nyhende
Dei fullførte då 3.000 andre måtte gi seg
Dei stod inneklemde på startstreken saman med 15.000 andre skientusiastar. Trass i krevjande forhold og rekordmange brot, var Sveio-duoen Aleksander Uri og André Strømmen fast bestemte på éin ting:
– Det blei å fullføra, ja, seier André Strømmen som saman med Uri gjekk årets utgåve av Vasaloppet.
Rennet blei arrangert første gong i 1922, og samlar kvart år tusenvis av skiløparar til den 90 kilometer lange løypa frå Sälen til Mora i Sverige. For Sveio-duoen byrja dagen alt midt på natta.
– Me stod opp klokka 03.00 for å gjera oss klare og koma oss på bussen frå hotellet til startområdet. Det var mykje folk, og fleire bilar og bussar hadde køyrt seg fast, fortel Strømmen.
Ved start venta eit trongt og hektisk felt
– Du har alle sansar skrudde på. Du er mest redd for at utstyret skal ryka, at du får knekt stav eller ski. Det startar 40 mann i breidda og snevrar seg fort inn, så det blir ein skikkeleg flaskehals, seier han.
For dei som gjekk lenger bak i feltet, var det heller ikkje mykje hjelp å få frå spora.
– For eliten var det preparerte spor, men då me kom, var det nesten ikkje spor att. Det var isete, dårleg oppkøyrt og tungt, så du fekk aldri slappa skikkeleg av i beina, seier Strømmen.
Rundt 3.000 deltakarar braut årets renn, men for dei to frå Sveio var det aldri aktuelt å gje seg. Vêret hadde dei dessutan eit avslappa forhold til.
– Mange klaga veldig på vêret, men me tenkte eigentleg at dette var heilt vanleg. Me er vestlendingar og har vore ute i dårleg vêr før, seier Strømmen smilande.
Eit rop i løypa
Uri og Strømmen starta i ulike felt, og trudde difor dei måtte ta rennet kvar for seg. Etter to mil endra det seg.
– Då høyrde eg plutseleg eit rop. Eg hadde gått forbi Aleksander, og då ropa han på meg, fortel Strømmen.
Resten av turen gjekk dei i lag mot mål. Det gav selskap undervegs, men lite rom for koseprat.
– Me prata litt undervegs, men det vart mest småting. Om me skulle stoppa, gå forbi nokon eller justera litt på utstyret, seier han.
Stolte etter målgang
Då forholda letta noko utover i rennet, fekk duoen også meir å gå på, og etter 9 timar og 52 minutt kryssa dei målstreken i Mora.
– Me var letta, men også stolte. Når me i tillegg høyrde kor mange som hadde brote, vart me endå meir stolte etterpå, seier Strømmen.
Sjølv om Vasaloppet blei den største skiutfordringa så langt, var det ikkje første gong dei testa seg i langrennsløypa.
– Me gjekk Birken og Skarverennet i fjor og synest det var veldig kjekt. Då fekk me lyst på ei større utfordring, og Vasaloppet er noko av det største, seier Strømmen.
– Alt i alt hadde me det veldig bra. Det var tungt, men også ei veldig kjekk oppleving, oppsummerer Strømmen, som har sett seg ut Haugesund Backyard Ultra som neste mål.