nyhende
Dei opnar kulturfestivalen
Når Valestrand kulturfestival opnar fredag, så er det mellom anna 20 lokale amatørskodespelarar, som gler seg til å vise fram ein gresk komedie som dei har øva på i fire månadar.
«Lysistrata» er tittelen på teaterstykket som vart skriven av komedieforfattaren Aristofanes, og her snakkar me om ein gammal godbit. Stykket vart framført for første gong i år 411 før Kristus. No skal det altså igjen sjå dagens lys, i regi av Marco Thomas og teatergruppa Teartig i Valevåg.
Det handlar om kjærleik og sakn. Ordet «lysistrata» betyr hær-oppløysing, noko som gjer ein viss indikasjon om handlinga.
— Det er gresk komedie, og ikkje noko for sarte sjeler, røper Marianne Lund Lønning.
Ho er ein av dei 20 skodespelarane som sidan januar har øva på stykket.
Kvinnene gjer opprør
Det handlar om kvinner som gjer opprør mot mennene som alltid er ut i krig. No vil dei ha mennene sine heim. Dei okkuperer Akropolis og nektar å vere att heime åleine, med ansvar for hus og barn.
— I byrjinga øva vi ein gong i veka. No har vi øva kvar dag i to og ei halv veke, fortel Lund Lønning, som sjølv har rolla som den eldre kvinna Peitho.
Ho skryt av Marco Thomas som både er regissør.
— Han er utruleg dyktig, han får fram det beste i alle, og her er det ingen som kjenner seg mindre viktig enn andre, skryt ho.
Stykket skal visast tre gonger i løpet av helga.
Ny kulturfestival
Oppsettinga av teaterstykket er ein del av den nye Valestrand Kulturfestival som i helga samlar fleire titals kultur-utøvarar frå heile Sveio. Det heile finn stad på den flotte og særprega Einstadbøvoll gard.
Etter teater-framsyninga fredag, held festivalen fram med konsert med «West Moon» og «West side blues».
Helga består elles av mellom anna malarkurs, teaterkurs, dans og bokbad. Også barn og unge har eit rikt tilbod på dagtid. Fleire lokale kunstnarar har utstillingar.
Og også laurdag kveld blir det konsertar. Det startar med Sveiokonsert, og held fram med Lystgassog Nappenband.
Vêrvarselet for helga er litt blanda.
— Publikum får vel berre førebu litt som om dei skal på Mostraspelet på Bømlo, og ta med seg sitteunderlag og regntøy om det trengst, seier Marianne Lunde Lønning.