nyhende

Dei første dosane med covid-19 vaksine er sett

Det har gått 302 dagar sidan landet stengte ned i mars. Perioden har vore prega av usikkerheit, og mange har venta på vaksinen som skulle komma. I dag blei 17 eldre vaksinerte i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag kom ein stor kasse med tre små glas à 15 dosar med vaksine til Sveio. På føremiddagen i dag blei vaksinen blanda og trekt opp i sprøyter på laboratoriet på Sveio omsorgssenter. Janne Dirdal Østerli og Hege Kinn var dei som stod for jobben, både med klargjering og sjølve stikkinga.

– Eg føler jo det er historisk, dette, seier Kinn, medan ho føl med på det kollega Østerli gjer. For to må dei vera, for å sjå til at alt blir gjort rett.

Kjekt å vera i gong

– Det er kjekt å vera i gong, seier Østerli, som også var med på vaksinera mot svineinfluensa. Til dagleg jobbar ho som medisinsk sekretær på omsorgssenteret, medan Kinn leier eit prosjekt for velferdsteknologi. At det blei akkurat desse to denne dagen, er for å ikkje belasta personalet som er med pasientane.

Det er 33 bebuarar på omsorgssenteret, som har prioritert rett på vaksine. Den første gruppa var rangert etter alder, slik at dei eldste fekk først.

Jamt sig framover

– Det er ikkje vaksiner til alle i dag, men i neste veke skal alle som vil ha vaksinen ha fått 1. dose. Det vil koma eit jamt sig med vaksiner framover, og eg håpar at me vil få fleire enn 15 i slengen, for det krevjer ein del ressursar av oss, seier Camilla Selbak, einingsleiar på Sveio omsorgssenter. Ho er glad for at vaksineringa er i gong.

Først på runden med vaksinen var Svein Magne Salvesen. – Har du trua, spør sjukepleiar Hege Kinn, som sette sprøyta. – Eg håpar det. Men ein veit jo ikkje, svarar Salvesen.

Når dei tre glasa er tomme og sprøytene er klare, trillar Østerli og Kinn vogna med utstyr inn på Vestbakken. Første stopp er hos Svein Magne Salvesen.

Flesteparten takkar ja

– Har du trua, spør sjukepleiar Kinn.

– Eg håpar det. Men ein veit jo ikkje, svarar Salvesen, som kan meddela at stikket ikkje gjorde vondt.

Dei som fekk vaksine i dag, vil få påfyll 21 dagar seinare. Dei vil framleis kunne få covid-19, men utan at dei blir sjuke.

– Flesteparten vil ha vaksinen, men ikkje alle, seier einingsleiaren.

Powered by Labrador CMS