart å få til mykje, og det er fornuftige, ressurssterke menneske som er valt inn for Frp, til trass for at me sentralt sett er ideologisk ulike. I Sveio kan eg ikkje sjå at me ønskjer så veldig mange ulike ting, me ønskjer å jobbea i same retning, seier Erve.

Avvisar «skittent spel»

Ap og Frp mangla to mandat for å få ordførar og varaordførar i Sveio. Grunnen til at dei no har fått desse verva er at dei har fått støtta frå dei politisk uavhengige kommunestyre-representantane Stian Nygård og Ole Johan Sveen. 

Dei er begge tidligare Høgre-medlem, men meldte seg ut for over to veker sidan. Dermed mista Sp, H, KrF og MDG fleirtalet. I etterkant har det vore spekulert både i kommentarar på sosiale medier og seinast i lesarbrevet i Vestavind denne veka, om desse to har meldt seg ut fordi nokon i opposisjon har oppfordra dei til det.

Det avkreftar forhandlingsleiar i Ap, Håkon J. Skimmeland blankt.

– Nei. Det har me ikkje gjort. Eg kjenner meg skuffa og frustrert over at slike påstandar kjem frå diverse hald. Nå har det gått ei tid siden desse ulike utfordringane gjorde seg til kjenne etter valnatta, og me har vore heilt bevisste på å ikkje engasjera oss på sosiale medier. Me har oppfordra våre medlemmer til å vera litt bevisste på korleis ein går fram på sosiale medier, for det er veldig lett å kasta bensin på bålet og det er ingen tjent med. Me ønskar ro, og me ønskjer å sjå fram mot dei neste fire åra, seier han.

Forhandlingsleiar Rune Teikari (FrP) ristar på hovudet.

– Eg og Skimmeland har drive forhandlingsutvalet for våre parti og dette er sjølvsagt ikkje tilfelle. Eg blir litt overgitt når eg høyrer slikt. Både for Frp og Ap sin del så ønskjer me ikkje å bidra til den negative debatten rundt dette, men me må likevel presisera at det er riv ruskande galt. Ikkje har me gjort det og ikkje kjenner me til det. Me har full respekt for at folk er skuffa og lei seg når ting går galt, samtidig er det slik at ein blir litt overgitt når slike påstandar kjem.

Vil ikkje isolera

– Det hadde heller ikkje vore rett å isolera aktivt dei som har meldt seg ut. Det hadde vore heilt feil. Det var ein frykteleg krevjande situasjon, og me måtte tenka oss godt om, men me har no som kjent konkludert og etablert eit valteknisk samarbeid med dei to uavhengige representantane, seier Teikari.

Den påtroppande ordføraren minnar om at dei tidligare Høgre medlemmane likevel er folkevalde, sjølv om dei ikkje har eit parti i ryggen.

– Kvifor skulle me isolert vekk Sveen og Nygård? Dei er demokratisk valde representantar i kommunestyret, sjølv om dei har valt å melda seg ut av Høgre. Når situasjonen blei slik den blei, så er vårt bodskap at Ap og FrP har prøvd å ta ansvar for å danna eit styringsdyktig fleirtal, og det er det me har gjort. Då må me telle til 13, og dette fleirtalet har me tru på, seier Erve.

Kontakt med alle parti

Det har vore viktig for Ap og Frp å få fram at dei har hatt kontakt med ulike parti heilt til det siste.

– Etter valet var me i kontakt med, og sonderte forhandlingar med, dei fleste partia. Me hadde dialogen open med ulike parti, og spesielt senterpartiet, fram til Sp, H, KrF og MDG inngjekk ein avtale. Basert på Sp sitt vegval, og handlingsmønsteret fram til deira vegval, vart døra til Sp lukka, understrekar Skimmeland.

Arbeiderpartiet hadde også invitert Høgre til samtalar i perioden før Sp, Høgre, KrF og MDG signerte ein avtale.

– Det møtet me hadde med Høgre var svært lite fruktbart og vitna ikkje om reell vilje til samarbeid frå Høgre si side, fortel han.

På bakgrunn av dette, var det uaktuelt for Ap igjen å opne for eit eventuelt samarbeid med Høgre, då Nygård og Sveen stilte partiet sitt eit ultimatum, før dei meldte seg ut. 

– Basert på det møte me allereie hadde hatt meinte me at eit samarbeid med Høgre ikkje ville vore styringsdyktig. Me opplevde at gruppa deira hadde sprukke opp, noko me vurderte som at berre ville komplisera eit vidare samarbeid ytterligare, fortel Skimmeland.

– Me stilte spørsmålsteikn ved initiativet frå Høgre og kvifor dei tok kontakt no i og med at dei hadde signert avtale med Sp, KrF og MDG. For å opna for ny samtale måtte ein hatt støtte frå Ap si gruppe, men på bakgrunn av tidlegare møte med Høgre var det ikkje aktuelt for gruppa vår, fortel Erve.

Denne artikkelen vart først publisert i papiravisa 10. oktober 2019, og er lagt ut på nettavisa med korrekt dato for historikken sin del.

Powered by Labrador CMS