nyhende

Andreas Nordentoft Ekrene frå Sveio og FK Haugesund spelte heile kampen mot Østerrike tysdag.ARKIVFOTO: HTG
Andreas Nordentoft Ekrene frå Sveio og FK Haugesund spelte heile kampen mot Østerrike tysdag.

Debuterte frå start for U17-landslaget

Sveibuen Andreas Nordentoft Ekrene spelte for første gong frå start for Noreg sitt U17-landslag i fotball då dei møtte Østerrike i Sverige tysdag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

Landslagstrenar Gunnar Halle let sveibuen Andreas Nordentoft Ekrene frå tillit frå start for første gong i tysdagens U17 landskamp mot Østerrike. Han har tidlegare kome inn som innbytar i kampane mot England og USA i vår.

Testa fleire nye

For tre dagar sidan var sveibuen unytta reserve då laget tapte 0-2 for Danmark. Det vart gjort fleire utskiftingar til Østerrike-kampen.

— Vi har fått testa ut nokre nye og nokre som ikkje har vore med på ei stund. Det var ganske mange nye sidan sist. Det er ein fin mogelegheit for oss til å sjå dei på dette nivået og for spelarane til å matche seg, seier Halle.

Godt spel, men tapte

Østerrike vann kampen 1-0. Sveibuen og resten av laget klarte seg bra, og det bli ifølgje NFF sine egne rapportar karakterisert som utruleg at ikkje Noreg klarte å få ballen i mål. Speiselt førsteomgangen var Noreg det klart beste laget.

Andreas Nordentoft Ekrene hadde ifølgje rapporten frå fotball.no fleire gode involveringar, men pådrog seg også eit gult kort.

Powered by Labrador CMS